Gjennomgått i samarbeid med Norsk nevrologisk forening 05. mai 2023

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.

Arbeidsoppgaver

Ein nevrolog er ein lege som er spesialist på hjernen og nervesystemet. Operasjonar i hjernen blir gjennomførte av nevrokirurgar, medan biletframstilling av hjerne og ryggmerg blir gjord av radiologar.

Nevrologar samarbeider tett med radiologar og nevrokirurgar. Dette gjeld utgreiing, planlegging, behandling og oppfølging av pasientar med sjukdommar i nervesystemet. Dei samarbeider også tett med kliniske nevrofysiologar. Desse vurderer mellom anna EEG og ulike undersøkingar av nervar og musklar.

Nevrologen samarbeider også med mange andre fagfolk og yrkesgrupper på sjukehus og i helsevesenet. Døme er logopedar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og nevropsykologar.

Eksempel på sjukdommar der kunnskapen til nevrologen er aktuell: 

  • demens
  • epilepsi
  • hjerneslag
  • hjernesvulstar
  • hovudverk/migrene
  • multippel sklerose (MS)
  • muskelsjukdommar
  • Parkinsons sjukdom
  • polynevropati (at fleire av dei perifere nervane i kroppen ikkje fungerer som dei skal)
  • prolapsar

Barnenevrologer er barnelegar (spesialistar i barnesjukdommar) som har spesialisert seg på nevrologisk sjukdom hos barn.

Som nevrolog vil du møta pasientar med både akutte og kroniske sjukdommar i ulike aldrar. Du vil også møta pårørande. Av og til kan det vera tidkrevjande og vanskeleg å finna korrekt diagnose, og du kan samanlikna nevrologi med «detektivarbeid».

I dette yrket må du vera innstilt på å halda deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling.

Kor jobbar nevrologar?

Dei fleste nevrologar arbeider på nevrologiske avdelingar på sjukehus. Her utfører dei utgreiing og behandling av pasientar, og driv ofte med forsking. Forskinga går føre seg både med utgangspunkt i pasient og i laboratorium. Nokre nevrologar arbeider i private legesenter eller er tilsette ved rehabiliteringsinstitusjonar.

Korleis er det å jobbe som nevrolog?

Dame med hvit frakk, stripete skjorte og håret i hestehale ser inn i kamera og smiler. Det er en hvit vegg i bakgrunnen.

Nevrolog

Eline Ihle Dahl-Hansen

– Det å ende opp som nevrolog med masse kunnskap om hvordan hjernen fungerer, det organet som virkelig styrer hvem vi er, er virkelig verdt det, understreker Eline.
Portrettbilde av Brage. Han har hvit frakk på og brunt krøllete hår.

Nevrolog

Brage Brakedal

Nevrologi er et utrolig spennende fag. Bare siden jeg begynte for 10 år siden har det vært store fremskritt, og mange endringer i hvordan vi behandler pasienter, sier Brage.

Viktige egenskaper for en nevrolog

For å arbeide som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske. Du må ha gode kommunikasjonsevner og evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha god vurderingsevne, ha evna til å handle raskt og takle eventuelle krisesituasjonar.

 

Kva tener nevrologar?

Korleis utdannar du deg til nevrolog?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Kva jobbar medisinutdanna med?

  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter: Kor jobbar nevrologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med nevrologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221112 - NEVROLOG

Andre yrke

En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
En hånd med en plasthanske, holder en kirurgisk saks.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.