Ambulansearbeidar
Arbeidsoppgaver
Ambulansearbeidarar hjelper menneske som blir akutt sjuke eller skada. Dei reiser til staden der personen er, gir den første behandlinga og køyrer personen til eit sjukehus.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein ambulansearbeidar:
- køyre utrykking til staden personen er
- frakte pasienter
- gi rask medisinsk hjelp på staden og under transport
- undersøke og oppdage skade eller sjukdom hos pasienter
- pleie, vise omsorg og kommunisere med pasienter
- vurdere kven som treng hjelp først når fleire er skadd
- skrive rapportar om pasienter
- sjekke og halde ved like ambulanse og utstyr
Når sjukdom eller skade plutseleg oppstår, er ambulansearbeidarane ofte dei første helsearbeidarane som møter pasienten. Dei set i gang riktig behandling til pasienten er på sjukehuset. Hjelpa pasienten får i ambulansen kan vere livsviktig for pasienten.
Ambulansearbeidarar samarbeider med politi, brannvesen, sjukepleiarar og legar.
Ambulansearbeidar er ein beskytta tittel. For å jobbe som det må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Kor jobbar ambulansearbeidarar?
Ambulansearbeidarane jobbar på ambulansestasjonar som ofte ligg ved eit sjukehus, ei legevakt, ein brannstasjon eller liknande.
Dei kan også jobbe offshore, i humanitære organisasjonar og i kriseområde.
Ambulansearbeidarar kan jobbe på bil, båt eller andre køyretøy. Man kan også jobbe som AMK-operatør, som betyr at ein tek telefonen når folk ringer etter ambulanse.
Bli med ein ambulansearbeidar på jobb
Korleis er det å jobbe som ambulansearbeidar?
Ambulansearbeider
Janne Fjærestad
Ambulansearbeider
Markus Wyller
Ambulansearbeider
Amalie Kjærstad
Viktige egenskaper for en ambulansearbeidar
- god fysisk og mental helse
- god på samarbeid
- kunne jobbe selvstendig
- god til å kommunisere med kollegaer og pasienter
- ansvarlig
- kunne ta raske avgjerder
- takle stress
Kva tener ambulansearbeidarar?
Korleis utdannar du deg til ambulansearbeidar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring. Det er eit yrkesfaglig løp med to år på skule og to år opplæring i bedrift.
Du kan òg ta ein bachelor i prehospitalt arbeid (paramedic) på universitet eller høgskule. Autoriserte sjukepleiarar kan òg bli ambulansearbeidarar. Då blir det kravd to års praksis frå ambulansetenesta og du må ha fullført ein del kurs.
Videreutdanning
Det er mogleg å ta vidare utdanning på fagskule etter fagbrev.
Kva jobbar ambulansefagarbeidarar med?
- 669966 - Bachelor, paramedisin, treårig
- 669926 - Helseservicefag, uspesifiserte, lavere nivå
- 469901 - Ambulansefaget, Vg3
- 561917 - Fagskoleutdanning, ambulanseoperativ ledelse og prehospital pasientbehandling, ettårig (deltid 2 år)
Bedrifter: Kor jobbar ambulansearbeidarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med ambulansearbeidarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5139131 - AMBULANSEARBEIDER
- 5139126 - AMBULANSEMEDHJELPER (UFAGLÆRT)
- 5139125 - AMBULANSEBÅTFØRER
- 5139122 - AMBULANSEPERSONELL
- 5139118 - AMBULANSESJÅFØR
- 1228118 - AMBULANSESJEF
- 5139130 - HEMS-CREW
Andre yrke
Obduksjonsteknikar
Anestesisjukepleiar
Bioingeniør
Kiropraktor
Ortopediingeniør
Nevrolog
Radiograf
Maskinsjef
Perfusjonist
Ergoterapeut
Radiolog