Gjennomgått i samarbeid med Nevrosykepleie NSF 20. mai 2025

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.

Arbeidsoppgaver

Nevrosjukepleiarar er vidareutdanna sjukepleiarar med spesialisering innanfor behandling av sjukdom og skade i hjernen og nervesystemet. Arbeidsoppgåvene varierer ut frå dei ulike arbeidsstadene, primæroppgåvene på institusjonen der du jobbar, og spesialiseringa du har.

Spesialkompetansen til nevrosjukepleiaren omfattar:

  • sjukdomsutviklinga ved nevrologiske skadar og lidingar
  • korleis pasientar med sjukdom og skade i hjernen og nervesystemet opplever sjukdommen sin
  • ulike behandlingstilbod for menneske med sjukdom og skade i hjernen og nervesystemet

Som nevrosjukepleiar er du med på å behandle ei rekke lidingar tilknytt hjernen og nervesystemet, deriblant epilepsi, hjerneslag, hovud- og nakketraume, hjernesvulstar, hovudverk og ansiktssmerter, muskelsjukdommar og parisar/lammingar, minnetap og demens, multippel sklerose og søvnsjukdommar. Nevrosykepleiarar jobbar kunnskapsbasert og vil ha kompetanse til å kunne drive fagutvikling.

Nevrosjukepleiarar er ein av fleire typar spesialsjukepleiarar.

Kor jobbar nevrosjukepleiarar?

Nevrosjukepleiaren kan arbeide med nevrologiske lidingar i sjukehus på medisinske og kirurgiske avdelingar, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod. Som nevrosykepleiar kan du også jobbe sjølvstendig, for eksempel ved sykepleierdrevet poliklinikk. 

Korleis er det å jobbe som nevrosjukepleiar?

Portrettbilde av en dame med skulderkort, blondt hår. Hun har på seg hvit sykepleieruniform og har briller.

Nevrosykepleier

Kristin Bækken Sjåstad

– Jo mer jeg som sykepleier kan innen nevrofaget, jo mer kan jeg formidle til pasientene og jo mer mestring kan de oppleve, forteller Kristin.
Portrett av Marie i sykepleieruniform

Nevrosykepleier

Marie Furuholmen Raastad

– Jeg liker veldig godt at jeg kan jobbe med mennesker, og se hvordan kunnskapsbasert praksis kan endre utfall for pasienter som er kronisk eller akutt syke, sier Nevrosykepleier Marie Furuholmen Raastad.

Viktige egenskaper for en nevrosjukepleiar

Som nevrosjukepleiar bør du ha gode samarbeidsevner og kunne kommunisere godt med kollegaer, pasientar og pårørande. Du må ha god fagleg innsikt, kunne opptre med ro i krevjande situasjonar og ha evne til å formidle ein bodskap på ein klar, korrekt og effektiv måte. Du må også ha eit ønske om å jobbe med kroniske og akutte sjukdommar. 

Kva tener nevrosjukepleiarar?

Statistikken viser lønsstatistikk for gruppa spesialistsjukepleiarar, som inkluderer anestesisjukepleiar, kreftsjukepleiar og fleire liknande stillingar. Tallet viser medianlønna til alle desse samla, med overtid og turnustillegg. Tallet vil difor vere høgare enn grunnlønna til nyutdanna.

Korleis utdannar du deg til nevrosjukepleiar?

For å bli nevrosjukepleiar må du ha ein bachelorgrad i sjukepleie, og så jobbe minst eit år som sjukepleiar før du kan spesialisere deg. Denne spesialistutdanninga gir 60 studiepoeng.

Stillingstittelen nevrosjukepleiar har i dag ikkje tariffesta spesialsjukepleiarlønn eller andre faste tillegg. Dette må forhandlast fram av kvar einskild på sin arbeidsplass.

Kva jobbar sjukepleiarar med vidareutdanning i nevrosjukepleie med?

  • 6611 - Sykepleiefag

Andre yrke

Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En hånd med en plasthanske, holder en kirurgisk saks.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.