Kvalitetssikret av Norsk Sjøoffiserforbund 13. juni 2022

Styrmann

Som styrmann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og lasteoperasjoner.

Arbeidsoppgaver

Som styrmann er du, i likskap med skipsføraren, ein dekksoffiser som arbeider på båt. Båtane kan vere passasjerbåtar så vel som offshore- og handelsskip. Du kan jobbe på båtar som segler over heile verda, alt frå fjerne verdshav til Nordsjøen og norske fjordar.

Vanlege arbeidsoppgåver for styrmannen:

  • navigere og styre båten
  • kommunisere med andre båtar og myndigheiter, blant anna via radio
  • ha ansvar for skipet sine kart og navigasjonsinstrument
  • ha ansvar for tryggleiken om bord, til dømes for vedlikehald av brann- og redningsutstyr
  • samarbeide med kapteinen og andre styrmenn om navigeringa
  • hjelpe overstyrmann ved lasting og lossing i hamnene

I jobben som styrmann må du meistre radar, elektroniske kart og andre høgteknologiske verktøy for å navigere og gjennomføre ei sikker reise. Jobben inneheld mange ulike arbeidsoppgåver.

Styrmenn blir delte inn i fyrstestyrmann og andrestyrmann, der andrestyrmann som regel har mindre erfaring enn fyrstestyrmann. Det er som regel fyrstestyrmann som planlegg skipet si rute og får denne godkjend av kapteinen.

Jobben er organisert i skiftordningar, og du må rekne med å vere om bord i lengre periodar. Særleg på handelsskip arbeider du lenge på havet i slengen, med lange friperiodar etterpå. Maritimt Forum har laga ein film som fortel meir om styrmannsyrket.

Arbeidsstyrken på båten er ofte frå fleire land. På skipet er det som regel éin kaptein, éin overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet på personar om bord varierer mellom skipstypar og fartsområde.

Både styrmann, overstyrmann, los og kaptein går under nemninga dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer ut frå kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeide som styrmann på ei ferje i ein trong norsk fjordarm, og på ein tankbåt som fartar over heile verda. Du samarbeider med fleire yrkesgrupper, til dømes matros, los, motormann og maskinist.

Den naturlege karrierevegen på eit skip er at du etter utdanninga startar som kadett, så styrmann, overstyrmann og eventuelt kaptein. 

Nemninga styrmann brukast også om pilotar

Alle som skal jobbe på skip, og andre flyttbare innretningar til havs, må ha ein helseerklæring som viser at du kan jobbe om bord på et skip. Da skal ein sjømannslege sjekke blant anna syn, høyrsel, din fysiske funksjonsevne. Dette gjeld også lærlingar som skal jobbe om bord.

Hvor jobber styrmenn ?

Ein styrmann arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn. Det kan vera tankskip, offshorefartøy, hurtigbåt og i havbruksnæringa (t.d. brønnbåtar og servicefartøy).

Intervjuer

Portrettbilde av styrmann Odd Arne Holm

Styrmann

Odd Arne Holm

– Som styrmann må du være nøyaktig og kunne stole på deg selv, forteller Odd Arne Holm som jobber som styrmann på fôrbåten Nyksund langs Norskekysten.

Viktige egenskaper

Som styrmann er det viktig å vere handlekraftig og nøyaktig. Dersom du ikkje er merksam eller tek ei feil avgjersle, kan det føre til farlege situasjonar.

Du må vere serviceinnstilt og like å arbeide tett med mange menneske. Du vil ha mange døgn på havet, og mange meiner at det å arbeide som styrmann er meir ein livsstil enn ein jobb. For å trivast i jobben er det derfor viktig at du likar å vere på havet, og at du kan vere borte frå heimen i lengre periodar.

Du bør ha plettfri vandel, ettersom dette er eit krav for å få visum til mange av landa skipa kjem innom. 

Lønn

Utdanning

For å bli styrmann kan du to år på vidaregåande skole og to år i lære i matrosfaget. Etter dette kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Så treng du seglingstid på båt med systematisk opplæring, vanlegvis som kadett, og ta dei naudsynte sertifikata for å bli styrmann.

