Gjennomgått i samarbeid med Norges Tannteknikerforbund 11. august 2025

Tanntekniker

Ein tannteknikar lagar tannerstatningar til pasientar som har mista eller skadde tennene sine.

Arbeidsoppgaver

Tannteknikaren får eit avtrykk eller ein skanna 3D-modell av tennene til pasienten frå tannlegen. Dette er grunnlaget for arbeidet til tannteknikaren med å laga tannerstatningar for ein eller fleire tenner.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tannteknikar:

  • laga tannerstatningar som blir festa permanent i munnen (tannkroner og tannbruer)
  • laga avtakbare løysingar for heile eller delar av tannsettet, som til dømes gebiss
  • laga bitskjener for å dempa tanngnissing om natta
  • laga sportsskjener for å verna tennene under idrett
  • laga kjeveortopediske plater (gummar eller nattplater) for pasientar med tannregulering
  • pasientkontakt, til dømes for å finna ut kva farge tannerstatninga bør ha, og om det du har laga passar til pasienten

Tannerstatningar blir laga i mange ulike materiale som har ulike funksjonar og krev ulike framstillingsprosessar. Keramer, metall-legeringar, akrylater og porselen er blant materiala du bruker når du produserer det. I tillegg blir hjelpemateriale brukte som gips og voks.

For å laga produkta bruker du både hendene og dataprogram, såkalla CAD/Cam-produksjon.

Som tannteknikar jobbar du i nært samarbeid med tannlege, og det blir stadig vanlegare å ha pasientkontakt.

Tannteknikar er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar tannteknikere?

Tannteknikaren arbeider på eit tannteknisk laboratorium eller i eit tannhelseteam saman med tannlegar og anna tannhelsepersonell. I Noreg er laboratoria private bedrifter. Nokre få tannteknikarar arbeider i det offentlege knytt til den kommunale tannhelsetenesta, eller jobbar med undervisning ved universitet eller høgskular.

Bli med ein tanntekniker på jobb

Korleis er det å jobbe som tanntekniker?

En kvinne med langt, lyst hår smiler mot kamera. Hun har på seg en sort genser og står innendørs med nøytrale gardiner og vegger i bakgrunnen.

Tanntekniker

Linn Maribu

– Pasienter som har vært helt tannløse kan gå ut herfra med et fullt tannsett, spise normalt igjen og smile bredt. Det gir meg mye og gjør jobben givende, smiler Linn.
En mann i hvite arbeidsklær. Han holder avtrykk av tenner. Han er i et laboratorium.

Tanntekniker

Martin Nordengen

Å jobbe som tanntekniker innebærer å løse utfordringer ved å tenke kreativt og litt utenfor boksen. Vi har regler og normer som vi følger, men ellers er det et kunstnerisk yrke, sier Martin Nordengen.
Portrettbilde av tanntekniker Ulf Ragnar Bjerke

Tanntekniker

Ulf Ragnar Bjerke

– Å ha formsans er avgjørende for å bli tanntekniker, samt det å ha estetisk sans, sier Ulf Ragnar Bjerke.

Viktige egenskaper for en tanntekniker

Du bør like å bruka hendene, ha teknisk innsikt og god form- og fargesans. Du bør like å samarbeida med andre, vera strukturert og nøyaktig. Sidan arbeidstempoet ofte er høgt, er det viktig å vera flink til å planleggja.

Kva tener tannteknikere?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til tanntekniker?

Kva jobbar tannteknikerutdannede med?

  • 664399 - Tannteknikk, uspesifisert, lavere nivå
  • 664302 - Bachelor, tannteknikk, treårig
  • 664301 - Tanntekniker, treårig.
  • 464302 - Tannteknikerfaget, VK II
  • 464301 - Tannteknikerfaget, videregående, avsluttende utdanning

Bedrifter: Kor jobbar tannteknikere?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tannteknikere

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7311119 - TANNTEKNIKER
  • 7311110 - TANNTEKNIKERMESTER
  • 7311129 - TANNTEKNIKERASSISTENT

Andre yrke

Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.