Gjennomgått i samarbeid med Fellesorganisasjonen 19. november 2021

Sosionom

Ein sosionom hjelper menneske med å førebyggje, løyse og redusere problem.

Arbeidsoppgaver

Som sosionom førebyggjer, løyser og reduserer du problem som enkeltpersonar, familiar og grupper i samfunnet råkar ut for. Sosionomen fungerer som bindeledd til dei hjelpetilboda samfunnet tilbyr. Eit viktig prinsipp i sosialt arbeid er at den hjelpa som blir gitt, skal vera hjelp til sjølvhjelp. Hjelpa tek utgangspunkt i det enkelte mennesket si evne og situasjon. 

Den viktigaste arbeidsoppgåva til ein sosionom er å hjelpe menneske med å finne løysingar som kan forbetre livskvaliteten deira. Sosionomen fungerer som bindeledd til dei hjelpetilboda samfunnet tilbyr, og må kartleggje ressursar og behov og bruketilgjengelege støtteordningar på ein best mogleg måte.

Sosionomar opptrer som rådgivar og saksbehandlar og jobbar med å finne gode løysingar på politiske, juridiske og sosiale problem for grupper og enkeltmenneske.

Sosionomar arbeider blant anna med:

  • individuelt arbeid med enkeltpersonar og deira familiar, nettverk og omgivnadar
  • gruppearbeid med menneske med felles problem og interesser
  • samfunnsarbeid i form av naboskaps-, grasrot- og reformarbeid
  • sosial administrasjon og planlegging

Tittelen "sosialarbeidar" blir brukt om personar med ulik utdanning. Sosialarbeidarar jobbar innan sosial hjelpeverksemd i private eller offentlege bedrifter. Dei er som oftast utdanna sosionomar eller barnevernspedagogar.

Kor jobbar sosionomar?

Som sosionom kan du jobbe både i det private og det offentlege næringslivet. Du kan for eksempel arbeide i NAV, barnevernstenesta, psykisk helsevern, fengselsstellet, skolesektoren, krisesenter og frivillige organisasjonar. Du kan også arbeide med rusomsorg, eldreomsorg, familievern og flyktning- og innvandrararbeid og i frivillige organisasjonar. 

Intervjuer

Portrettbilde av sosionom Sara Myksvoll

Sosionom

Sara Myksvoll

– En kjempeviktig egenskap i dette yrket er å kunne lytte til alle menneskene man møter og ha enorm respekt for dem, forteller Sara.
Portrett av sosionom Fadi El-Kordi

Sosionom

Fadi El- Kordi

Fadi El-Kordi jobber med barn som ikke opplever trygghet.

Viktige eigenskapar

Som sosionom må du bry deg om menneske. Du må også evne å sjå alle som enkeltindivid. Du bør vere empatisk og ha eit genuint ønske om å hjelpe menneske. I tillegg må du vere tolmodig og flink til å kommunisere med andre.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning
Etter fullført sosionomutdanning kan du fordjupe deg innan barne- og ungdomsvern, arbeid med eldre, psykisk helsearbeid, rehabilitering, opplæring, konsultasjon og pedagogisk rettleiing. Ved enkelte familievernkontor og psykiatriske klinikkar kan du også ta vidareutdanningar som kvalifiserer til terapeutisk verksemd. Det er også mogleg å ta master i sosialt arbeid.

Vidareutdannar du deg innan klinisk sosialt arbeid, blir du klinisk sosionom.

Dei vanlegaste jobbane blant sosialfagutdannede

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 762104 - Master, sosialt arbeid, toårig
  • 762103 - Cand.sosion.-utdanning
  • 662106 - Sosionomutdanning, toårig
  • 662105 - Sosionomutdanning for døve, treårig
  • 662104 - Sosionomutdanning, treårig
  • 7621 - Sosialfag

Bedrifter som ansetter sosionomar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med sosionomar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3460148 - MILJØARBEIDER (SOSIALE FAGFELT)
  • 3460147 - RÅDGIVER (PASIENTRELATERT ARBEID)
  • 3460145 - SOSIONOM (PSYKISK HELSEARBEID)
  • 3460144 - INTEGRERINGSKONSULENT
  • 3460142 - RÅDGIVER (SOSIALKONTOR)
  • 3460140 - AVDELINGSSOSIONOM (BARNEVERNSSAKER)
  • 3460139 - KOORDINATOR (HUMANITÆRT ARBEID)
  • 3460131 - KONSULENT (SOSIALKONTOR)
  • 3460130 - FØRSTEKONSULENT (SOSIALKONTOR)
  • 3460123 - SOSIALRÅDGIVER (VEILEDNING)
  • 3460122 - SOSIALFULLMEKTIG (VEILEDNING)
  • 3460121 - SOSIALFAGLIG LEDER
  • 3460120 - RUSMIDDELKONSULENT (SOSIONOM)
  • 3460118 - MILJØTERAPEUT (BEHANDLING)
  • 3460117 - KOORDINATOR (SOSIAL)
  • 3460115 - FAGKONSULENT (BARNEVERNSSAKER)
  • 3460114 - MILJØTERAPEUT (VEILEDNING)
  • 3460113 - FAMILIEVEILEDER
  • 3460104 - SOSIONOM (MILJØARBEIDER)
  • 3460103 - SOSIALKURATOR
  • 3460102 - SOSIALKONSULENT
  • 3460153 - SOSIONOM (BARNEVERNSSAKER)
  • 3443110 - AVDELINGSSOSIONOM (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)
  • 3443107 - SOSIONOM (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.