Fartstid som krev for å få sertifikat:

  • 6 månaders effektiv fartstid (total tid på båt) med opplæring for dei som har fagbrev som matros/fiskar
  • 12 månaders effektiv fartstid (total tid på båt) med opplæring for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
  • 1 månads effektiv fartstid (total tid på båt) for dei som har 36 månaders fartstid som matros/fiskar frå før dei tok til på utdanninga

Fartstida for kadettar omregnes slik at det passar med eit årsverk på land. Timane omregnes til fartstid dagar etter formelen D = (x/1867) * 365, der «D» står for fartstid dagar, «x» står for timar og 1867 er tal timar i basis årsverk basert på 8-timars dag.

Det vil seia at ein 12 timars arbeidsdag tilsvarer 2,35 fartstid dagar. Du må òg ha bestått helseattest, og ha godt *fargesyn og god høyrsle. Viss du har diabetes, allergi og/eller astma vil bli vurdert spesielt før du får godkjent helseattest.

 

Etter- og vidareutdanning
Overstyrmannen må halde seg oppdatert innan fagområdet. Det er derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Det er òg mogleg å vidareutdanne seg til overstyrmann og kaptein, men som regel kjem opprykket eller forfremjinga etter kvart som du opparbeider deg erfaring.

De som jobber som styrmenn har som oftest studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2022. Tall fra høsten 2021.

De vanligste jobbene blant styrmannsutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2022. Tall fra høsten 2021. Forklaring til statistikken
  • 681399 - Maritime navigasjonsfag, uspesifiserte, lavere nivå
  • 681310 - Bachelor, ingeniørfag, nautikk, treårig
  • 681309 - Bachelor, nautikkutdanning, treårig
  • 681307 - Skipsførerutdanning
  • 681306 - Skipsfartsstudium, toårig
  • 681304 - Maritim høgskole, maritim drift, nautisk linje, toårig
  • 681302 - Høgskoleingeniørutdanning, nautikk, treårig
  • 581310 - Fagskoleutdanning, skipsoffiser, nautisk linje – overstyrmann, 1½-årig
  • 581306 - Fagskoleutdanning, nautikk
  • 581304 - Teknisk fagskole, maritime fag med fordypning i nautiske fag/fiskerifag
  • 581301 - Skipsførerkurs
  • 481304 - Styrmannsutdanning

Arbeidsmarked

Her finner du en oversikt over bedrifter som har stillinger i dette yrket eller lignende yrker. Dette kan være nyttig for den som leter etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplasser. Oversikten kan også være nyttig for skoler som vil finne bedrifter de kan samarbeide med.

Bedrifter med styrmenn

Vigo

Informasjon om løpende lærekontrakter og godkjente lærebedrifter hentes fylkesvis fra Vigo. Alle landets fylker har inngått en driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert våre nettsider.

Vi henter nye data fra Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlinger og lærebedrifter hver natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi fra Nav sitt Arbeidsgiver- og arbeidstakerregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivere plikter å registrere sine ansatte i Aa-registeret, blant annet med riktig stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitler (STYRK-koder) å velge mellom. Noen yrker har mange detaljerte og dels overlappende underkategorier, eksempelvis rørleggere, og andre yrker mangler en egen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil forekomme noen unøyaktigheter og feilregistreringer.

Vi har knyttet flest mulig av Nav sine 9000 stillingstitler opp mot 600 yrkesbeskrivelser på Utdanning.no. Dette er en manuell prosess og feil kan forekomme. Vi jobber kontinuerlig med å kvalitetssikre disse koblingene og tar gjerne imot innspill.

Noen stillingstitler fra Aa-registeret er koblet til mer enn én yrkesbeskrivelse. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er for eksempel knyttet opp mot yrkene "Møbelsnekker", "Trevaresnekker" og "Industrisnekker". Om en legger sammen stillingstall for disse enkeltyrkene vil det samlede stillingstallet bli for høyt.

Vi innhenter nye data fra Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgenen den 13. i hver måned.

  • 3142122 - STYRMANN
  • 3142101 - DEKKSOFFISER
  • 3142118 - SKIPSFØRER
  • 3142114 - ANDRESTYRMANN
  • 3142108 - FØRSTESTYRMANN

Andre yrke

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Som maritim elektrikar er du spesialist på elektriske anlegg, komponentar og instrument om bord på skip.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.