Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.
Yrkesskildring

Overstyr­mann

favoritt ikon

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.

Som overstyrmann er du nestansvarleg etter kapteinen og avløysar på eit skip. Overstyrmannen har hovudansvaret for lasting, lossing og behandling av last. Han har også ansvaret for stabiliteten til skipet. Jobben som overstyrmann inneber noko administrativt arbeid. I tillegg har du som overstyrmann ansvaret for sikkerheita og vedlikehaldet på dekk. Ofte er du også medisinsk ansvarleg om bord.

Overstyrmannen høyrer til leiargruppa på skipet saman med kapteinen, maskinsjefen og førstemaskinisten. På eit skip er det som regel ein kaptein, ein overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet på personar om bord varierer etter skipstype og fartsområde.

Etter fullført utdanning startar du som kadett. Deretter kan du bli styrmann, så overstyrmann og til slutt kaptein. Dette er den naturlege karrierevegen på eit skip.

I jobben som overstyrmann må du kunne bruke eit elektronisk kart, ein radar og andre høgteknologiske verktøy for å navigere og gjennomføre ei sikker reise. Du jobbar skift. Du må derfor rekne med å vere om bord i lange periodar. Spesielt på handelsskip jobbar du lenge på havet om gongen, men så har du også lange ferieperiodar. Maritimt Forum har laga ein film om yrket overstyrmann.

Overstyrmannen samarbeider tett med dei andre styrmennene, som sørgjer for at dei følgjer overstyrmannens plan for lasting og lossing.  

Styrmann, los, overstyrmann og kaptein går under namnet dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer etter kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeide som styrmann på ei ferje i ein trong norsk fjordarm, og på ein tankbåt som fartar over heile verda. Du samarbeider med fleire yrkesgrupper, til dømes med matroser, loser og motormenn og maskinistar.

Kvar arbeider overstyrmenn?

Overstyrmannen arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn. Det kan vere alt frå tankskip, offshorefartøy og hurtigbåtar.

Etter ein tid som styrmann kan du også arbeide på land med administrasjon, personalleiing, kvalitets- og sikkerheitsarbeid, reiarlagsadministrasjon, maritime bedrifter eller i offentleg sjøforvalting. 

Personlege eigenskapar

Som overstyrmann er det viktig å vere viljesterk, effektiv og nøyaktig. Dersom du tek ei feil avgjersle eller ikkje er merksam, kan det medføre farlege situasjonar. Du må vere serviceretta og glad i å samarbeide. Du må også like å arbeide tett på andre menneske. Du bør vere glad i å inspirere og leie andre.

Du vil vere mange døgn på havet. Nokre meiner at det å arbeide som overstyrmann er ein livsstil heller enn ein jobb. For å trivst i jobben må du like å vere på havet. Du må også kunne vere borte frå heimen over lange periodar. Du må ha plettfri vandel for å få visum til mange av dei landa skipa reiser innom.

Utdanning

For å bli overstyrmann må du ha godkjend helseattest, godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest. 

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

  • Så kan du ta ei toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskole. Deretter må du ha segletid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å bli overstyrmann.

    For å få sertifikat må du ha ei viss fartstid:

    • 6 månader fartstid for dei som har fagbrev som matros/fiskar
    • månader fartstid for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
    • 1 månad fartstid for dei som har 36 månadar fartstid som matros/fiskar før dei byrjar på utdanninga si 

    Høgskoleutdanning
    Du kan ta ei treårig høgskoleutdanning i nautikk, for så å reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat.

    Sjå oversikt over studiestader

    Opptakskrav
    For å komme inn på ei yrkesfagleg utdanning må du ha fullført grunnskole. Til høgskoleutdanninga treng du enten generell studiekompetanse eller bestått teknisk fagskole. Fagskolane krev fagbrev som matros eller 36 månadar med fartstid som matros/fiskar. Fleire høgskolar gir dei som har fagbrev ei mogelegheit til å søke plass gjennom y-vegen.

    Sjå oversikt over poenggrenser hos Samordna opptak

    Du må ha godkjend helseattest, godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest.

  • Ei treårig bachelorgrad i nautikk på universitet eller høgskole vil gje deg alle navigasjonssertifikata opp til klasse 1 sjøkaptein. Samanlikna med teknisk fagskole er studiet meir teoretisk og inneheld mellom anna fleire fag innan leiingsteori.

    Etter at du er ferdig med utdanninga di, må du ha 12 månader med opplæring på båt. I denne perioden reiser du ut som kadett for å ta dei naudsynte sertifikata. Vanlegvis blir du tilsett som fyrste- eller andrestyrmann når du har fått ditt fyrste sertifikat. Etter at du har opparbeida deg erfaring, kan du bli forfremma til overstyrmann.

Etter- og vidareutdanning
Overstyrmannen må halde seg oppdatert på fagområde. Du får derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Du kan også vidareutdanne deg til kaptein, men som regel kjem opprykket eller forfremjinga etter kvart som du opparbeider deg erfaring.

Kva jobbar nautikkutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Dekksoffiser eller los
Heltid
Alle sektorer
6 525 personer
163 personer
6 362 personer
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
64 370 kr
53 460 kr
64 650 kr
772 440 kr
641 520 kr
775 800 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
66 850 kr
55 360 kr
67 140 kr
802 200 kr
664 320 kr
805 680 kr
Dekksoffiser eller los
Deltid
Alle sektorer
443 personer
431 personer
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
57 150 kr
57 770 kr
685 800 kr
693 240 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
58 150 kr
58 800 kr
697 800 kr
705 600 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Privat
6 078 personer
148 personer
5 930 personer
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
64 050 kr
52 710 kr
64 330 kr
768 600 kr
632 520 kr
771 960 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
65 820 kr
54 180 kr
66 110 kr
789 840 kr
650 160 kr
793 320 kr
Dekksoffiser eller los
Deltid
Privat
420 personer
410 personer
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
57 770 kr
58 360 kr
693 240 kr
700 320 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
58 740 kr
59 360 kr
704 880 kr
712 320 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Statlig
432 personer
417 personer
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
71 870 kr
72 160 kr
862 440 kr
865 920 kr
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
81 070 kr
81 660 kr
972 840 kr
979 920 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
69 480 kr
69 790 kr
833 760 kr
837 480 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
81 870 kr
82 400 kr
982 440 kr
988 800 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Spade med fiskefór haldast fram for å kastes ut i merden med fisk.

Produktutviklar fiskefôr

Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.

Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.

Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.

Motormann inspiserer motorrommet

Motor­mann

Ein motor­mann held ved like og reparerer motorar og andre mekaniske delar.

Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.

Seilbåt på havet.

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.

Illustrasjonsbilde av skipsingeniør

Maritim elektrikar

Som maritim elektrikar er du spesialist på elektriske anlegg, komponentar og instrument om bord på skip.

Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvaret for drifta og vedlikehaldet av det tekniske utstyret og maskinene om bord på skip og flyttbare riggar.

En styrmann i uniform jobber med navigering inne på dekk.

Styr­mann

Som styr­mann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og laste­operasjoner.

En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.

Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskin­sjef

Som maskin­sjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller ein flyttbar rigg.

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nett­mann

Ein bas/nett­mann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.