Gjennomgått i samarbeid med Universitetet i Bergen - Institutt for design 25. august 2025

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.

Arbeidsoppgaver

Grafiske designarar lagar visuell kommunikasjon. Dei utviklar visuelle idear, lagar designelement og designkonsept som skal informera, inspirera eller fengja målgrupper. Det kan til dømes vera å byggja opp den visuelle identiteten til ei bedrift eller eit produkt. Målet er at ein bodskap, eit produkt eller ei teneste skal ha ei gjennomtenkt form og utsjånad. Då skal dei som ser eller bruker designet forstå det best mogleg.

Grafiske designarar jobbar både praktisk, estetisk, med teknologi og handverk. Dei jobbar også analytisk, abstrakt og løyser problem. Det betyr at dei kan forma ting konkret og kan visa ein bodskap på ein god måte.

Av og til jobbar grafiske designarar med å utvikla eit design basert på ein kundes idé. Andre gonger gjer designaren heile prosessen. Dei undersøkjer kva designet skal oppnå og kven målgruppa er. Deretter lagar dei ferdig design ved hjelp av designprosessar, tekniske og kunsteriske metodar.

Ved arbeid med merkevarer må ein grafisk designar jobba strategisk. Å jobba strategisk betyr at designaren har sett seg inn i forretningsideen og meininga med merkevara. Dei sørgjer for at designløysinga bidreg til ei oppleving som støttar bodskapen. Derfor bør designarane også vera analytiske. Det betyr at dei kan setja seg djupt inn i noko og sjå samanhengar.

Designarar gir råd til kundar slik at dei kan ta gode val om kommunikasjon. Råda ein designar gir vil vera veldig ulike basert på behovet til kunden. Val av design og bruk av kommuniksjonsplattformer vil variera mykje om kunden driv til dømes nettbutikk, restaurant eller fiskefabrikk.

Grafiske designarar kan også jobba retta mot visuelle idear knytte til samfunnsoppgåver innan politikk, utdanning og organisasjonsarbeid. Dette kan innebera å laga design som skal bidra til å gjera folk merksame, læring eller spreiing av informasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for grafisk designar:

  • ha møte med kundar om prosjekt
  • lage idéar og skisser på moglege visuelle retningar som blir presenterte for kunden
  • utvikle og ferdigstilla eit visuelt konsept som gir ei heilskapleg og god løysing på behovet til kunden. Til dømes ein ny identitet for ei bedrift med logo, designelement og webside
  • utvikle, designe og ferdigstille visuelle element og malar ved hjelp av digitale designverktøy
  • tilpasse, endre eller oppdatere eksisterande design
  • designe innpakning til eit nytt produkt eller eit eige skiltsystem for eit område, til dømes ein flyplass
  • samarbeide med andre faggrupper, som trykkjeri, font designarar, motion designarar, frontend utviklarar, interaksjonsdesignarar, industridesignarar, reklameteam, animatørar, illustratørar, tekstforfattarar, journalistar eller fotografar

Grafisk design endrar seg i takt med teknologien og grafiske designarar må derfor vera oppdatert på metodar, programvare og verktøy, og dessutan trendar, brukarbehov og stilval. 

Oppgåvene til ein grafisk designar varierer mykje med kva rolle dei tek.

Til dømes:

  • kreativ leiar for team av designarar og andre som skaper heilskaplege visuelle konsept og designløysingar for kundar
  • interaksjonsdesignar som kartlegg behovet til brukarane og bidreg til å designa eit sluttprodukt som er enkelt å forstå og bruka
  • illustratør som lagar illustrasjonar som kommuniserer og forsterkar ein bodskap eksempelvis i reklame, informasjonsnettsider og lærebøker
  • pakningsdesigner som sørger for at produkt får ein utsjånad som appellerer til brukarane og kommuniserer innhaldet på riktig måte
  • webdesignar som gjer heile jobben med utviklinga og formgivinga av ei enkel webside

Kompetansen til ein grafisk designar er stadig aktuell i utforminga av trykkåker, animasjonar, logoar, fontar, nettbaserte løysingar, appar, bøker, emballasjar og all anna form for kommunikasjon.

Kor jobbar grafiske designarar?

Grafiske designarar jobbar ofte i design- eller kommunikasjonsbyrå, eller i teknologiselskap. Dei kan òg jobba i bedrifter som har ein design-, marknads- eller kommunikasjonsavdeling. Mange grafiske designarar jobbar som sjølvstendig næringsdrivande.

