Gjennomgått i samarbeid med Norsk psykiatrisk forening 16. februar 2022

Psykiater

Psykiateren er ein lege som undersøker og behandlar personar med psykiske lidingar.

Arbeidsoppgaver

Psykiatri er eit fagområde innanfor medisin som handlar om korleis ein skal forstå, forklare, førebygge og behandle psykiske lidingar. Ein psykiater er ein lege som er spesialist på psykiske sjukdommar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein psykiater:

  • jobbe med førebyggande tiltak, utreiing og behandling av menneske med lette og alvorlege psykiske lidingar, og menneske i krise
  • kartlegge pasientens fysiske og psykiske tilstand gjennom til dømes samtalar, observasjonar og ulike testar
  • behandling ved samtalar og andre tiltak

Du kan velje om du vil spesialisere deg i vaksenpsykiatri eller i barne- og ungdomspsykiatri.

I tillegg finst det mange ulike felt du kan fordjupe deg i, mellom anna i alderspsykiatri, konsultasjonspsykiatri, akuttpsykiatri og rettspsykiatri.

Psykiateren er utdanna lege, og kan i motsetnad til psykologane, bruke medikament i handsaminga av menneske med psykiske sjukdommar.

Mange gangar vil psykiatrar samarbeid med andre faggrupper, som psykologar og sjukepleiarar i behandlinga. 

Kor jobbar psykiatrar?

Dei fleste psykiatrar jobbar på offentlege sjukehus eller poliklinikkar. Nokre jobbar også som privatpraktiserande spesialistar.

Intervjuer

Portrettbilde av psykiater Liliana Lauvsnes

Psykiater

Liliana Lauvsnes

– Som psykiater må du være interessert i hvordan mennesker fungerer både på den kroppslige, men også den psykologiske måten, sier Liliana Lauvsnes.

Viktige eigenskapar

Som psykiater vil du møte på personar som har det vanskeleg. Ein viktig del av arbeidet er samtaler med pasientar, nærskylde, andre yrkesgrupper og ulike offentlege myndigheiter. Det er derfor viktig at du kan omgåst andre på ein måte som vekker tillit. Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode samarbeidsevner. For å bli psykiater bør du også ha interesse for kva som driv mennesket og sjukdomane mennesket kan bli ramma av.

Lønn

Utdanning

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune. De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt.

De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Dei vanlegaste jobbane blant medisinutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter som ansetter psykiatrar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med psykiatrar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221116 - PSYKIATER
  • 2221126 - RETTSPSYKIATER

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.