En styrmann i uniform jobber med navigering inne på dekk.
Yrkesskildring

Styr­mann

favoritt ikon

Som styrmann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og lasteoperasjoner.

Som styrmann er du, i likskap med skipsføraren, ein dekksoffiser som arbeider på båt. Båtane kan vere passasjerbåtar så vel som offshore- og handelsskip. Du kan jobbe på båtar som segler over heile verda, alt frå fjerne verdshav til Nordsjøen og norske fjordar.

Vanlege arbeidsoppgåver for styrmannen:

  • navigere og styre båten
  • kommunisere med andre båtar og myndigheiter, blant anna via radio
  • ha ansvar for skipet sine kart og navigasjonsinstrument
  • ha ansvar for tryggleiken om bord, til dømes for vedlikehald av brann- og redningsutstyr
  • samarbeide med kapteinen og andre styrmenn om navigeringa
  • hjelpe overstyrmann ved lasting og lossing i hamnene

I jobben som styrmann må du meistre radar, elektroniske kart og andre høgteknologiske verktøy for å navigere og gjennomføre ei sikker reise. Jobben inneheld mange ulike arbeidsoppgåver.

Styrmenn blir delte inn i fyrstestyrmann og andrestyrmann, der andrestyrmann som regel har mindre erfaring enn fyrstestyrmann. Det er som regel fyrstestyrmann som planlegg skipet si rute og får denne godkjend av kapteinen.

Jobben er organisert i skiftordningar, og du må rekne med å vere om bord i lengre periodar. Særleg på handelsskip arbeider du lenge på havet i slengen, med lange friperiodar etterpå. Maritimt Forum har laga ein film som fortel meir om styrmannsyrket.

Arbeidsstyrken på båten er ofte frå fleire land. På skipet er det som regel éin kaptein, éin overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet på personar om bord varierer mellom skipstypar og fartsområde.

Både styrmann, overstyrmann, los og kaptein går under nemninga dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer ut frå kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeide som styrmann på ei ferje i ein trong norsk fjordarm, og på ein tankbåt som fartar over heile verda. Du samarbeider med fleire yrkesgrupper, til dømes matros, los, motormann og maskinist.

Den naturlege karrierevegen på eit skip er at du etter utdanninga startar som kadett, så styrmann, overstyrmann og eventuelt kaptein. 

Kvar arbeider styrmenn?

Ein styrmann arbeider på handels- og passasjerskip, som tankskip, offshorefartøy og hurtigbåtar, i norske og internasjonale farvatn.

Personlege eigenskapar

Som styrmann er det viktig å vere handlekraftig og nøyaktig. Dersom du ikkje er merksam eller tek ei feil avgjersle, kan det føre til farlege situasjonar.

Du må vere serviceinnstilt og like å arbeide tett med mange menneske. Du vil ha mange døgn på havet, og mange meiner at det å arbeide som styrmann er meir ein livsstil enn ein jobb. For å trivast i jobben er det derfor viktig at du likar å vere på havet, og at du kan vere borte frå heimen i lengre periodar.

Du bør ha plettfri vandel, ettersom dette er eit krav for å få visum til mange av landa skipa kjem innom. 

Utdanning

For å bli styrmann kan du to år på vidaregåande skole og to år i lære i matrosfaget. Etter dette kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Så treng du seglingstid på båt med systematisk opplæring, vanlegvis som kadett, og ta dei naudsynte sertifikata for å bli styrmann.

Fartstid som krev for å få sertifikat:

  • 6 månaders effektiv fartstid (total tid på båt) med opplæring for dei som har fagbrev som matros/fiskar
  • 12 månaders effektiv fartstid (total tid på båt) med opplæring for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
  • 1 månads effektiv fartstid (total tid på båt) for dei som har 36 månaders fartstid som matros/fiskar frå før dei tok til på utdanninga

Det er mogleg å få sertifikat etter eitt år på fagskole, og med dette kan du segle som styrmann på alle skip. Med denne utdanninga vil du ikkje kunne søkje om høgare sertifikat, med mindre du tek meir skole. 

Du kan òg ta ei treårig bachelorgrad i nautikk på universitet eller høgskole. Dette vil gje deg alle navigasjonssertifikata opp til klasse 1 sjøkaptein. Samanlikna med teknisk fagskole er studiet meir teoretisk og inneheld mellom anna fleire fag innan leiingsteori. Etter at du er ferdig med utdanninga di, må du ha 12 månader med systematisk opplæring på båt. I denne perioden reiser du som oftast ut som kadett for å ta dei naudsynte sertifikata.

