Gjennomgått i samarbeid med Seksjon for byutvikling, Tromsø kommune 13. august 2025

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.

Arbeidsoppgaver

Som landskapsarkitekt arbeider du med planlegging og utforming av stader i byar og utbygde område. Du kan til dømes planleggja bustadområde, byrom, møteplassar og parkar. Du kan også planleggja vegar, idrettsanlegg, naturområde eller skuleområde. I tillegg kan du påverka bruk og utvikling av større område til friluftsliv, turisme og næringsutvikling. Det er viktig å meistra ulike digitale verktøy, då landskapsarkitektar jobbar mykje digitalt.

Som landskapsarkitekt må du vera interessert i å skapa eit berekraftig samfunn og ønske å ta vare på og utvikla naturen. Du bruker kunnskapen din til å finna og bruka moglegheitene i området, og ser samtidig på kva følgjer ein plan kan få. Endringar i naturen og miljøet kan påverka både folk som bur der, og dyr og plantar.

Landskapsarkitekten har ei viktig rolle når det gjeld å handtera klimaendringane no og i framtida. Ein viktig del av jobben handlar til dømes om å planleggja korleis overvatn kan leiast bort frå busetnad på ein god måte, slik at det gjer minst mogleg skade.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein landskapsarkitekt:

  • formidle moglegheitene for natur- og kulturopplevingar som kan liggja i eit landskap
  • utforme grøntområde, gater, vegar og plassar
  • planlegge og utvikla nabolag, tettstader, byar og bygder
  • forvalte natur- og kulturlandskap

Ein landskapsarkitekt har kompetanse innan samfunnsfag og økologi, og har spesialkunnskap innan formgiving og landskapsestetikk. Landskapsarkitekten har også kunnskap om plantar, konstruksjonar og smart bruk, og gjenbruk av materiale. Det er også ein del landskapsarkitektar som forskar og underviser i fagfeltet.

Landskapsarkitektar samarbeider ofte med andre yrkesgrupper som arkitektar, planleggarar, ingeniørar, entreprenørar, anleggsgartnararøkonomar og ekspertar innan kulturminnevern som kunsthistorikarar og arkeologar. 

Kor jobbar landskapsarkitektar?

Aktuelle arbeidsplassar i offentleg sektor kan vera i ulike sektorar i kommunar, fylke, Jernbaneverket eller Statens vegvesen.

I privat sektor kan du anten arbeida på eigne landskapsarkitektkontor eller i konsulentfirma med mange ulike fagfolk.

Bli med ein landskapsarkitekt på jobb

Korleis er det å jobbe som landskapsarkitekt?

En mann i mørkeblå vest og brun genser. Han ser rett i kameraet og smiler. Han er ute. I bakgunnen er en bygning og en bru.

Landskapsarkitekt

Oskar Hjellbakk Willassen

– Dette yrket er ideelt for dem som er lidenskapelig opptatt av design og landskap, sier Oskar.
Portrettbilde av Cecilie. Hun smiler og har brunt hår og briller på seg.

Landskapsarkitekt

Cecilie Espedokken Vik

Landskapsarkitektur er levende og i stadig endring, forteller Cecilie Espedokken Vik om jobben som landskapsarkitekt.

Viktige egenskaper for en landskapsarkitekt

Som landskapsarkitekt løyser du problem på kreative måtar. Du må forstå form og kunne argumentera for kva som er estetisk rett. Du kan sjå for deg korleis byar og naturområde vil utvikla seg i framtida. Du ønskjer å vera med på å forma ut desse områda på ein sosial og miljøvennleg måte. Du bør også kunna samarbeida og snakka godt med andre.

Kva tener landskapsarkitektar?

Korleis utdannar du deg til landskapsarkitekt?

I Noreg kan du ta masterutdanning innan landskapsarkitektur ved tre universitet og høgskolar.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Det er mogleg å ta ulike kurs ved Arkitekthøgskolen i Oslo, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) eller ved Senter for etter- og vidareutdanning ved NMBU (SEVU). Norske Landskapsarkitekters foreining (NLA) held òg kurs.

Kva jobbar landskapsarkitektutdanna med?

  • 757207 - Master, landskapsarkitektur, toårig
  • 757206 - Master, landskapsarkitektur, femårig
  • 757102 - Cand.agric.-utdanning, landskapsarkitektur.
  • 651419 - Bachelor, landskapsplanlegging, treårig
  • 651412 - Landskapsforvaltning og planlegging, treårig.
  • 751422 - Master, landskapsplanlegging, toårig

Bedrifter: Kor jobbar landskapsarkitektar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med landskapsarkitektar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2141117 - LANDSKAPSARKITEKT
  • 2141113 - AREALPLANLEGGER
  • 2141111 - OVERLANDSKAPSARKITEKT
  • 2141110 - SJEFSLANDSKAPSARKITEKT
  • 2141112 - AVDELINGSLANDSKAPSARKITEKT

Andre yrke

Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitektar jobbar med å forma ut hus, bygningar, byar og stader.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Bilde av landmålere i arbeidsuniform som betjener et landmålingsapparat

Landmålar

Ein landmålar måler opp og markerer grenser i terrenget.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Nærbilde av en arbeidsbukse med maleutstyr.

Målar

Målarfaget er eit kreativt fag, kor du jobbar både med kroppen og hovudet. Ein målar behandlar og beskyttar forskjellige overflater.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.