Gjennomgått i samarbeid med NSFs faggruppe for kreftsykepleiere 09. februar 2023

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.

Arbeidsoppgaver

Kreftsjukepleiarar er sjukepleiarar med spesialisering innan kreftsjukepleie. Ein kreftsjukepleiar har fokus på heilskapleg omsorg for pasientar i alle aldrar og deira pårørande.

Ansvarsområdet til kreftsjukepleiarar er førebygging, behandling, lindring og rehabilitering til pasientar med kreft.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • lindre symptom 
  • gi støtte og omsorg til både pasientar og pårørande
  • legge til rette og koordinere sjukdomsgangen
  • førebygging, diagnostikk, behandling, lindring og rehabilitering
  • vere til støtte og hjelp i livets sluttfase for døyande pasientar og deira pårørande
  • gi rettleiing til pasientar, pårørande og kollegaer

Kreftsjukepleiarar har òg ei sentral oppgåve innan rettleiing, undervising, utviklingsarbeid og forsking.

Som sjukepleiar har du brei kompetanse i praktisk medisinsk arbeid. Dei konkrete arbeidsoppgåvene kan variere etter arbeidsstad, primæroppgåvene på institusjonen du jobbar og spesialiseringa du har.

Kor jobbar kreftsjukepleiarar?

Som kreftsjukepleiar kan du arbeide innanfor spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, i rehabiliteringsinstitusjonar og ulike private verksemder.

Korleis er det å jobbe som kreftsjukepleiar?

Kreftsykepleier Vibeke smiler til fotografen. Hun er en del av et innsatsteam som kartlegger behovene til pasienter som pleies hjemme.

Kreftsykepleier

Vibeke Tobiassen Faane

Jeg er privilegert som kommer hjem til folk og er det mennesket som ordner opp, sier Vibeke.
Ellen er en pioner i kreft i  Finnmark. Jeg vil gå så langt som å si at det er et skrikende behov for samiske kreftsykepleiere. Det er et stort savn for mange pasienter og pårørende. o

Kreftsykepleier

Ellen Sara M. Pulk

– Spørsmålet for meg koker ned til at du må like å være et medmenneske, stå i det og bruke av all mulig kompetanse for at livet skal bli levelig for pasienter og pårørende.

Viktige egenskaper for en kreftsjukepleiar

Som kreftsjukepleiar jobbar du som oftast med fleire grupper helsepersonell. Du må derfor ha god evne til å samarbeide og kommunisere. Ofte vil du møte menneske i ein vanskeleg livssituasjon, derfor er empati og tillitsskapande evner viktig. Du må også ha evna til å opptre med ro i kaotiske situasjonar og kunne formidle ein bodskap på ein klar, korrekt og god måte. Du må kunne jobbe med teknologi, sidan det ofte blir brukt høgteknologisk utstyr.

 

Kva tener kreftsjukepleiarar?

Korleis utdannar du deg til kreftsjukepleiar?

For å bli kreftsjukepleiar må du først ta ei bachelorgrad i sjukepleie og jobbe to år som sjukepleiar før du kan spesialisere deg. Du må no ha 90 studiepoeng i kreftsjukepleie, og nokre plassar må du ha 120 studiepoeng. Då har du eim master i kreftsjukepleie.

Kva jobbar kreftsjukepleiarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 661114 - Videreutdanning i sykepleie, onkologisk sykepleie (kreftsykepleie)

Bedrifter: Kor jobbar kreftsjukepleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kreftsjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2230114 - KREFTSYKEPLEIER
  • 2230103 - ONKOLOGISYKEPLEIER

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.