Lege
Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Arbeidsoppgaver
Hovudarbeidsområdet til ein lege er å førebygga, diagnostisera og behandla sjukdom og skadar. Du må ha gode kunnskapar om kropp og helsa, og vera flink med menneske. Som lege har du ansvar for at den behandlinga du gir er lindrande, effektiv og av god kvalitet.
Legar kan arbeida på alle nivå i helsetenesta, også innan forsking, undervisning og administrasjon.
Vanlege arbeidsoppgåver for legar:
- lytta til pasientane, kartlegga symptom og gjera undersøkingar for å stilla diagnose
- planlegga og utføra behandling
- rettleie pasientar om helse og livsstil
- offentleg forvaltning
- informere pasientar om behandlingar og opplyse om bruk av dosering av medisinar, bivirkningar, risiko også vidare.
Ein kan velja blant mange spesialitetar for vidareutdanning. Blir du spesialist i allmennmedisin, kan du arbeida som fastlege og arbeida med vanlege sjukdommar og helseutfordringar, men også oppdaga sjeldne tilstandar og sjukdommar som må greiast vidare ut i sjukehus.
Du må ha autorisasjon frå Helsedirektoratet for å jobba som lege.
Kor jobbar legar?
Som lege kan du jobba på sjukehus, klinikkar, legekontor, i private praksisar, humanitære organisasjonar, Forsvaret og innan medisinsk forsking.
Bli med ein lege på jobb
Korleis er det å jobbe som lege?
Lege
Ingvild Balstad Pedersen
Allmennlege
Marit Nymoen Aasbrenn
Allmennlege
Øystein Seth Fiskå
Lege
Henrik Storstein Hytten
Viktige egenskaper for en lege
For å kunna arbeida som lege må du vera interessert i å hjelpa menneske, og du må ha gode kommunikasjonsevner. Du må like å lesa og læra nye ting for å halda deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling. Ein viktig eigenskap for ein lege, er evna til å sjå kvart enkelt menneske bak symptoma. Som lege må du òg kunna halda hovudet kaldt i stressa situasjonar.
Kva tener legar?
Korleis utdannar du deg til lege?
Profesjonsstudiet i medisin er eit seksårig universitetsstudium. Studentane er gjennom heile utdanninga jamleg i kontakt med pasientar, og det blir lagt vekt på at praksisen skal vera så allsidig som mogleg. Etter gjennomførd studium søker ein Helsedirektoratet om autorisasjon som lege.
Dei fleste vil videreutdanne seg som spesialist. Spesialistutdanninga for legar er no bygd opp av tre delar; LIS1, LIS2 og LIS3 der LIS er forkortning for Lege I Spesialisering. Det omfattar praktisk teneste, teoretisk undervisning og andre læringsaktivitetar i minst seks og eit halvt år etter tildelt autorisasjon eller lisens. Den første delen (LIS1) er felles for alle spesialiseringar og blir utgjorde av 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunale helse- og omsorgsteneste. Viss du skal jobba som fastlege eller i kommunal legevakt, må du ha gjennomført LIS- 1 tenesta.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Kva for ei utdanning er vanlegast for legar?
Bedrifter: Kor jobbar legar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med legar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2221146 - LEGE I SPESIALISERING (LIS)
- 2221144 - PATOLOG
- 2221143 - AUDIOLOG
- 2221142 - LEGE (PSYKISK HELSEARBEID)
- 2221141 - RADIOLOG
- 2221140 - MEDISINERSTUDENT MED LEGELISENS
- 2221139 - FASTLEGE
- 2221138 - RÅDGIVENDE OVERLEGE
- 2221137 - BEDRIFTSOVERLEGE
- 2221136 - ASSISTERENDE OVERLEGE
- 2221135 - KOMMUNELEGE I
- 2221134 - KOMMUNELEGE II
- 2221133 - HUDSPESIALIST
- 2221132 - ØRE-NESE-HALS-SPESIALIST
- 2221130 - BARNELEGE
- 2221129 - TILSYNSLEGE
- 2221128 - SPESIALLEGE
- 2221127 - RØNTGENLEGE
- 2221126 - RETTSPSYKIATER
- 2221125 - RETTSMEDISINER
- 2221124 - ORALKIRURG
- 2221123 - SEKSJONSOVERLEGE
- 2221122 - ØYELEGE
- 2221121 - BYDELSLEGE I
- 2221120 - BYDELSLEGE II
- 2221118 - LEGESPESIALIST
- 2221117 - TURNUSLEGE
- 2221116 - PSYKIATER
- 2221115 - OVERLEGE
- 2221114 - ORTOPED
- 2221113 - ONKOLOG
- 2221112 - NEVROLOG
- 2221110 - LEGE
- 2221109 - KOMMUNELEGE
- 2221108 - KIRURG
- 2221107 - KARDIOLOG
- 2221106 - GYNEKOLOG
- 2221105 - BEDRIFTSLEGE
- 2221104 - ASSISTENTLEGE
- 2221103 - ANESTESILEGE
- 2221102 - ALLMENNPRAKTISERENDE LEGE
- 2221101 - TURNUSKANDIDAT
- 1228130 - AVDELINGSOVERLEGE
- 2221150 - LEGE I SPESIALISERING, DEL 1 (LIS1)
- 2221150 - LEGE I SPESIALISERING, DEL 1 (LIS1)
- 2221151 - OVERLEGE I PEDIATRI
- 2221152 - LEGESPESIALIST (PEDIATRI)