
Tekstforfattar
Ein tekstforfattar formar idear og skriv tekstar til alt frå reklameannonsar til scene og TV-program.
Arbeidsoppgaver
Tekstforfattarar kan arbeide med svært ulike ting avhengig av kvar ein er tilsett, men felles for alle er at ein skal skrive gode tekstar. Tekstane er ofte korte.
Som tekstforfattar i reklamebransjen er målet ofte å få mottakaren til å ønske å kjøpe ulike produkt. Det handlar gjerne om å fortelje ein allereie kjent bodskap på ein fengjande og annleis måte, men samstundes presist og lett forståeleg. Arbeidet handlar mykje om å lage annonsar, plakatar, emballasje, reklamefilmar og anna materiale. Oppdraga treng ikkje berre å handle om kjøp og sal, men kan òg dreie seg om å endre haldningar. I dag handlar ikkje reklame berre om sal av materielle produkt, men òg om arbeid med eksempelvis ideelle organisasjonar.
Som tekstforfattar kan du også forme tekst til TV-program, skrive taler, revy, songar eller tekst til nettsider.
Tekstforfattarar kan samarbeide tett med andre medarbeidarar, til dømes art director, grafisk designar og andre som jobbar med kommunikasjon.
Ein tekstforfattar kan ha som oppgåve å arbeide med kommunikasjon både innetter i ei verksemd, og utetter mot produktet eller tenesta si målgruppe.
Hvor jobber tekstforfattarar?
Ein tekstforfattar vil du finne i eit reklamebyrå og i store verksemder si marknads- eller kommunikasjonsavdeling. Fleire arbeider frilans og er sjølvstendig næringsdrivande.
Intervjuer

Tekstforfatter
Hanne Elisabeth Lia
Viktige egenskaper
Som tekstforfattar bør du vere kreativ, idérik og kunne uttrykke deg skriftleg. Vidare bør du ha kjennskap til ulike målgrupper, og evna til å formidle bodskapen til målgruppa.
Lønn
Utdanning
Ofte har tekstforfattaren bakgrunn som journalist, kommunikasjonsrådgjevar, eller innan reklame og marknadsføring.
Dei som har utdanning for yrket jobbar som?
- 412301 - Tekstforfatterutdanning, toårig
- 612302 - Bachelor, tekst og skribent, treårig
- 612301 - Forfatterutdanning, lavere nivå
- 712302 - Master of Philosophy, documentary and fiction
- 712301 - Master of Philosophy, screenwriting
- 615215 - Bachelor, manus – scenetekst og tv-drama, treårig
- 535207 - Fagskoleutdanning, manus og tekst for TV, ettårig
Bedrifter som ansetter tekstforfattarar
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med tekstforfattarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3419135 - TEKSTFORFATTER (REKLAME)
- 2551123 - MANUSKONSULENT
- 2551122 - TEKSTFORFATTER
- 2551120 - MANUSFORFATTER
- 2551117 - SKRIBENT
- 2551108 - FILMMANUSFORFATTER (FILMFORFATTER)
Andre yrke

Art director

Bibliotekar

Diplomat

Filolog

Forfattar

Fotograf

Fotojournalist

Grafisk designar

Illustratør

Interaksjonsdesignar

Journalist
