Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk 31. januar 2025

Tømrar

Tømrarar bygger trehus og andre trekonstruksjonar.

Arbeidsoppgaver

Som tømrar bygger og monterer du ulike trekonstruksjonar og innreiingar, og du pussar opp eldre bygningar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tømrar:

  • Bygge trehus og andre konstruksjonar i tre
  • Innrede hus laga av tre, mur, stål eller betong
  • Vedlikeholde og rehabilitere bygninger
  • Lage og montere element og moduler
  • Planlegge eige arbeid og samarbeide med andre fagfolk
  • Lese og forstå teikningar og beskrivingar

Tømrarar er ei stor yrkesgruppe. Småhus blir bygd som oftast i tre, mens større bygg gjerne har stål- og betongkonstruksjonar med trekledning i ytterveggane. Det blir også meir vanleg å bygge store hus i massivtre.

Tømraren gjer også innvendig arbeid i alle typar bygg. Det kan vere å sette opp innerveggar, isolere, kle med plater eller panel, montere dører, vindauge, kjøkken og golv, eller legge lister.

Ein tømrar held ved like og oppgraderer også eksisterande trehus slik at dei møter dagens standard. Dette kallast rehabilitering. Når gamle, verneverdige hus skal førast tilbake til sin opphavlege tilstand, kallast det restaurering, og det krev kunnskap om gamle byggemetodar og materiale.

Som tømrar jobbar du etter rutinar, teikningar og beskrivingar, og bruker både handverkstøy, elektrisk verktøy og avansert utstyr. Du bruker også digitale hjelpemiddel til informasjon og dokumentasjon.

Arbeidet skal utførast effektivt og sikkert, med omsyn til helse, miljø og sikkerheit (HMS). God avfallshandtering er ein naturleg del av jobben, og gjenbruk av materiale blir stadig viktigare for å redusere avfall.

Ein tømrar kan jobbe både sjølvstendig og i team, ofte saman med andre faggrupper som murararblikkenslagararbetongfagarbeidarar
målararelektrikarar og røyrleggarar.

Kor jobbar tømrarar?

Dei aller fleste tømrarar er tilsette i mindre byggmeisterbedrifter eller hos større entreprenørar.

Bli med ein tømrar på jobb

Korleis er det å jobbe som tømrar?

En mann med arbeidsklær og caps står og lener seg på en maskin. I bakgrunnen er det tydelig høst og overskyet. Mannen smiler til kamera.

Tømrer

Bror Marcus Ramsøe

– Det jeg liker aller best er den gleden av å kunne se prosjekter bli ferdige, det gir en følelse av stolthet, forteller Bror Marcus.
Mann med brunt hår og hvit t-skjorte og grønn anleggshjelm med hørselsvern. Fjord og fjell i bakgrunnen.

Tømrer

Håvar Emdal

– Denne jobben passer for deg som liker å være selvstendig, løse utfordringer og ha en variert arbeidsdag, forteller Håvar.

Viktige egenskaper for en tømrar

Du må ha god fysikk i dette yrket og like å jobba både ute- og innandørs. Sidan ein del arbeid går føre seg frå stillas og på tak, er det ein fordel om du ikkje har høgdeskrekk. Du må òg vere ansvarsbevisst og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 

 

 

Kva tener tømrarar?

Korleis utdannar du deg til tømrar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Du kan ta meisterbrev i tømrarfaget. Les meir om meisterutdanning. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.
 
Bygg
Fagskole
Se utdanninger og steder
Teknisk tegning og modellering
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for tømrarar?

Kva jobbar tømrarutdanna med?

  • 457129 - Tømrerfaget, Vg3
  • 541145 - Fagskoleutdanning, kurs for mesterbrevskandidater, tømrer, ettårig

Bedrifter: Kor jobbar tømrarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tømrarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7421132 - FAGANSVARLIG (SNEKKER)
  • 7421125 - SPESIALARBEIDER (SNEKKER)
  • 7421118 - SNEKKER
  • 7421114 - INDUSTRISNEKKER
  • 7421112 - SNEKKERMESTER
  • 7421110 - SNEKKERFORMANN
  • 7125115 - ARBEIDSLEDER (BYGG)
  • 7125114 - TØMMERMANN (PÅ LAND)
  • 7125113 - MESTER (TØMRER)
  • 7125112 - BYGNINGSARBEIDER
  • 7125110 - SPESIALARBEIDER (TØMRING)
  • 7125109 - FORMANN (TØMRER)
  • 7125107 - TØMRER
  • 7125106 - LAFTER
  • 7125105 - PRODUKSJONSARBEIDER (TREHUSPRODUKSJON)
  • 7125104 - FAGARBEIDER (TREHUSPRODUKSJON)
  • 7125103 - TØMRERMESTER
  • 7125102 - BYGNINGSSNEKKER
  • 7125101 - BYGGMESTER
  • 7126109 - FORMANN (BYGG OG ANLEGG)
  • 8341103 - TØMMERMANN

Andre yrke

Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar lagar nye teknologiske løysingar og jobbar med forsking, undervisning, prosjekt og leiing.
En mur- og flislegger arbeider med store fliser

Mur- og flislegger

Mur- og flisleggeren bygger, held ved like og restaurerer bygningar, bygningsdetaljar, anlegg og andre konstruksjonar i mur- og flisprodukt.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
En kranfører sitter i bua og ser mot kranen som han styrer

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Rørlegger

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
Bilde av landmålere i arbeidsuniform som betjener et landmålingsapparat

Landmålar

Ein landmålar måler opp og markerer grenser i terrenget.