Gjennomgått i samarbeid med Norsk forening for geriatri  05. mars 2025

Geriatar

Som geriatar er du spesialist på sjukdommar hos eldre menneske.

Arbeidsoppgaver

Geriatrar er legar som har spesialisert seg på sjukdommar hos eldre menneske. Som geriatar er du ekspert i å undersøkje, stille diagnose og behandle eldre pasientar. Geriatri dekkjer både akutte felt som akuttgeriatri og behandling av hjerneslag. Det omfattar òg utgreiing av pasientar og arbeid med rehabilitering.

I møte med eldre pasientar er det viktig å sjå heile mennesket. Desse pasientane har ofte fleire sjukdommar samtidig og brukar mange ulike medisinar. Demens, hjerneslag, hjartesjukdom, lungesjukdom og beinskjørheit er vanlege tilstandar hos eldre.

Som geriatar treng du god kunnskap om aldring og samansette helseplager. Du må òg forstå bruk av medisinar og moglege problem dette kan gi hos sårbare pasientar. Ein viktig del av arbeidet er å førebyggje sjukdom og gi råd til pasientar og pårørande.

Rundt dei geriatriske pasientane jobbar ofte eit team av lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Behovet for geriatrisk kunnskap aukar fordi folk lever lenger med fleire kroniske sjukdommar. Dei blir dermed meir sårbare. Denne kunnskapen er òg viktig i andre fagfelt, som ortopedi. Her vurderer ein eldre pasientar før operasjonar. Geriatrar gjer heilskaplege vurderingar av eldre som skal ha kreftbehandling eller hjarteoperasjonar. Desse vurderingane er viktige for å unngå både for mykje og for lite behandling av eldre pasientar.

Geriatrar samarbeider ofte med psykiatrarallmennlegar og nevrologar for å få eit heilskapleg bilete av sjukdomssituasjonen og -historia til pasienten.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein geriatar:

  • undersøkje og behandle eldre pasientar med fleire samtidige sjukdommar

  • gjennomgå og tilpasse medisinar for å unngå uheldige biverknader

  • greie ut årsaker til plutseleg funksjonstap hos eldre, som forvirring, fall eller problem med vasslating

  • undersøkje pasientar for mogleg demens eller årsaker til gjentekne fall

  • vurdere pasienten sitt funksjonsnivå og sårbarheit for å bestemme vidare behandling eller rehabiliteringsmoglegheiter

  • samarbeide med eit tverrfagleg team, inkludert fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar, ernæringsfysiologar, sosionomar og logopedar

  • gi råd om sjukdomsførebygging og tilpasse behandling til eldre sine individuelle behov

  • bidra til smertelindring og omsorg ved livets slutt

  • vurdere pasienten sitt behov for hjelpemiddel, heimehjelpeller sjukeheimsplass

Kor jobbar geriatarar?

Som geriatar kan du arbeide på sjukehus, klinikkar, legekontor, i privat praksis, humanitære organisasjonar og innan medisinsk forsking.

Korleis er det å jobbe som geriatar?

En mann med kort hår og skjegg. Han smiler og ser rett i kameraet.

Geriater

Øystein Fossdal

– Man må være empatisk, tålmodig, og evne å se det store bildet. Noen legespesialiteter fokuserer på ett organ – som geriater må du kunne se helheten, sier Øystein.
Geriater Dyveke Gledistsch i korridoren på sykehuset.

Geriater

Dyveke Gleditsch

Når det kommer inn en pasient med akutt forvirring er det spennende å finne årsaken, sier geriater og detektiv Dyveke Gleditsch.

Viktige egenskaper for en geriatar

Som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske og du må evna å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må òg være sjølvstendig, ha god vurderingsevne og kunne takle eventuelle krisesituasjonar.

Kva tener geriatarar?

Korleis utdannar du deg til geriatar?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

Dei neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. Dei fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Kva jobbar medisinutdanna med?

  • 763220 - Geriatri, spesialistutdanning for leger
  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.
En kvinne holder en bunke brettede håndklær og smiler mot kamera. Hun har på seg en grå genser og en blå vest. Hun har brunt hår i en hestehale. Hun er innendørs i et rom med hvite vegger.

Heimehjelp

Ei heimehjelp hjelper menneske som treng bistand til daglege gjeremål.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.