Sjukepleiar
Arbeidsoppgaver
Ein sjukepleiar førebygger og behandlar sjukdom. Du kan jobbe med akutt eller kronisk sjuke og med personar som har utfordringar med den psykiske helsa si eller rus.
Sjukepleiarar jobbar med menneske i alle livsfasar, frå fødsel til død. Dei jobbar og med menneske frå alle kulturar og samfunnslag. Derfor er det viktig å vere flink til å kommunisere og samhandle.
Ein sjukepleiar skal ha kompetanse og haldningar som sørger for like tilbod om helsehjelp for alle.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein sjukepleiar:
- helsefremjande og førebyggande arbeid gjennom undervisning og veiledning
- behandle sjukdom og lindre plager og ubehag
- gi omsorg og redde liv
- observere og vurdere tilstanden til pasientane og behov
- administrere medikament og utføre prosedyrer
- lære folk å leve eit liv med sjukdom, meistring og rehabilitering
- utføre helsekontroller
- ta vare på både pasienten og dei pårørende
- delta i fagutvikling og forbedringsarbeid
- bruke teknologi og digitale løysingar som støttar pasientar og pårørande
Ein viktig del av arbeidet til ein sjukepleiar er å koordinere helsetenestene til pasienten og samarbeide med andre yrkesgrupper som er involverte i pasientbehandlinga. Det kan vere pårørande, anna helsepersonell, politi, teknisk personell og liknande. Som sjukepleiar må du kunne leie og ta ansvar for dette samarbeidet.
For å kunne jobbe som sjukepleiar må du søke om autorisasjon etter du har bestått alle eksamenar og praksisperiodar i bachelorgrada. Du får autorisasjon gjennom Helsedirektoratet.
Nokre sjukepleiarar vel etter kvart å ta ei mastergrad eller vidareutdanning og spesialisere seg. Då kan du blant anna bli:
- jordmor
- helsesjukepleiar
- barnesjukepleiar
- anestesisjukepleier
- operasjonssjukepleiar
- intensivsykepleier
- kreftsykepleier
- avansert Klinisk allmennsjukepleiar (AKS)
- sjukepleiarar innan psykisk helse- og rusfeltet
Kor jobbar sjukepleiarar?
På sjukehus jobbar sjukepleiarar på alle avdelingar: på akuttmottak, fødestover, kirurgiske og medisinske avdelingar.
Sjukepleiarar jobbar også på:
- sykehjem
- bo- og rehabiliteringssentre
- helsestasjoner
- i skolehelsetjenesten
- psykisk helsevern
- i bedriftshelsetjenester
- rådgivningstjenester
- Forsvaret.
Sjukepleiarar har hovudansvaret innanfor helsetenesta i kommunane. Dei leiar sjukeheimane og heimesjukepleia. Du kan og jobbe med forsking og undervisning. Det er mogleg å jobbe i utlandet, for eksempel i ein hjelpeorganisasjon.
Bli med ein sjukepleiar på jobb
Korleis er det å jobbe som sjukepleiar?
Sykepleier
Juni Engeberg
Spesialsykepleier innen psykisk helse og rus
Christina Livgard
Anestesisykepleier
Lisa-Mari Øyre
Sykepleier
Erik Tørud
Viktige egenskaper for en sjukepleiar
Ein sjukepleiar må vere omgjengeleg, handle raskt og sjølvstendig. Du bør kunne leie kritiske situasjonar. Du må tørre å ta ansvar og kunne sette deg inn situasjonen til pasienten, slik at du klarer å hjelpe pasienten best mogleg. Du må også vere flink til å kommunisere med både pasient, pårørande og kollegaer. I tillegg må du vere innstilt på å lære å bruke datateknologi og teknisk utstyr, og følge med på forsking innan det du jobbar med.
Kva tener sjukepleiarar?
Korleis utdannar du deg til sjukepleiar?
Viss du ikkje har studiekompetanse kan du på nokon høgskular og universitet søka på sjukepleieutdanninga på grunnlag av realkompetanse.
Videreutdanning
Vidareutdanningane stiller krav til fullført grunnutdanning, autorisasjon som sjukepleiar og vanlegvis å ha jobba eitt til to år som sjukepleiar. Dette kan du lesa meir om på den enkelte viderutdanning.
Kva for ei utdanning er vanlegast for sjukepleiarar?
Kva jobbar sjukepleiarutdanna med?
- 6611 - Sykepleiefag
- 7611 - Sykepleiefag
Bedrifter: Kor jobbar sjukepleiarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med sjukepleiarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3231114 - SYKEPLEIER (PSYKISK HELSEAREID)
- 3231113 - FAGKONSULENT (SYKEPLEIER)
- 3231112 - OPPLÆRINGSSYKEPLEIER
- 3231111 - LEDENDE SYKEPLEIER
- 3231110 - DAGSENTERLEDER (SYKEHJEM)
- 3231109 - SYKEPLEIER
- 3231108 - POLIKLINIKKSYKEPLEIER
- 3231107 - DISTRIKTSLEDER (SYKEPLEIER)
- 3231106 - ASSISTERENDE OVERSYKEPLEIER
- 3231105 - HYGIENESYKEPLEIER
- 3231104 - ASSISTERENDE AVDELINGSSYKEPLEIER
- 3231103 - OFFENTLIG GODKJENT SYKEPLEIER
- 3231102 - HJEMMESYKEPLEIER
- 3231101 - BEDRIFTSSYKEPLEIER
- 2230128 - LEDENDE SPESIALSYKEPLEIER
- 2230127 - RØNTGENSYKEPLEIER
- 2230124 - AVDELINGSSYKEPLEIER
- 2230123 - ANESTESISYKEPLEIER
- 2230122 - PSYKIATRISK SYKEPLEIER
- 2230121 - PEDIATRISYKEPLEIER
- 2230119 - PEDRIATISK SYKEPLEIER
- 2230117 - NARKOSESYKEPLEIER
- 2230116 - BARNESYKEPLEIER
- 2230115 - FAGUTVIKLINGSSYKEPLEIER
- 2230114 - KREFTSYKEPLEIER
- 2230112 - KLINISK SPESIALIST (SYKEPLEIE)
- 2230110 - GERIATRISYKEPLEIER
- 2230107 - SPESIALSYKEPLEIER
- 2230106 - OVERSYKEPLEIER
- 2230104 - OPERASJONSSYKEPLEIER
- 2230103 - ONKOLOGISYKEPLEIER
- 2230101 - INTENSIVSYKEPLEIER
- 1228146 - SJEFSSYKEPLEIER (OFFENTLIG VIRKSOMHET)
Andre yrke
Hudterapeut
Perfusjonist
Aktivitør
Operasjonssjukepleiar
Radiograf
Anestesisjukepleiar
Barnesjukepleiar
Ambulansearbeidar
Helsefagarbeidar
Ortopediteknikar
Vernepleiar