Intensivsjukepleiar
Ein intensivsjukepleiar behandlar og pleier pasientar med akutte eller kritiske sjukdommar og skadar.
Arbeidsoppgaver
Intensivsjukepleiarar er autoriserte sjukepleiarar med spesialisering i intensivsjukepleie.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein intensivsjukepleiar:
-
Behandla akutt eller kritisk sjuke pasientar der situasjonen ofte er livstruande og kompleks, og sjukdomstilstanden kan endra seg raskt.
-
Kontinuerleg overvaking og pleie for å halda oppe livsviktige funksjonar hos pasienten.
Ei intensivavdeling er høgteknologisk og yrkt krev bruk av avansert medisinsk utstyr.
Som intensivsjukepleiar har du eit sjølvstendig sjukepleiarfagleg ansvar. Du skal handla forsvarleg, vareta pårørande og sikra autonomien, integriteten og rettane til pasienten. Det betyr at du skal vareta den alvorleg kritisk sjuke pasienten og pårørande på ein omsorgsfull og forsvarleg måte. Intensivsjukepleiaren jobbar med behandlande, helsefremjande, førebyggjande, lindrande og rehabiliterande tiltak.
Intensivsjukepleiarar jobbar tett med andre yrke, som til dømes anestesilegar, intensivister/intensivmedisinere, fysioterapeutar, kirurgar, prestar, barnelegar og liknande.
Som intensivsjukepleiar jobbar du tett med andre yrke, som for eksempel anestesilegar, intensivmedisinarar, fysioterapeutar, kirurgar og liknande.
Kor jobbar intensivsjukepleiarar?
Intensivsjukepleiarar kan jobba på mange ulike avdelingar på sjukehus, som til dømes:
- intensivavdeling
- postoperativ avdeling
- overvakingsavdeling
- barneintensiven
- nyføddavdeling
- brannskadeavdeling
- thorax (hjarte, lunge – og karsystem)
- nevrokirurgisk avdeling
intensivsjukepleiare kan også arbeida i akuttmottak, i ambulanseteneste, på poliklinikkar, bedriftshelseteneste, forsvaret, marinen, plattformer eller båtar. Ein del driv også med undervisning som lærarar for studentar som til dømes vil bli sjukepleiarar.
Bli med ein intensivsjukepleiar på jobb
Korleis er det å jobbe som intensivsjukepleiar?
Intensivsykepleier
Kjetil Skjærset
Intensivsykepleier
Christina Dahlgård Andersen
Viktige egenskaper for en intensivsjukepleiar
Ein intensivsjukepleiar jobbar ofte under press og må vera i stand til å takla krevjande og stressande situasjonar. Du bør ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kunne vareta pasient og pårørande på ein omsorgsfull måte. Du må ha god fagleg innsikt, og kunne formidla ein bodskap på ein klar, korrekt og effektiv måte.
Kva tener intensivsjukepleiarar?
Korleis utdannar du deg til intensivsjukepleiar?
For å bli intensivsjukepleiar må du først ta bachelorgrad i sjukepleie, jobbe i to år som sjukepleiar og så spesialisere deg.
Kva jobbar sjukepleiarar med vidareutdanning i intensivsjukepleie med?
- 661111 - Videreutdanning i sykepleie, intensivsykepleie
- 661103 - Videreutdanning i sykepleie, anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie
- 761110 - Master, klinisk sykepleie, intensiv, toårig
- 661111 - Videreutdanning i sykepleie, intensivsykepleie
Bedrifter: Kor jobbar intensivsjukepleiarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med intensivsjukepleiarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2230101 - INTENSIVSYKEPLEIER