Kiropraktor
Yrkesskildring

Kiropraktor

favoritt ikon

Ein kiropraktor diagnostiserer og behandlar smerter og sjukdomar i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

Ein kiropraktor behandlar pasientar med plager og redusert funksjon i bevegelsesapparatet eller i nerve-, muskel-, skjelettsystemet.

Det kan til dømes dreie seg om hovud- og nakkesmerter, smerter i kjeve eller skuldrer, isjiassmerter, whiplash, korsrygg- og bekkenplager eller idrettsskadar.

Oppgåva til kiropraktoren er å diagnostisere, behandle, rehabilitere og førebygge slike plager. Dette gjerast i klinisk konsultasjon med pasienten.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kiropraktor:

  • samtale med pasienten for å kartlegge sjukehistoria 
  • kartlegge smerte/ubehag og kor i kroppen det sitt
  • funksjonell testing av nerve-, muskel- og skjelettapparatet
  • behandling ved hjelp av teknikkar som til dømes leddkorreksjon, triggerpunktterapi, massasje, trykkbølgebehandling, tøyingar av muskulatur og treningsøvingar
  • rettleiing om kosthald og livsstil
  • tilvising til medisinske undersøkingar og biletdiagnostikk som røntgen, MR og CT

Alle kiropraktorar har rett til å sjukmelde og tilvise direkte til spesialist og undersøkingar. 

Ein kiropraktor samarbeider ofte med legetannlege og fysioterapeut.

Kiropraktor er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

 

Kvar arbeider kiropraktorar?

Kiropraktorar flest jobbar i privat praksis, mange i tverrfaglege klinikkar. Kiropraktorar kan også jobbe innan forsking og i det offentlege helsevesenet.

Personlege eigenskapar

Du må like å ha kontakt med menneske og vere flink til å kommunisere. Du må også kunne løyse problem, ha god vurderingsevne og gode samarbeidsevner. 

Utdanning

Kiropraktorutdanning blir ikkje tilbydd i Norge. For å bli kiropraktor tar dei fleste den femårige masterutdanninga i Danmark, USA, Storbritannia eller Australia.

Turnustenesta på eitt år kjem i tillegg, og er nødvendig for å få autorisasjon som kiropraktor i Norge.

Ved utvalde studiestader er det mogleg å ta medisin grunnfag som ei førebuing til studiar i utlandet. ANSA har oversikt over utdanning og opptakskrav i fleire land.

Sjå oversikt over kven som tilbyr Medisin grunnfag.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Kiropraktor
Heltid
Alle sektorer
230 personer
157 personer
Ca 309 kr
Ca
Ca 334 kr
50 000 kr
54 170 kr
600 000 kr
650 040 kr
Ca 309 kr
Ca
Ca 334 kr
50 000 kr
54 170 kr
600 000 kr
650 040 kr
Ca 316 kr
Ca
Ca 329 kr
51 200 kr
53 230 kr
614 400 kr
638 760 kr
Ca 316 kr
Ca
Ca 329 kr
51 210 kr
53 240 kr
614 520 kr
638 880 kr
Kiropraktor
Heltid
Privat
229 personer
156 personer
Ca 309 kr
Ca
Ca 334 kr
50 000 kr
54 170 kr
600 000 kr
650 040 kr
Ca 309 kr
Ca
Ca 334 kr
50 000 kr
54 170 kr
600 000 kr
650 040 kr
Ca 316 kr
Ca
Ca 329 kr
51 240 kr
53 300 kr
614 880 kr
639 600 kr
Ca 316 kr
Ca
Ca 329 kr
51 250 kr
53 310 kr
615 000 kr
639 720 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Tannlege gir behandling til pasient.

Tannlege

Som tannlege behandlar du tenner.

Psykiater i samtale med pasient.

Psykiater

Psykiateren er ein lege som undersøker og behandlar personar med psykiske lidingar.

Ortoped ser på røntgenbilde

Ortoped

Ein ortoped er ein lege som førebygger og behandlar sjukdommar og skadar i musklar og skjelett.

Klinisk sosionom ved spillemaskiner.

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom arbeider du for å forbetre klientane si evne til å fungere fysisk, psykisk og sosialt.

Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som ut­fører operasjonar, i tillegg til anna behandlinga.

Lege undersøker pasient

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.

Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helse­fagarbeidar

Som helse­fagarbeidar gir du omsorg, og ut­fører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.

Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuell­terapeut

Manuell­terapeutar er vidareutdanna fysio­terapeutar som er ekspertar på musklar og skjelett.

Fotterapeut behandler kunde

Fot­terapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fot­terapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.

Tanntekniker jobber med å lage tannerstatning.

Tann­tekniker

Ein tann­teknikar lagar tannerstatningar til pasientar som har mista eller skadt tennene sine.

En sosionom i samtale med en bruker.

Sosionom

Ein sosionom hjelper menneske med å førebyggje, løyse og redusere problem.

Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.