Gjennomgått i samarbeid med Offshore Norge 12. september 2025

Geofysikar

Geofysikarar skal forklara, og nokre gonger føresjå, det som skjer i jordas indre og ytre.

Arbeidsoppgaver

Som geofysikar arbeider du med, eller forskar på, jordas fysikk.

Det kan vera alt frå seismologi (læra om jordskjelv og nærståande fenomen), til fysikken til vatnet, altså oseanografi, eller glasiologi (læra om is). Andre jobbar med meteorologi, som er vitskapen om atmosfæren.

Eit viktig arbeidsfelt for geofysikarar er leiting etter mineral og olje. Andre område er miljø og klima.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein geofysikar:

  • planleggja, gjennomføra og leia innsamling av seismiske data for å undersøkja jordas indre
  • forklara hendingar som skjer både i jordas indre og ytre, slik som kvifor eit jordskjelv oppstår, eller kvifor det regnar
  • samarbeide med geologar for å kartleggja olje- og gassførekomstar, fjellforhold og bergartar
  • forklara fenomen i havet, og dei fysiske og kjemiske eigenskapane til vatnet

Det å auka forståinga for jordas samansetning og fysiske eigenskapar generelt er ei viktig oppgåve for geofysikarar.

Kor jobbar geofysikarar?

Mange geofysikarar jobbar i oljebransjen. Andre arbeider innan meteorologi eller er knytt til forskingsinstitusjonar der dei forskar på eksempelvis hav, is, fjell, vulkanar eller miljø og klima.

Korleis er det å jobbe som geofysikar?

Geofysiker Cecilie Skiple jobber med å tolke store mengder data fra havbunnen..

Geofysiker

Cecilie Skiple

Geofysiker Cecilie tror det blir stor aktivitet innen havvind de kommende årene

Viktige egenskaper for en geofysikar

For å bli geofysikar må du vera nysgjerrig og analytisk. Du bør ha interesse for jordas prosessar og fenomen. Som geofysikar må du også like å jobba i team med andre fagpersonar.

Kva tener geofysikarar?

Korleis utdannar du deg til geofysikar?

Det vanlegaste er å ta ei femårig masterutdanning innan geofysikk. Du kan også ta sivilingeniørutdanning innan geologi eller petroleumsfag.

Kva jobbar geofysikkutdanna med?

  • 756901 - Master, geofag, toårig
  • 756302 - Cand.scient.-utdanning, naturgeografi.
  • 756211 - Master, teknologi, geofag og petroleumsteknologi, femårig
  • 756207 - Cand.scient.-utdanning, geofysikk.
  • 756205 - Sivilingeniørutdanning, geofag og petroleumsteknologi.
  • 756204 - Master of Science, petroleum geosciences, toårig
  • 656999 - Geofag, andre, uspesifiserte, lavere nivå
  • 656299 - Geofysikk, uspesifisert, lavere nivå

Bedrifter: Kor jobbar geofysikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med geofysikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2114101 - GEOFYSIKER
  • 2114113 - SENIOR KONSULENT (GEOLOGI OG GEOFYSIKK)
  • 2114112 - SJEFSKONSULENT (GEOLOGI OG GEOFYSIKK)
  • 2114110 - PETROLEUMSGEOFYSIKER
  • 2114106 - SIVILINGENIØR (GEOLOGI OG GEOFYSIKK)
  • 2114109 - PETROFYSIKER

Andre yrke

Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Geolog inni Pulpi-geoden i Almeria, Spania.

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.
Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
En marinbiolog undersøker tang i fjæra

Marinbiolog

Marinbiologar jobbar med å forske på vekstar, dyr og organismar i vatn.