Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for elektro og datateknologi 09. august 2024

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.

Arbeidsoppgaver

Som avioniker held du ved like, reparerer og modifiserer elektriske, elektroniske og digitale system på luftfartøy. Du jobbar òg med komponentar knytt til navigasjons- og kommunikasjonssystem, radar, autopilotsystem og andre styrings- og overvakingssystem.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein avioniker:

  • utføra planlagt service og vedlikehald på leidningsnetta og komponentane til luftfartøyet
  • inspisera avionikksystemer på luftfartøyet og tilhøyrande komponenteinar
  • feilsøking og feilretting av avionikksystemer
  • testing av avionikksystemer
  • montering og demontering av komponentar i systema

Ein*avioniker arbeider etter både eit nasjonalt og eit internasjonalt regelverk og du må ha spesielle sertifikat for å kunna jobba sjølvstendig med dei ulike systema på eit luftfartøy.

Avionikeren jobbar i tett samarbeid med flysystemmekanikarar, flymotormekanikarar og flystrukturmekanikarar for å halda oppe eit høgt tryggingsnivå i lufttrafikken.

Kor jobbar avionikarar?

Som avionikar arbeider du på en flyplass, i hangaren eller på verkstaden hos eitt av dei sivile fly-/helikopterselskapa, eller ved éin av Luftforsvaret sine verkstader eller basar. 

Korleis er det å jobbe som avionikar?

Dame med blå genser og skulderlangt hår står inne i en stor verkstedhall

Avioniker

Frida Vår Håkonsen

– Dette yrket passer for deg som er motivert til å legge inn innsats i utdanningen, og som vil ha en spennende og litt annerledes jobb, sier avioniker Frida.
En mann iført en oransje og gul refleksvest med påskriften "SAS", smiler mot kamera. Han står foran en hvit, blank bakgrunn.

Avioniker

Martin Kristiansen Knutsen

– Yrket passer for folk som er glad i en variert arbeidsdag, er nøye, tålmodig og håndterer stress godt, sier Martin.

Viktige egenskaper for en avionikar

Som avioniker må du arbeida systematisk og nøyaktig. I samband med feilsøking og reparasjon er evna til logisk tenking og vurderingsevne viktig. Vidare må du kunna samarbeida, kommunisera og yta service. Engelsk er fagspråket innan luftfart, derfor bør du beherska munnleg og skriftleg engelsk. 

For å arbeida innanfor tryggingssonene på norske flyplassar blir det stilte krav til tryggingsgodkjenning og kontroll av utvida politiattest. Forsvaret krev tryggingsklarering og plettfri vandel for å teikna lærekontrakt i flyfagene.

Kva tener avionikarar?

Korleis utdannar du deg til avionikar?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Etter yrkesrøynsle med flytype (r), og flytypekurs, kan du bli flyteknikar. (Den same utdanninga kvalifiserer for å jobba med helikopter). Denne utdanninga føregår i bedrifta der du arbeider. Ein flyteknikar B2 er ein avionikar som har ansvaret for vedlikehald av dei avioniske systema i luftfartøyet. B2-teknikaren er ansvarleg for at alle jobbar på avionikksystemene i luftfartøyet er korrekt utført. Du kan òg bli flyteknikar B2 utan fagbrev.

For komponentvedlikehald er det nødvendig med kurs og/eller opplæring på dei ulike komponentane eller komponentgruppene.

Grunnleggande flyteknisk utdanning blir i dag gitt sivilt ved vidaregåande skular i Bardufoss, Bodø, Skedsmo og Sola Med fagbrev i avionikerfag, er det òg mogleg å ta ingeniørutdanning via y-veien.

Kva jobbar avionikkutdanna med?

  • 455141 - Avionikerfaget, Vg4
  • 455115 - Flysystemavionikerfaget, VK III
  • 455111 - Flykomponentavionikerfaget, VK III
  • 455108 - Flymekaniker, videregående, avsluttende utdanning
  • 455101 - Avionikerfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar avionikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med avionikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7241162 - AVIONIKER
  • 7241131 - SYSTEMAVIONIKER
  • 7241130 - KOMPONENTAVIONIKER
  • 7241129 - INSTRUMENTAVIONIKER
  • 7241116 - FLYSYSTEMAVIONIKER
  • 7241107 - FLYKOMPONENTAVIONIKER
  • 7232101 - FLYELEKTROTEKNIKER
  • 7241106 - FLYELEKTRIKER

Andre yrke

Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Fu-operatør styrer undervannsfarkoster

FU-operatør

FU-operatøren styrer undervassfarkostar og andre undervassverktøy.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Kulde- og varmepumpemontør i arbeid

Kulde- og varmepumpeteknikar

Ei kulde- og varmepumpeteknikar er ein elektrofagarbeider som monterer, held ved like og rettar feil på kuldeanlegg og varmepumper.
Flymotormekaniker i arbeid

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.