Gjennomgått i samarbeid med Norsk Sjøoffiserforbund 01. juni 2022

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.

Arbeidsoppgaver

Som kaptein er du øvste leiar på eit skip, og har ansvar for

  • mannskap, passasjerar
  • last og utstyr
  • navigasjon og trygging


Som kaptein er du den som står ansvarleg overfor arbeidsgivar og myndigheiter.

I tillegg til maritime kunnskapar, må du ha kunnskapar om leiing og økonomi. Kapteinen jobbar skift og må rekna med å vera om bord i lengre periodar. 

Kapteinens nestkommanderande og avløysar er overstyrmannen, som vanlegvis har hovudansvar for laste- og losseoperasjoner og behandling av last. Kapteinen høyrer til i leiargruppa på skipet saman med overstyrmann, maskinsjef og førstemaskinist. På eit skip er det som regel ein kaptein, ein overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet tilsette om bord varierer mellom skipstypar og fartsområde.

For å bli kaptein må du få erfaring som styrmann. Den naturlege karrierevegen på eit skip er at du etter utdanninga startar som kadett, deretter kan du bli styrmann, så overstyrmann og til slutt kaptein.

Styrmannlos, overstyrmann og kaptein går under nemninga dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer ut frå kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeida på ei ferje i Noreg og på ein tankbåt i internasjonale farvatn.

Det finst forresten òg kapteinar som er pilotar og tilsette i forsvaret.

Kor jobbar kapteinar?

Kapteinen arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn, det vera seg tankskip, offshorefartøy eller hurtigbåt. Viss du vil segla i internasjonale farvatn, må du vera oppmerksam på at plettfri vandel ofte er eit krav for å få visum i fleire land.

Etter lengre tid som kaptein kan du òg arbeida på land med administrasjon, personalledelse, kvalitets- og tryggingsarbeid, i reiarlagsadministrasjon, maritime bedrifter eller i offentleg sjøforvaltning.

Bli med ein kaptein på jobb

Korleis er det å jobbe som kaptein?

Portrett av kaptein Lars-Morten Grønmo. Han er avbildet på broa på båten, vi ser horisonten ut vinduene. Han er iført mørkeblå genser med tre gullstriper på hver skulder.

Kaptein

Lars-Morten Grønmo

– Du velger egentlig ikke å bli kaptein, det er noe du gjør deg fortjent til, og det er en tillitserklæring, sier Lars-Morten som er kaptein på et konstruksjonsskip.

Viktige egenskaper for en kaptein

Som kaptein er det viktig å vera besluttsom, effektiv og nøyaktig. Ein uoppmerksomhet eller feil avgjerd kan medføra farlege situasjonar. Du må vera serviceinnstilt, god til å samarbeida og like å arbeida tett med mange menneske. Du bør kunna inspirera og leia andre.

Kva tener kapteinar?

Korleis utdannar du deg til kaptein?

Alle som skal jobba på skip, og andre flyttbar innretninger til havs, må ha ein helseerklæring. For å bli kaptein må du må ha godt fargesyn og god høyrsle. Viss du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får helseerklæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Kapteinen må halda seg oppdatert innan fagområdet. Det er derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Det er òg mogleg å videreutdanne seg til kaptein, men som regel kjem forfremmelsen etter kvart som du opparbeider deg erfaring. Merk at kaptein og sjøkaptein ikkje er det same. Sjøkaptein er ein beskytta tittel for dei som har sjøkaptein sertifikatet (Dekksoffiser klasse 1). Det er mogleg å vera kaptein på mindre fartøy med lågare sertifikat, men då ikkje sjøkaptein.

Kva jobbar nautikkutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 681309 - Bachelor, nautikkutdanning, treårig
  • 681304 - Maritim høgskole, maritim drift, nautisk linje, toårig
  • 681303 - Høgskolekandidat, nautisk studium, treårig
  • 681302 - Høgskoleingeniørutdanning, nautikk, treårig
  • 6813 - Maritime navigasjonsfag
  • 581304 - Teknisk fagskole, maritime fag med fordypning i nautiske fag/fiskerifag
  • 5813 - Maritime navigasjonsfag

Bedrifter: Kor jobbar kapteinar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kapteinar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3142121 - KAPTEIN (SJØ)
  • 3142113 - SJØKAPTEIN
  • 5139125 - AMBULANSEBÅTFØRER
  • 3142123 - BÅTFØRER
  • 3142105 - LOSBÅTFØRER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.