Gjennomgått i samarbeid med Kommunikasjonsforeningen 16. september 2025

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgivar har ansvaret for å kommunisera bodskapen i bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar media.

Arbeidsoppgaver

Som kommunikasjonsrådgivar jobbar du ofte i ei informasjons- eller kommunikasjonsavdeling, og har ansvar for heile eller delar av kommunikasjonsarbeidet i bedrifta. Det omfattar også internkommunikasjon, det vil seia kommunikasjon internt i bedrifta eller organisasjonen.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kommunikasjonsrådgjevar:

  • utarbeida kommunikasjonsstrategiar og måla effekt av tiltak
  • laga informasjonsmateriell som brosjyrar, publikasjonar, presentasjonar, magasin og nyheitsbrev
  • skriva tekstar, fotografera og laga videoar og publisera dei på bedriftas nettsider og/eller intranettsider
  • jobba med grafisk profil og klarspråk
  • profilera bedrifta i sosiale medium
  • forma ut kommunikasjonsstrategiar og interessentanalysar
  • gjennomføra informasjons- og kommunikasjonskampanjar, inkludert digitale kampanjar og annonsering
  • nytta digitale analyse og måleverktøy for brukarinnsikt
  • svara på spørsmål frå pressa, skriva pressemeldingar og arrangera pressekonferansar
  • gi råd til leiinga
  • gi medietrening
  • jobba med beredskap og krisekommunikasjon

Yrket må ikkje forvekslast med journalist, som har ein heilt annan innfallsvinkel til informasjonsarbeidet sitt. Det må heller ikkje forvekslast med marknadsførar.

Stillingstittelen kan også vera informasjonskonsulent, informasjonsrådgivar og PR-rådgivar.

Kor jobbar kommunikasjonsrådgjevarar?

Kommunikasjonsrådgivarar kan jobba i offentleg sektor, private bedrifter og organisasjonar. Du kan også jobba i eit kommunikasjons- eller PR-byrå.

Bli med ein kommunikasjonsrådgjevar på jobb

Korleis er det å jobbe som kommunikasjonsrådgjevar?

Et nærportrett av en mann som lener seg lett mot en hvit vegg. Han smiler svakt, og bakgrunnen består av et kontormiljø med røde lamper som gir varme farger.

Kommunikasjonsrådgiver

Anders Blixhavn

– Vi skal være gode kunnskapsformidlere og eksperter innenfor våre fagområder, og det legger et ansvar på oss, sier Anders.
Ei dame i svart genser og beige jakke. Hun sitter i en sofa og smiler mot kamera. Sofaen er grå og veggen i bakgrunnen er hvit.

Kommunikasjonsrådgiver

Kine Moxness Sandnes

– Vi har ikke de samme forutsetninger til å forstå alle ord, begreper og sammenhenger. Så vår viktigste jobb er å gjøre informasjon tilgjengelig og forståelig, sier Kine.
Portettfoto av Kommunikasjonsrådgiver Marius Wærhaug Madsen

Kommunikasjonsrådgiver

Marius Wærhaug Madsen

– Jeg tenker alltid på leserne. Kanalene kan være alt fra sosiale medier, nettaviser, ukepressen eller konferanser, forteller Marius Wærhaug Madsen.

Viktige egenskaper for en kommunikasjonsrådgjevar

Som kommunikasjonsrådgivar bør du vera glad i å formidla både skriftleg og munnleg. Du må vera utettervend og påliteleg, og det er ein stor fordel at du er samfunnsorientert. Arbeidskvardagen kan vera hektisk, så du bør ha evna til å jobba under tidspress.

Kva tener kommunikasjonsrådgjevarar?

Korleis utdannar du deg til kommunikasjonsrådgjevar?

For stillingar som kommunikasjonsrådgivar blir stilt det ofte kravet om at du har ei bachelorgrad, men ofte også ei mastergrad. Kommunikasjonsrådgivarar kan ha svært ulik utdanningsbakgrunn. Det er vanleg at kommunikasjonsrådgivarar har god kompetanse innan den bransjen arbeidsgivar tilhøyrer. Mange kommunikasjonsrådgivarar har utdanning innanfor PR, kommunikasjon, journalistikk eller liknande.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som kommunikasjonsrådgivar vil det vera relevant med etter- og vidareutdanning i til dømes kommunikasjon og bruk av nye medium. Det blir tilbode kurs og etterutdanning fleire stader i Noreg, og dette kan ofte vera finansiert av arbeidsgivar.

Kva for ei utdanning er vanlegast for kommunikasjonsrådgjevarar?

Bedrifter: Kor jobbar kommunikasjonsrådgjevarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kommunikasjonsrådgjevarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3491105 - INFORMASJONSRÅDGIVER
  • 3491141 - KOMMUNIKASJONSRÅDGIVER (INFORMASJON)
  • 3491102 - INFORMASJONSMEDARBEIDER
  • 3491106 - PR-KONSULENT
  • 3491104 - INFORMASJONSSEKRETÆR
  • 3491128 - PRESSEKONTAKT
  • 3491121 - INFORMASJONSKOORDINATOR
  • 3491101 - INFORMASJONSKONSULENT
  • 2419121 - SENIORRÅDGIVER (KOMMUNIKASJON)
  • 1234114 - KOMMUNIKASJONSSJEF
  • 1234102 - INFORMASJONSDIREKTØR
  • 1234110 - INFORMASJONSLEDER
  • 3419139 - MARKEDSFØRINGSRÅDGIVER (SOSIALE MEDIER)
  • 1234115 - FYLKESDIREKTØR (KOMMUNIKASJON)

Andre yrke

En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Blomsterdekoratør Ingrid Marie Aarre med blomsterkrans i håret lager en blomsterkrans med rosa blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Tekstforfatter

Tekstforfattar

Ein tekstforfattar skriv tekstar og utviklar idear og konsept for nettsider, reklamekampanjar, TV og radio.
Statsmeteorolog Rebecca Roggentin studerer snøen nøye på feltarbeid med skredekspert Solveig Øvstedal Kosberg fra NVE og Silje Haaland fra Statens vegvesen. Kommunikasjonsrådgiver Kristin Rosnes Holte fra MET følger spent med.

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.

Relaterte lenker