Du må ha stått på ein helseattest, ha godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma, vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

  • Etter dette kan ein ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Så treng du seglingstid som kadett med systematisk opplæring, og ta dei naudsynte sertifikata for å bli styrmann.

    For å få sertifikat som kadett treng du fartstid:

    • 6 månaders effektiv fartstid med opplæring for dei som har fagbrev som matros/fiskar
    • 12 månaders effektiv fartstid med opplæring for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
    • 1 månads effektiv fartstid for dei som har 36 månaders fartstid som matros/fiskar frå før dei tok til på utdanninga

    Det er mogleg å få sertifikat etter eitt år på fagskole, og med dette kan du segle som styrmann på alle skip. Med denne utdanninga vil du ikkje kunne søkje om høgare sertifikat, med mindre du tek meir skole. 

    Høgskole- og universitetsutdanning

    Du kan ta ei treårig bachelorgrad i nautikk på universitet eller høgskole. Dette vil gje deg alle navigasjonssertifikata opp til klasse 1 sjøkaptein. Samanlikna med teknisk fagskole er studiet meir teoretisk og inneheld mellom anna fleire fag innan leiingsteori.

    Etter at du er ferdig med utdanninga di, må du ha 12 månader med opplæring på båt. I denne perioden reiser du ut som kadett for å ta dei naudsynte sertifikata.

    Sjå oversikt over studiestader

    Opptakskrav

    For å komme inn på yrkesfagleg utdanning, krev det at du har fullført grunnskolen. Dersom du ønsker å kome inn på fagskole, krev det at du har fagbrev som matros eller fiskar, eller har 36 månaders fartstid som matros eller fiskar. For å kome inn på universitet- eller høgskoleutdanninga, krev det som regel at du tok studieforbereding på vidaregåande. I fleire tilfelle gjer òg teknisk fagskole deg mogelegheita til å søkje på universitet og høgskole gjennom y-vegen.

    Få oversikt over studiestader og poenggrenser hos Samordna opptak

Etter- og vidareutdanning
Overstyrmannen må halde seg oppdatert innan fagområdet. Det er derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Det er òg mogleg å vidareutdanne seg til overstyrmann og kaptein, men som regel kjem opprykket eller forfremjinga etter kvart som du opparbeider deg erfaring.

Kva jobbar styrmannsutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Dekksoffiser eller los
Heltid
Alle sektorer
6 525 personer
163 personer
6 362 personer
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
64 370 kr
53 460 kr
64 650 kr
772 440 kr
641 520 kr
775 800 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
66 850 kr
55 360 kr
67 140 kr
802 200 kr
664 320 kr
805 680 kr
Dekksoffiser eller los
Deltid
Alle sektorer
443 personer
431 personer
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
57 150 kr
57 770 kr
685 800 kr
693 240 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
58 150 kr
58 800 kr
697 800 kr
705 600 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Privat
6 078 personer
148 personer
5 930 personer
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
64 050 kr
52 710 kr
64 330 kr
768 600 kr
632 520 kr
771 960 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
65 820 kr
54 180 kr
66 110 kr
789 840 kr
650 160 kr
793 320 kr
Dekksoffiser eller los
Deltid
Privat
420 personer
410 personer
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
57 770 kr
58 360 kr
693 240 kr
700 320 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
58 740 kr
59 360 kr
704 880 kr
712 320 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Statlig
432 personer
417 personer
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
71 870 kr
72 160 kr
862 440 kr
865 920 kr
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
81 070 kr
81 660 kr
972 840 kr
979 920 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
69 480 kr
69 790 kr
833 760 kr
837 480 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
81 870 kr
82 400 kr
982 440 kr
988 800 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.

Illustrasjonsbilde av skipsingeniør

Maritim elektrikar

Som maritim elektrikar er du spesialist på elektriske anlegg, komponentar og instrument om bord på skip.

Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.

En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.

Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyr­mann

Som overstyr­mann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.

Seilbåt på havet.

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nett­mann

Ein bas/nett­mann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.

Spade med fiskefór haldast fram for å kastes ut i merden med fisk.

Produktutviklar fiskefôr

Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.

Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvaret for drifta og vedlikehaldet av det tekniske utstyret og maskinene om bord på skip og flyttbare riggar.

Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.

Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskin­sjef

Som maskin­sjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller ein flyttbar rigg.

Motormann inspiserer motorrommet

Motor­mann

Ein motor­mann held ved like og reparerer motorar og andre mekaniske delar.