Gjennomgått i samarbeid med Virke Gravferd 10. desember 2021

Gravferdskonsulent

Ein gravferdskonsulent hjelper pårørande i samband med dødsfall og gravferder. Gravferdskonsulenten ordnar det praktiske, og vil vere ein støtte for pårørande ved dødsfall.

Arbeidsoppgaver

Som gravferdskonsulent hjelpe pårørande i samband med dødsfall og gravferder.

Det er dei etterlatne som bestemmer kor mykje hjelp dei vil ha til praktiske ting i etterkant av eit dødsfall. Gravferdskonsulentane skal informere om ulike løysingar ved gravferd og leggje til rette slik at dei etterlatne kan gjere sine personlege val.

Vanlege arbeidsoppgåver for gravferdskonsulenten:

  • gi råd og rettleiing om kva ein skal gjere i samband med eit dødsfall
  • sende inn meldingar om dødsfall til dei rette instansane
  • organisere det dei pårørande tykker dei treng hjelp til i samband med gravferda
  • stelle den avdøde
  • ha ansvar for å pynte og gjennomføre seremoniar i kyrkje og andre lokale ein brukar til gravferder
  • køyre bårebilen
  • båretransport inn- og utland
  • delta i vaktordning (byrå er tilgjengelege 24 timar i døgnet, 365 dagar i året)
  • ha ansvar for inskripsjonen på gravsteinen 

Kor jobbar gravferdskonsulentar?

Gravferdskonsulentar arbeider oftast i gravferdsbyrå. Dette er ofte små eller mellomstore verksemder, og ofte familieverksemder. Mange gravferdsbyrå går i arv, og borna overtek verksemda etter foreldra. I Noreg finst det i dag om lag 350 gravferdsbyrå. 

Intervjuer

Portrettfoto av en mann ikledd hvit skjorte, svart genser og svart slips som smiler mot kamera. Bak ham ser man toppen av en hvit kiste, og veggen bak ham er hvit.

Gravferdskonsulent

Kristian Thrana Haugland

– Det finnes ingen generalprøve i mitt yrke. I en begravelse går man går alltid rett på premieren, sier Kristian.

Viktige eigenskapar

Du må vere empatisk, flink til å kommunisere og møte pårørande med respekt og omtanke. Som gravferdskonsulent bør du ha ein viss ordenssans og vere ryddig. Du skal kunne utføre alle oppgåver knytt til eit gravferdsoppdrag, og må ha førarkort klasse B for vanleg personbil.

Lønn

Utdanning

Det er ingen krav til formell utdanning for å bli gravferdskonsulent. Gravferdsbyrå som er medlem av Virke Gravferd har diverse kurstilbod til sine tilsette gjennom Virke Gravferd. Virke har òg utvikla grunnkurs for gravferdkonsulentar, som er ei nettutdanning.

Dei som jobbar som gravferdskonsulentar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter gravferdskonsulentar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med gravferdskonsulentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5142101 - BEGRAVELSESBYRÅMEDARBEIDER
  • 5142106 - BEGRAVELSESBYRÅSJÅFØR
  • 5142103 - GRAVFERDSKONSULENT
  • 5142102 - BEGRAVELSESBYRÅASSISTENT

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.

Relaterte lenker