Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 21. januar 2025

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.

Arbeidsoppgaver

Ein kriminolog analyserer ulike typar kriminalitet og samfunnsproblem, som narkotikakontroll, vald, gjengar, psykiatri og straffesystem. Kriminologar spesialiserer seg ofte innan bestemte tema. Dei får djup kunnskap om enkelte samfunnsproblem, og mange deltek aktivt i debattar om kriminalpolitikk.

Arbeidsoppgåvene for ein kriminolog vil variere mykje avhengig av arbeidsplass. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kriminolog:

  • saksbehandling
  • forsking
  • prosjektarbeid, for eksempel å senke ungdomskriminaliteten i ein kommune, hindre at tidlegare innsette gjer nye lovbrot etter dei er lauslatne og liknande.
  • arbeidsoppgåver innan helse og omsorg, mellom anna med kriminalomsorg og rusproblematikk.

Som regel blir ikkje kriminologar tilsett med stillingstittelen "kriminolog", men med tittelen "rådgivar", "konsulent" eller "saksbehandlar".

Kriminologar arbeider gjerne tett saman med andre yrkesgrupper, mellom andre statsvitarar, sosiologar, juristar og sosionomar.

Kor jobbar kriminologar?

Mange kriminologar arbeider i sosialsektoren, kriminalomsorga og offentleg forvalting. Kriminologar kan arbeide for eksempel i Politiet, fengselsvesenet, ideelle organisasjonar eller krisesenter.

Korleis er det å jobbe som kriminolog?

Ei dame i mørkeblå skjorte. Hun smiler til kameraet. Bak henne er mange mynter plassert bak glass.

Kriminolog

Camilla J. Bjørtomt

– Det handler om å finne røde tråder og trekke konklusjoner, sier Camilla.
Kriminolog Marte Lie Røtting jobber for NAV med Covid-19 kompensasjoner.

Kriminolog

Marte Lie Røtting

Kriminolog Marte jobber med at alle skal få rett lønnskompensasjon under og etter pandemien. Det er mange rutiner å få på plass og en like ny situasjon for NAV som for alle oss andre.

Viktige egenskaper for en kriminolog

Du må vere samfunnsengasjert. Som kriminolog må du vere ansvarsmedviten og ha evne til å setje seg inn i andre sine problem. Du bør ha empati, men òg vere i stand til å sjå på situasjonar objektivt.

Kva tener kriminologar?

Korleis utdannar du deg til kriminolog?

Kva jobbar kriminologiutdanna med?

  • 837201 - Dr.polit.-utdanning, kriminologi.
  • 737203 - Master, kriminologi, toårig
  • 737202 - Mag.art.-utdanning, kriminologi.
  • 737201 - Cand.polit.-utdanning, kriminologi.

Bedrifter: Kor jobbar kriminologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kriminologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2542112 - RÅDGIVER (KRIMINOLOGI)
  • 2542110 - PLANLEGGER (KRIMINOLOGI)
  • 2542101 - KRIMINOLOG

Andre yrke

Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Obduksjonsteknikaren utfører obduksjonar og steller lik.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
en kvinne i  snakker på en talerstol

Statsvitar

Som statsvitar har du kunnskap om korleis samfunn vert organisert og styrt politisk og av den politiske åtferda til samfunnsborgarane.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Miljøterapeut i svømmebasseng med bruker

Miljøterapeut

Miljøterapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.