Produktutviklar fiskefôr
Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.
Arbeidsoppgaver
Produktutviklarar som arbeider med fiskefôr, ser etter korleis eksisterande produkt kan forbetrast og korleis nye produkt kan utviklast.
Vanlege arbeidsoppgåver:
- studere ernæringsbehovet til fisken
- undersøke samanhengar mellom fisken sitt fôr og fôrråvarer, fisken si helse, smak og kvalitet
- finne ut korleis fôret best kan setjast saman for å dekke behova til fisken
- tilpasse, teste og forandre foret
Som produktutviklar jobbar du med forskarar og kundar, og samarbeider med andre i verksemda.
Kor jobbar produktutviklarar fiskefôr?
Produktutviklaren jobbar for fôrprodusentar, og jobbar både ute i anlegg og på laboratorium.
Korleis er det å jobbe som produktutviklar fiskefôr?
Produktutvikler fiskefôr
Maja Erichsen
Viktige egenskaper for en produktutviklar fiskefôr
Du bør vere analytisk og like å ta til deg ny kunnskap, sidan feltet er i stadig utvikling. Du bør vere kreativ, nysgjerrig og idérik.
Kva tener produktutviklarar fiskefôr?
Korleis utdannar du deg til produktutviklar fiskefôr?
Det er fleire utdanningar som gjer det mogleg å bli produktutviklar av fiskefôr. I tillegg til utdanningane nemnt nedanfor, kan du studere biologi, ernæringsfysiologi, veterinærstudiet og bioingeniørstudiet. Andre utdanningar kan òg føre til jobb som produktutviklar av fiskefôr.
Bedrifter: Kor jobbar produktutviklarar fiskefôr?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med produktutviklarar fiskefôr
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 8274118 - PRODUKSJONSMEDARBEIDER (FISKEFOR)
- 8274121 - PRODUKSJONSLEDER (FISKEFORPRODUKSJON)
- 8274119 - ARBEIDSLEDER (FISKEFORPRODUKSJON)
- 8274120 - SKIFTLEDER (FISKEFORPRODUKSJON)