Gjennomgått i samarbeid med Entreprenørforeningen - Bygg og anlegg 23. september 2021

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.

Arbeidsoppgaver

Som anleggsmaskinmekanikar er du ein mekanikar som jobbar med maskiner som blir brukte på byggjeplassar, som gravemaskiner, hjullastarar, dumparar, dosera, veghøvlar og traktorgravarar. Du kan også jobba med tunnelboreriggar, valsetog, aggregat og spesialmaskiner.

Vanlege arbeidsoppgåver for anleggsmaskinmekanikaren:

  • søkje etter feil på anleggsmaskiner
  • reparere anleggsmaskiner
  • halde ved like anleggsmaskiner

Kvart år må anleggsmaskiner inn til kontroll/sertifisering, og det er berre anleggsmaskinmekanikarar som har kompetanse og lov til å utføre denne kontrollen.

Arbeidet som anleggsmaskinmekanikar kan vere fysisk krevjande. Faget er underlagt lover og forskrifter på tekniske, tryggleiks-, miljø- og helsemessige område. Det er difor viktig å ta vare på den naudsynte tryggleiken for seg sjølv og andre.

Yrket har mykje til felles med landbruksmaskinmekanikar og anleggsmaskinførar.

Kor jobbar anleggsmaskinmekanikarar?

Anleggsmaskinmekanikarar kan vere tilsett i store og små verksemder over heile landet som utfører ulike oppgåver i anleggsbransjen. Arbeidet går føre seg på anleggsområde og inne på verkstader.

Bli med ein anleggsmaskinmekanikar på jobb

Korleis er det å jobbe som anleggsmaskinmekanikar?

En mann med caps, grønn refleksvest og arbeidsbukse sitter inne i sin mobile arbeidsplass. Han ser rett i kamera og smiler, med hendene foldet i fanget. Bak ham henger det ulike verktøy.

Anleggsmaskinmekaniker

Marius Rønningen Diseth

– Å jobbe som anleggsmaskinmekaniker byr på varierte dager, tekniske utfordringer og stor grad av frihet, sier Marius.
Mann med skjegg og fullt verneutstyr med hjelm og gule anleggsklær står foran en stor maskin.

Anleggsmaskinmekaniker

Jonas Hoffart Hvila

– Jeg har alltid hatt glede av å få ting til å fungere, og det er det jobben min handler om, sier Jonas.

Viktige egenskaper for en anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmekanikarar bør vere interesserte i motorar, hydraulikk (overføring av energi og kraft ved hjelp av væske/olje, rør, flens og slangar), mekanikk og elektronikk. Det er nyttig for ein anleggsmaskinmekanikar å vere sjølvstendig og god til å samarbeide. Du må òg vere praktisk anlagt og like å arbeide med hendene dine. Anleggsmaskinmekanikaren skal kunne kommunisere med kundar og kollegaer og kunne planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidet som blir gjort. Det er òg viktig at du utfører arbeidet effektivt og nøyaktig.

Tryggleiksforskriftene er strenge, og ein krev difor høg konsentrasjon i arbeidet.

Kva tener anleggsmaskinmekanikarar?

Korleis utdannar du deg til anleggsmaskinmekanikar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Med fagbrev i anleggsmaskinmekanikarfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Mekatronikk
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for anleggsmaskinmekanikarar?

Kva jobbar anleggsmaskinmekanikarutdanna med?

  • 455243 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg4
  • 455202 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg3
  • 455250 - Anleggsmaskinmekanikerfaget, Vg3, grunnkompetanse

Bedrifter: Kor jobbar anleggsmaskinmekanikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med anleggsmaskinmekanikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7233109 - MEKANIKER (MASKINER)
  • 7233108 - SPESIALARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
  • 7233107 - VERKSTEDARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
  • 7233106 - FORMANN (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
  • 7233104 - FAGARBEIDER (LANDBRUKS- OG ANLEGGSMASKINMEKANIKK)
  • 7233103 - ANLEGGSMASKINREPARATØR
  • 7233101 - ANLEGGSMASKINMEKANIKER
  • 7233103 - ANLEGGSMASKINREPARATØR

Andre yrke

En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Metallarbeider som er i arbeid med sveising

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-maskineringsoperatør

CNC-maskineringsoperatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
En kranfører sitter i bua og ser mot kranen som han styrer

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.
Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyr/leidningsopplegg, og utførar sveising og platearbeid.