Gjennomgått i samarbeid med Handelshøyskolen, OsloMet 11. mai 2023

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.

Arbeidsoppgaver

Det finst ikkje relevante utdanningstilbod for tida. Denne beskrivinga vil derfor ikkje lenger oppdaterast. 

 

Som kostøkonom har du ein leiarfunksjon. Du har ansvar for innkjøp av råvarer og planlegging av måltid på institusjonar eller i kantiner.

Måltida skal tilfredsstille behova for ernæring og produserast i stor skala til rett pris.

Kostøkonomar har fagkunnskapar om både mat og ernæring, attpå økonomi- og leiingskompetanse.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kostøkonom:

  • planlegge næringsrike måltid
  • kjøpe inn råvarer og forhandle med leverandørar om varer og tenester
  • sette opp vaktlister
  • organisere, lede og motivere tilsette
  • arbeide med budsjett

Yrket kostøkonom har nokon fellestrekk med yrket klinisk ernæringsfysiolog.

Kor jobbar kostøkonomar?

Kostøkonomar jobbar i storkjøkken eller i tilknyting til eit storkjøkken. Døme på arbeidsplassar kan vere: sjukehus og andre helseinstitusjonar, Forsvaret, oljebransjen, fengsel, cateringsbedrifter, hotell og restaurantkjøkken.

Det er og mogleg å jobbe innanfor næringsmiddelindustrien. 

Korleis er det å jobbe som kostøkonom?

Portrettfoto av kostøkonom Kari Anne Myrdal ved Romerike fengsel avdeling Ullersmo

Kostøkonom

Kari Anne Myrdal

Det er jeg som har ansvaret for kjøkkendriften i fengselet, sier Kari Anne Myrdal.

Viktige egenskaper for en kostøkonom

Kostøkonomar bør interessere seg for kosthald og ernæring. Som kostøkonom bør du kunne planlegge, lede og organisere. Du bør også ha ei god forståing for tal.

Kva tener kostøkonomar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til kostøkonom?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som kostøkonom kan du vidareutdanne deg innan personal- og leiarfag, økonomi, ernæring og undervisingsarbeid.

Kva jobbar kostøkonomiutdanna med?

  • 444202 - Kostholdsøkonom, toårig
  • 641154 - Bachelor, kostøkonomi, treårig
  • 641113 - Høgskolekandidat, kostøkonom, toårig

Bedrifter: Kor jobbar kostøkonomar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kostøkonomar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3223102 - KOSTØKONOM

Andre yrke

Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Tre ernæringskokker lager mat ved sida av kvarandre inne på et grovkjøkken

Ernæringskokk

Ernæringskokker lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.