Gjennomgått i samarbeid med Norske medisinfaglige teknikere 17. desember 2021

Obduksjonsteknikar

Ein obduksjonsteknikar utfører obduksjonar, og handterer og steller døde.

Arbeidsoppgaver

Ein obduksjonsteknikar er ein medisinfagleg teknikar som utfører kliniske obduksjonar. Klinisk obduksjon er viktig for å stilla rette diagnosar etter dødsfall. Dette blir gjort for å finna årsaka til at ein person er død, og ofte blir sjukdommar avdekte ein tidlegare ikkje har vore klar over.

Det skilst mellom ein rettsmedisinsk obduksjon, og ein medisinsk obduksjon. Den rettsmedisinske er det politiet som rekvirerer, medan dei medisinske blir rekvirerte av ein lege. Korrekte diagnosar er viktig for at helsestyresmaktene skal få kunnskap om sjukdomsbiletet i befolkninga. Den rettsmedisinske obduksjonen er spesielt viktig når politiet undersøkjer mistenkjelege eller unaturlege dødsfall.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein obduksjonsteknikar:

Obduksjonsteknisk:

  • gjera klar obduksjonssal og utstyr
  • CT-skanning av avdøde før obduksjon
  • måla høgd og vekt
  • utføra den tekniske delen av obduksjon i samarbeid med lege/rettsmedisinar
  • opne kroppen, ta ut og vega organ, inkludert hjerne
  • ta prøver (toksikologi, DNA med meir)
  • ta bilete
  • journalføring, registrering og dokumentasjon i digitale system
  • lukking av snitt, vask og stell av avdøde etter obduksjon
  • reparera skadar ved behov
  • reingjera utstyr og obduksjonsbord

Stell av døydde og kontakt med pårørande:

  • stell av døydde og nedlegg i kiste
  • gjennomføra syning med pårørande
  • balsamering
  • fjerne pacemaker og ICD, eventuelt andre elektroniske implantat
  • leggja til rette for religiøse og kulturelle ritual/vaskesermonier
  • kontakt med pårørande

Logistikk og samarbeid:

  • koordinering av kjølerom (mottak, oppbevaring og utlevering av døde)
  • kontakt med gravferdsbyrå, politi, sjukehusprest, helsepersonell og andre
  • utevakt, bakvakt og utrykking ved behov
  • Avhengig av arbeidsstad kan obduksjonsteknikarar også bidra med:
  • uttak av materiale til forsking
  • tilrettelette for medisinsk prosedyretrening
  • undervisning og rettleiing av studentar og fagpersonar
  • bistand ved katastrofar eller større hendingar

Som obduksjonsteknikar arbeider du sjølvstendig og i tett samarbeid med patologar, rettsmedisinarar og gravferdskonsulentar.

Kor jobbar obduksjonsteknikere?

Obduksjonsteknikarane arbeider i hovudsak på patologiavdelingar ved sjukehus eller rettsmedisinske institutt.

Korleis er det å jobbe som obduksjonsteknikar?

Dame i turkis arbeidsklær, lyshåret flette og briller smiler til kamera. hun står foran en murvegg.

Obduksjonstekniker

Eli-Mathea Olsen

– Mitt fokus er alltid at pårørende skal få ta et verdig farvel etter obduksjonen, sier Eli-Mathea.

Viktige egenskaper for en obduksjonsteknikar

Som obduksjonsteknikar må du kjenna til menneskets anatomi og fysiologi og ha god kunnskap om sjukdomslæra. I dette yrket møter du ofte menneske i sorg og dine empatiske evner er derfor viktige. Du må vera i stand til å utføra oppgåvene på ein varsam og verdig måte. Reinslegheit og god hygiene er viktig i det daglege arbeidet. For å jobba som obduksjonsteknikar bør du også ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er i god fysisk og psykisk form.

Kva tener obduksjonsteknikere?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til obduksjonsteknikar?

Det finst inga formaliserte utdanning for å bli obduksjonsteknikar. Obduksjonsteknikarar kan ha ei rekke forskjellige helsefaglige bakgrunnar, som til dømes sjukepleie eller bioingeniør.

Det finst ein eigen sertifiseringsordning for obduksjonsteknikarar med erfaring frå yrket. Les meir om sertifiseringsordningen hos Norske Medisinfaglige Teknikere (NMT).

Bedrifter: Kor jobbar obduksjonsteknikere?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med obduksjonsteknikere

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7450123 - OBDUKSJONSTEKNIKER

Andre yrke

Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Kvinnelig vernepleier hjelper mann i rullestol med en mobiltelefon.

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.
En kvinne holder en bunke brettede håndklær og smiler mot kamera. Hun har på seg en grå genser og en blå vest. Hun har brunt hår i en hestehale. Hun er innendørs i et rom med hvite vegger.

Heimehjelp

Ei heimehjelp hjelper menneske som treng bistand til daglege gjeremål.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Helsesykepleier måler hodeomkretsen til nyfødt baby.

Helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar gjer du eit viktig arbeid med å ta vare på den fysiske og psykiske helsa til barn og unge.