Gjennomgått i samarbeid med Norsk logopedforbund (NLF) 16. mai 2025

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.

Arbeidsoppgaver

Logopeden utreder og hjelper menneske med ulike kommunikasjonsvanskar. Dette kan vere problem med stemme, språk og tale. Det kan òg vere taleflytutfordringar som stamming eller laus tale, samt svelgevanskar.

Årsakene til kommunikasjonsproblem er mange. Nokre er fødde med desse vanskane. Andre får dei etter sjukdom eller skade, som hjerneslag eller hovudskadar. Som logoped kan du velje mellom fleire måtar å hjelpe på. Du kan jobbe med førebygging, testing, opplæring, rådgjeving eller rettleiing. Arbeidet ditt vil variere ut frå kvar du jobbar og kva fagområde du vel.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein logoped:

  • utrede språk-, tale-, kommunikasjons-, stemme- og svelgevanskar
  • gje direkte og indirekte hjelp til personar med språk- og talevanskar
  • rettleie foreldre, pårørande og andre fagpersonar
  • vurdere behov for førebygging, diagnostisering, behandling og oppfølging
  • rettleie praksisstudentar
  • bidra til kompetanseheving for barnehage-, skule- og helsepersonell

Som logoped samarbeider du med ei rekke andre yrkesgrupper. Desse kan vere lærarar, barnehagelærarar, spesialpedagogar, pedagogisk-psykologiske rådgivarar og andre tilsette i skoleverket og skolens stønadssystem. Du kan også samarbeide med helsepersonell som legar, psykologar, fysioterapeutar, sykepleiarar og ergoterapeutar.

Kor jobbar logopedar?

Logopedar har fleire ulike arbeidsplassar. Dei jobbar i barnehagar, skular og innan vaksenopplæring. Mange er tilsette i PP-tenesta, ved ressurs- eller kompetansesenter. Nokre logopedar arbeider ved rehabiliteringssenter eller på sjukehus. Innan høgare utdanning bidreg logopedar med undervisning og forsking. Som logoped kan du òg velje å jobbe i private verksemder eller etablere eigen praksis.

Korleis er det å jobbe som logoped?

En mann smiler med hendene i lommene

Logoped

Ole Bjørn Jensen

Ida Braåthen driver egen praksis i Vestfold.

Logoped

Ida Bråthen

Ida har verktøyene for mennesker med større og mindre vansker med språk. – Det beste med mitt valg er at jeg gjør noe meningsfylt både for andre og meg selv, sier hun.

Viktige egenskaper for en logoped

Som logoped må du vere tolmodig, ha empati, forståing og respekt for andre. Du bør like å vere rundt menneske. Som logoped bør du ha gode kommunikasjonsferdigheiter og gode norskkunnskapar. Du bør også vere målmedviten, og evne å jobbe både saman med andre og aleine.

Kva tener logopedar?

Lønnstatistikken for logoped er i same kategori som audiograf.

Korleis utdannar du deg til logoped?

Logopedutdanninga i Noreg er på mastergradsnivå. Det betyr at du må ha fullført ein relevant bachelorgrad eller tilsvarande først. Relevante studium er spesialpedagogikk, pedagogikk, lærarutdanning/barnehagelærarutdanning, ulike helsefag, psykologi og lingvistikk/fonetikk.
Sjå oversikt over masterprogram i logopedi:

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Det finst tilbod om kurs, etterutdanning og vidareutdanning for logopedar, både innanlands og utanlands.

Bedrifter: Kor jobbar logopedar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med logopedar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2340101 - LOGOPED

Andre yrke

Kvinnelig vernepleier hjelper mann i rullestol med en mobiltelefon.

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Sykepleier i blå skjorte med stetoskop rundt halsen.

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar innan psykisk helse hjelper du menneske som har psykiske helseutfordringar.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Spesialpedagog underviser barn.

Spesialpedagog

Ein spesialpedagog legg til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår for personar som har særskilde læringsbehov.