Bli med ein grafisk designar på jobb

Korleis er det å jobbe som grafisk designar?

En kvinne med langt brunt hår og briller sitter i en stol og smiler til kamera. Hun har på seg ullgenser og jeans, og har hendene foldet i fanget. I bakgrunnen står en fargerik plante på et bord.

Grafisk designer

Randi Eikli Heggset

– Jeg liker at jeg får være kreativ og skape nye ting, og at jeg faktisk får betalt for det, sier grafisk designer Randi.
En mann i svart genser og svart jakke med hvitt for. Han har en svart caps på hodet. Han er inne.

Grafisk designer

Bjørn Are Evjen

– Når man jobber kreativt, må man være forberedt på en del stress og å møte veggen et par ganger før det løsner, forteller Bjørn Are.

Viktige egenskaper for en grafisk designar

For å jobba som ein grafisk designar bør ein vera kreativ og nøyaktig. Ein bør òg vera god til å jobba i team, og ha evne til å lytta til og setja seg inn i både kundar og brukarar av designen sin situasjon.

Kva tener grafiske designarar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til grafisk designar?

Det er stor forskjell på utdanningane på vidaregåande nivå, fagskule og universitet og høgskule. På vidaregåande fokuserer mediegrafikarlinja utvikling av medieprodukt innan mediesektoren. Grafisk design utdanningane på fagskule og bachelorutdanningane omfattar i tillegg å utvikla visuelle konsept og idear til produkt og bedrifter. På masterutdanningane innan design kan du fordjupa deg i ulike område innan design som til dømes industridesign, interaksjonsdesign og tenestedesign.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Fleire kunsthøgskolar tilbyr masterstudium i visuell kommunikasjon. Det finst òg mange mogelegheiter i utlandet.

Kva for ei utdanning er vanlegast for grafiske designarar?

Kva jobbar grafisk designutdanna med?

  • 716410 - Master, design, studieretning grafisk design og illustrasjon, toårig
  • 616412 - Høgskolekandidat,visuell kommunikasjon, toårig
  • 616408 - Høgskolekandidat, grafisk design og visuell kommunikasjon, treårig.
  • 616404 - Diplomstudium, grafisk design, fireårig
  • 516423 - Fagskoleutdanning, grafisk design, halvårig
  • 516416 - Fagskoleutdanning, grafisk design, ettårig
  • 516407 - Fagskoleutdanning, grafisk design, toårig
  • 516403 - Fagskoleutdanning, grafisk design
  • 416411 - Mediegrafikerfaget, Vg3
  • 416408 - Mediegrafikerfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 616420 - Bachelor, grafisk design, treårig
  • 355220 - Grafisk produksjon, VK I
  • 455251 - Grafisk produksjonsteknikk, Vg3
  • 355205 - Grafiske fag, toårig grunnkurs
  • 355206 - Grafiske fag, videregående, grunnutdanning
  • 659909 - Høgskoleingeniørutdanning, grafisk, treårig.
  • 616409 - Høgskolekandidat, illustrasjon og grafisk design, treårig.

Bedrifter: Kor jobbar grafiske designarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med grafiske designarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471129 - WEBDESIGNER
  • 3471104 - GRAFISK DESIGNER
  • 3471123 - SKILTDEKORATØR
  • 3471115 - TEGNER (REKLAME O.L.)
  • 3471114 - REKLAMETEGNER
  • 3471109 - DESIGNER (GRAFISK)
  • 3471118 - WEB-DESIGNER
  • 3471112 - LAYOUT TEGNER
  • 3471113 - MAC-OPERATØR
  • 3471140 - UX-DESIGNER
  • 1234101 - ART DIRECTOR (REKLAME)
  • 3471135 - MEDIEDESIGNER

Andre yrke

Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Mann testar spilldesign på Game Design Expo 2009.

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
Webdesigner foran dataskjerm med kolleger i bakgrunnen.

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.
Spillprogrammerer skriver kode.

Spelprogrammerar

Som speleprogrammerar utviklar du dataspel og interaktive opplevingar. Du lagar desse for ulike plattformer som PC, mobil, konsollar og VR/AR.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skapa liv og rørsle. Som animatør bør du vera kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Statsmeteorolog Rebecca Roggentin studerer snøen nøye på feltarbeid med skredekspert Solveig Øvstedal Kosberg fra NVE og Silje Haaland fra Statens vegvesen. Kommunikasjonsrådgiver Kristin Rosnes Holte fra MET følger spent med.

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.

Relaterte lenker