Kaptein
Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
Arbeidsoppgaver
Som kaptein er du øvste leiar på eit skip, og har ansvar for
- mannskap, passasjerar
- last og utstyr
- navigasjon og trygging
Som kaptein er du den som står ansvarleg overfor arbeidsgivar og myndigheiter.
I tillegg til maritime kunnskapar, må du ha kunnskapar om leiing og økonomi. Kapteinen jobbar skift og må rekna med å vera om bord i lengre periodar.
Kapteinens nestkommanderande og avløysar er overstyrmannen, som vanlegvis har hovudansvar for laste- og losseoperasjoner og behandling av last. Kapteinen høyrer til i leiargruppa på skipet saman med overstyrmann, maskinsjef og førstemaskinist. På eit skip er det som regel ein kaptein, ein overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet tilsette om bord varierer mellom skipstypar og fartsområde.
For å bli kaptein må du få erfaring som styrmann. Den naturlege karrierevegen på eit skip er at du etter utdanninga startar som kadett, deretter kan du bli styrmann, så overstyrmann og til slutt kaptein.
Styrmann, los, overstyrmann og kaptein går under nemninga dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer ut frå kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeida på ei ferje i Noreg og på ein tankbåt i internasjonale farvatn.
Det finst forresten òg kapteinar som er pilotar og tilsette i forsvaret.
Kor jobbar kapteinar?
Kapteinen arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn, det vera seg tankskip, offshorefartøy eller hurtigbåt. Viss du vil segla i internasjonale farvatn, må du vera oppmerksam på at plettfri vandel ofte er eit krav for å få visum i fleire land.
Etter lengre tid som kaptein kan du òg arbeida på land med administrasjon, personalledelse, kvalitets- og tryggingsarbeid, i reiarlagsadministrasjon, maritime bedrifter eller i offentleg sjøforvaltning.
Bli med ein kaptein på jobb
Korleis er det å jobbe som kaptein?
Kaptein
Lars-Morten Grønmo
Viktige egenskaper for en kaptein
Som kaptein er det viktig å vera besluttsom, effektiv og nøyaktig. Ein uoppmerksomhet eller feil avgjerd kan medføra farlege situasjonar. Du må vera serviceinnstilt, god til å samarbeida og like å arbeida tett med mange menneske. Du bør kunna inspirera og leia andre.
Kva tener kapteinar?
Korleis utdannar du deg til kaptein?
Alle som skal jobba på skip, og andre flyttbar innretninger til havs, må ha ein helseerklæring. For å bli kaptein må du må ha godt fargesyn og god høyrsle. Viss du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får helseerklæring.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Kapteinen må halda seg oppdatert innan fagområdet. Det er derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Det er òg mogleg å videreutdanne seg til kaptein, men som regel kjem forfremmelsen etter kvart som du opparbeider deg erfaring. Merk at kaptein og sjøkaptein ikkje er det same. Sjøkaptein er ein beskytta tittel for dei som har sjøkaptein sertifikatet (Dekksoffiser klasse 1). Det er mogleg å vera kaptein på mindre fartøy med lågare sertifikat, men då ikkje sjøkaptein.
Kva jobbar nautikkutdanna med?
- 681309 - Bachelor, nautikkutdanning, treårig
- 681304 - Maritim høgskole, maritim drift, nautisk linje, toårig
- 681303 - Høgskolekandidat, nautisk studium, treårig
- 681302 - Høgskoleingeniørutdanning, nautikk, treårig
- 6813 - Maritime navigasjonsfag
- 581304 - Teknisk fagskole, maritime fag med fordypning i nautiske fag/fiskerifag
- 5813 - Maritime navigasjonsfag
Bedrifter: Kor jobbar kapteinar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med kapteinar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3142121 - KAPTEIN (SJØ)
- 3142113 - SJØKAPTEIN
- 5139125 - AMBULANSEBÅTFØRER
- 3142123 - BÅTFØRER
- 3142105 - LOSBÅTFØRER