Ortopediingeniør
Arbeidsoppgaver
Ein ortopediingeniør formar ut og tilpassar ortopediske hjelpemiddel som kan kompensera for eller forbetra ein nedsett rørslefunksjon. Desse hjelpemidla kan vera protesar som erstattar ein kroppsdel, ortosar som skal stabilisera ein kroppsdel eller fremja eit ønskt rørslemønster og ortopedisk fottøy som kan korrigera eller avlasta gonge.
Ortopediingeniøren vurderer funksjonsnedsetjing, livssituasjon og helsetilstand til kvar enkelt pasient for å finna ut kva hjelpemiddel som passar best.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein ortopediingeniør:
- analysera og vurdera menneskes funksjonsevne og behov for ulike ortopediske hjelpemiddel
- ta mål, avstøypingar og designa protesar, ortosar og ortopedisk fottøy
- samarbeide med ortopediteknikaren om å laga hjelpemidla
- samarbeide med andre yrkesgrupper og pasienten sjølv for å komma fram til eit best mogleg resultat
- kombinera kunnskap om sjukdomslæra, anatomi, biomekanikk og materiallæra
Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med pasienten sjølv og andre fagpersonar, som ortopeditekniker, fysioterapeut, ergoterapeut og lege.
I dette yrket må du ha både teknisk og medisinsk kompetanse.
Kor jobbar ortopediingeniørar?
Som ortopediingeniør jobbar du klinisk i offentlege eller private ortopeditekniske verksemder. Det er også moglegheiter til å jobba hos leverandørar av produkt til den ortopeditekniske bransjen, eller som lærer ved ortopediingeniørutdanninga.
Hjelpemiddelsentralar, funksjonshemmas organisasjonar, andre område innan helsevesenet eller hjelpeorganisasjonar kan vera andre aktuelle arbeidsplassar.
Korleis er det å jobbe som ortopediingeniør?
Ortopediingeniør
Rakel Morbech
Ortopediingeniør
Tom Robertson
Viktige egenskaper for en ortopediingeniør
Du må ha ei interesse for tekniske løysingar som kan bidra inn i menneskes livskvalitet. Yrket krev nøyaktigheit og presisjon for å skapa dei beste løysingane for kvar enkelt pasient.
Som ortopediingeniørar må du vera kreativ og løysingsorientert i møte med ulike menneske med ulike behov.
Du bør ha empatiske og kommunikative evner ettersom yrket inneber tett samarbeid med pasientar, og andre fagpersonar.
Det er ein fordel å vera interessert i teknologi og innovasjon då det blir nytta ulike digitale løysingar i yrket.
Kva tener ortopediingeniørar?
Lønnsstatistikken for ortopediingeniør ligg under kategorien protese- og tannteknikarar, der protese viser til tannprotese. Ikkje arm- eller beinprotesar som ortipediingeniørene framstiller.
Det er stor forskjell i lønn for ortopediingeniørar etter turnusteneste, og etter 10 års ansiennitet.
Korleis utdannar du deg til ortopediingeniør?
For å bli ortopediingeniør må du ta bachelor i ortopediingeniør. For å bli offentleg autorisert ortopediingeniør krevst to års turnusteneste. Du må ta minimum eitt av åra i Noreg, medan resten kan takast i utlandet.
Les meir om ortopediingeniørfag.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Du kan ta mastergrad i ortopediingeniørfag i utlandet. I Noreg kan du ta ein master i helsevitskap og master i rehabilitering.
Kva jobbar ortopediingeniørutdanna med?
- 669939 - Bachelor, ortopediingeniørfag, treårig
- 669908 - Ortopediingeniør, treårig.
Bedrifter: Kor jobbar ortopediingeniørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med ortopediingeniørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3119133 - ORTOPEDIINGENIØR
- 3119132 - LEDENDE ORTOPEDIINGENIØR
Andre yrke
Ortopediteknikar
Manuellterapeut
Radiograf
Bioingeniør
Ingeniør
Perfusjonist
Sivilingeniør
Nevrolog
Maskinsjef
Kardiolog
Aktivitør