Art director
Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Arbeidsoppgaver
Ein art director er ein idé- og konseptutviklar med det visuelle som spesialiteten sin. Det er ikkje nødvendig å vere flink til å teikna for å bli ein dyktig art director, men gode art directorer har ein velutvikla visuell og estetisk forståing som gjer dei i stand til å kommunisera ved hjelp av visuelle verkemiddel.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein art director:
- jobbe med kreative prosessar i tverrfaglege team i reklamebyrå
- samarbeide med tekstforfattarar, andre art directorer, prosjektleiar og rådgivar
- lansere nye produkt
- byggje merkevarer eller endre haldningar
- jobbe med heile prosessen frå ide til ferdig kommunikasjonsløysing
Du kan og jobbe som art director med utvikling av idear og konsept for film- og TV-produksjon.
Kor jobbar art directorer?
Ein art director arbeider som regel i reklame- og kommunikasjonsbyrå, i forlag og i film- og TV-produksjon.
Korleis er det å jobbe som art director?
Art director (AD)
Anna Jakobson Vaagland
Art Director
Gro Vik
Viktige egenskaper for en art director
Som art director må du vere kreativ og ha evne til å setje idear og tankar ut i livet. I tillegg bør du ha evne til å leie og inspirere.
Korleis utdannar du deg til art director?
Art directorar kan ha ulik utdanningsbakgrunn. Mange er utdanna innan art direction, grafisk design eller visuell kommunikasjon.
Kva for ei utdanning er vanlegast for art directorer?
Bedrifter: Kor jobbar art directorer?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med art directorer
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 1234101 - ART DIRECTOR (REKLAME)