Farmasøyt
Arbeidsoppgaver
Yrkt farmasøyt har to beskytta titlar:
- reseptarfarmasøyt (bachelor i farmasi)
- provisorfarmasøyt (master i farmasi)
Hovudforskjellen er lengda på utdanningane. Reseptarfarmasøytar har ei treårig bachelorgrad i farmasi. Provisorfarmasøytar har ei femårig mastergrad i farmasi. Desse har høve til å bli apotekar.
Som farmasøyt jobbar du tett saman med apotekteknikaren og anna helsepersonell.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein farmasøyt:
- rettleia og informera om legemiddel og rett legemiddelbruk
- ekspedere reseptar
- gjennomføre helsetenester som Medisinstart, Inhalasjonsrettleiing og vaksinering
For å jobba på apotek og sjukehus må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Kor jobbar farmasøytar?
Mange farmasøytar jobbar i apotek, både vanlege apotek og sjukehusapotek. Det finst også jobbar i legemiddelindustrien. Andre jobbar på sjukehus, i kommunane, med forsking eller undervisning.
Bli med ein farmasøyt på jobb
Korleis er det å jobbe som farmasøyt?
Reseptarfarmasøyt
Marie Myklebust
Provisorfarmasøyt
Camilla Wibetoe
Farmasøyt
Daniel Rahmati
Viktige eigenskapar for ein farmasøyt
Som farmasøyt bør du ha interesse for realfag, legemiddel og helse. Du bør like å jobba med menneske, og vera flink til å kommunisera. Du må vera ansvarleg, sjølvstendig og nøyaktig, og kunne jobba både sjølvstendig og i team.
Kva tener farmasøytar?
Korleis utdannar du deg til farmasøyt?
Du kan ta ein treårig bachelorgrad i farmasi, og eventuet halde fram med ein toårig mastergrad i farmasi. Det er også mogleg å bli farmasøyt gjennom ein femårig integrert mastergrad. Både bachelor og master i farmasi gir deg tittelen farmasøyt etter bestått utdanning. Du blir reseptarfarmasøyt etter tre år og provisarfarmasøyt etter fem år med utdanning.
Du kan søke Helsedirektoratet om å bli autorisert helsepersonell med ekspedisjonsrett for legemiddel i apotek.
Kva jobbar farmasiutdanna med?
- 766104 - Master, farmasi for reseptarer, treårig
- 766103 - Master, farmasi, femårig
- 766102 - Tilleggsutdanning, farmasøyter
- 766101 - Cand.pharm.-utdanning.
- 669911 - Reseptarutdanning, 2½-årig.
- 666201 - Bachelor, reseptar-/farmasiutdanning, treårig
Bedrifter: Kor jobbar farmasøytar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med farmasøytar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2224106 - PROVISORFARMASØYT
- 3228102 - FARMASØYT (RESEPTARUTDANNET)
- 3228101 - RESEPTAR
- 2224109 - FØRSTEFARMASØYT
- 2224108 - FØRSTEPROVISOR
- 2224104 - SYKEHUSFARMASØYT
- 2224102 - FARMASØYT (CAND.PHARM)
Relaterte lenker
Andre yrke
Apotekteknikar
Ortopediteknikar
Tannhelsesekretær
Legemiddelkonsulent
Optikar
Vektar
Hudterapeut
Kostøkonom
Kabintilsett fly
Forsikringsrådgivar
Ernæringskokk