Gjennomgått i samarbeid med Utdanningsforbundet, seksjon for utdanning og forskning 30. august 2023

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.

Arbeidsoppgaver

Grunnskolelærarar er lærarar i grunnskolen, og spesialiserer seg til å jobbe med 1. til 7. trinn eller 5. til 10 trinn.

Som grunnskolelærar skal du leggje til rette for læring, utvikling og gode haldningar hos barn og unge. Det betyr at du skal førebu, gjennomføre og vurdere undervisninga på bakgrunn av skulens verdigrunnlag og læreplanane for faga.

Du bruker den faglege, pedagogiske og profesjonsetiske kompetansen din for å leggje til rette for at alle elevar kan lære på ein best mogleg måte. Profesjonsetikk er å basere arbeidet ditt på etiske verdiar som til dømes respekt, personvern, menneskeverd og profesjonell integritet. 

I tillegg til undervisning i ulike undervisningsfag spelar læraren ei viktig rolle i barn og unges sosialisering. Grunnskolelæraren skal engasjere seg i elevane sin skolekvardag, og følgje med på kvar enkelt elevs personlege utvikling – både fagleg og sosialt. Som lærar må du òg handtere mange ulike situasjonar, til dømes mobbing.

Nokre elevar kan ha behov for ekstra hjelp, og da skal du bidra til å få laga eit pedagogisk opplegg som gjer det enklare for desse elevane å lære. Dette kan gjerne gjerast i samarbeid med ein spesialpedagog

Grunnskolelæraren samarbeider tett med lærarkollegaer, rektor/skoleleiar, undervisningsinspektør, avdelingsleiar og andre tilsette ved skolen. Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med foreldre.

Grunnskolelærar var tidlegare kalla allmennlærar. Omgrepet allmennlærar vil sannsynlegvis brukast i mange år framover for lærarar som underviser i grunnskolen. Grunnskolelærarutdanninga er no ei mastergrad, og nyutdanna grunnskolelærarar er lektorar. Lektor er eigentleg tittelen på ein lærar som har tatt ei mastergrad, og vert ofte brukt om lærarar som underviser i vidaregåande opplæring.

Grunnskolelærarar kan òg ha tittelen adjunkt.

Kor jobbar grunnskolelærarar?

Som grunnskolelærar kan du arbeide i grunnskolen, det vil seie barne- og ungdomsskolen. Du er òg kvalifisert til å arbeide i vaksenopplæringa.

Bli med ein grunnskolelærar på jobb

Korleis er det å jobbe som grunnskolelærar?

Mann med brunt hår og brune øyne smiler og ser inn i kamera. Han har svart skjorte på seg.

Grunnskolelærer

Reidar Jentoft

– Som lærer er du en rollemodell som skal skape trygghet og veilede elevene i deres ferd gjennom opplæringen, mener Reidar.
Portrett av grunnskolelærer Gina Norheim Svendsen

Grunnskolelærer

Gina Norheim Svendsen

– Som lærer er man nesten sikret jobb uansett område, sier Gina Norheim Svendsen.

Viktige egenskaper for en grunnskolelærar

Som lærar er det viktig at du liker å arbeide med barn og unge, og takle ein ofte ikkje føreseieleg arbeidskvardag. Du må ha evna til å sjå elevane som ei gruppe som skal fungere godt saman, og styrke kvarandre. Samtidig må du klare å sjå kvar enkelt elev sine evner, interesser og behov. Det er òg viktig å halde seg oppdatert på ny, tilgjengeleg kunnskap og forsking på området.

Kva tener grunnskolelærarar?

Korleis utdannar du deg til grunnskolelærar?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som lærar har du ei rekke moglegheiter dersom du ynskjer vidareutdanning. Du kan vidareutdanne deg innan pedagogikk eller fordjupe deg vidare i enkelte fag. Slike vidareutdanningsmoglegheiter finst ved dei fleste høgskolar og universitet i Noreg.

Les om etter- og vidareutdanning for lærarar hos Utdanningsdirektoratet.

Kva for ei utdanning er vanlegast for grunnskolelærarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar lærarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 725602 - Lærerspesialist, profesjonsfaglig digital kompetanse, videreutdanning for lærere
  • 722101 - Master, grunnskolens norskfag, toårig
  • 7221 - Allmenn-/grunnskolelærerutdanninger
  • 6256 - Videreutdanninger for lærere, naturvitenskapelige fag, håndverksfag og tekniske fag
  • 6255 - Videreutdanninger for lærere, økonomiske og administrative fag
  • 6254 - Videreutdanninger for lærere, samfunnsfag og juridiske fag
  • 6253 - Videreutdanninger for lærere, pedagogikk
  • 6252 - Videreutdanninger for lærere, humanistiske og estetiske fag
  • 625101 - Videreutdanning for allmenn-/grunnskolelærere og førskole-/barnehagelærere, uspesifisert
  • 6251 - Videreutdanninger for lærere, uspesifisert
  • 623801 - Praktisk-pedagogisk utdanning for universitets- og høgskolekandidater
  • 6234 - Naturvitenskapelige fag, håndverksfag og tekniske fag, lærerutdanninger
  • 622199 - Allmenn-/grunnskolelærerutdanning, uspesifisert, lavere nivå
  • 622104 - Lærerhøgskole, treårig
  • 622101 - Allmennlærerutdanning, fireårig
  • 6221 - Allmenn-/grunnskolelærerutdanninger

Bedrifter: Kor jobbar grunnskolelærarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med grunnskolelærarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3310115 - PEDAGOG (GRUNNSKOLE)
  • 3310112 - ADJUNKT (GRUNNSKOLE)
  • 3310108 - GRUNNSKOLELÆRER
  • 3310104 - LÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310102 - FAGLÆRER (GRUNNSKOLE)
  • 3310101 - ALLMENNLÆRER

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.
Helsesykepleier måler hodeomkretsen til nyfødt baby.

Helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar gjer du eit viktig arbeid med å ta vare på den fysiske og psykiske helsa til barn og unge.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
Illustrasjonsbilde av jordmor ved siden av mor og nyfødt barn.

Jordmor

Ei jordmor følgjer den gravide kvinna under svangerskap, fødsel og barseltid. Jordmora tek også livmorhalsprøver, utfører rettleiing i samband med familieplanlegging og har samtalar i forkant av- og oppfølging etter abort.
Karriereveileder gir råd på tavle.

Karriererettleiar

Ein karriererettleiar hjelper menneske med å ta bevisste yrkes- og karriereval.