
Biolog
Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Arbeidsoppgaver
Biologar jobbar med levande organismar i plante- og dyreliv. Mykje av arbeidet hende ute i felten og inne på laboratoriet. Biologen har mellom anna i oppgåve å finne ut kva konsekvensar klimaendringane får for naturen.
Ein biolog må ha kunnskap om mellom anna bygningen, funksjonen og slektskapen til organismane. Dei må vita om utviklinga av nye livsformer (evolusjon) og samspelet mellom organismane og miljøet (økologi).
Arbeidsoppgåvene til biologar varierer etter spesialisering og kva jobb du får. Nokre vanlege arbeidsoppgåver for biologar kan vera:
- innsamla og analysere av prøvar av biologisk materiale (plantar, insekt, jord, vatn osb.)
- forska og skriva rapportar
- overvaka og administrera plante- og dyrelivet, og relasjonar som påverkar det både i naturen og i produksjonsanlegg
- gi råd om miljø, plante- og dyrevelferd, sjukdommar og bakteriar og parasittar
- undervisning og formidling av kunnskap om plantar, dyr og miljø
Det er vanleg at biologar spesialiserer seg innanfor ei eller fleire retningar, til dømes innan:
- mikrobiologi
- fiskehelsebiologi
- paleontologi
- marinbiologi
- cellebiologi
- virologi
- økologi
- zoologi (dyr)
- botanikk (plantar)
- entomologi (insekt)
- mykologi (sopp)
- etologi (åtferda til dyr)
- fysiologi (korleis levande organismar fungerer)
- limnologi (innsjøar og rennande vatn)
- genetikk (arv og genar)
- evolusjonsbiologi (utviklinga til livet)
- toksikologi (læra om gifter)
Kor jobbar biologar?
Biologar jobbar mellom anna i industrien, i miljøorganisasjonar, ved forskingsinstitusjonar, i oljebransjen, offentleg forvaltning, konsulentfirma og i oppdrettsnæringa. Mange jobbar òg med undervising.
Bli med ein biolog på jobb
Korleis er det å jobbe som biolog?

Biolog
Silje Stenstad Nilsen

Mikrobiolog
Maria Disen Barbuti

Zoolog
Joe Partyka
Biolog
Cecilie Notø

Entomolog
Gunnar Mikaelsen Kvifte
Viktige egenskaper for en biolog
Som biolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nysgjerrig, like å undersøke og finne ut av ting, og du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske bevis.
Kva tener biologar?
Korleis utdannar du deg til biolog?
Kva for ei utdanning er vanlegast for biologar?
Kva jobbar biologiutdanna med?
- 851902 - Dr.scient.-utdanning, biologi
- 8519 - Biologiske fag, andre
- 751917 - Master, biovitenskap, toårig
- 751916 - Master, biodiversitet og systematikk, toårig
- 751913 - Master of Science, biology, toårig
- 751911 - Master, cellebiologi for medisinsk/teknisk personell, toårig
- 751910 - Master, medisinsk biologi, toårig
- 751909 - Master, biologi, toårig
- 751908 - Sivilingeniørutdanning, biologi
- 751907 - Master of Philosophy, medical biology
- 751906 - Master of Philosophy, fisheries biology and fisheries management
- 751905 - Master of Philosophy, biology
- 751904 - Mag.scient.-utdanning, biologi
- 751903 - Cand.scient.-utdanning, cellebiologi for medisinsk/teknisk personell
- 751902 - Cand.scient.-utdanning, biologi
- 751901 - Cand.real.-utdanning, biologi
- 651909 - Bachelor, biovitenskap, treårig
Bedrifter: Kor jobbar biologar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med biologar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2211102 - BIOLOG
- 2211128 - SENIORRÅDGIVER (BIOLOGI)
- 2211127 - RÅDGIVER (BIOLOGI)
- 2211126 - SENIORINGENIØR (BIOLOGI)
- 2211125 - INGENIØR (BIOLOGI)
- 2211124 - FORSØKSLEDER (HAVBRUK/AKVAKULTUR)
- 2211123 - FORSKNINGSASSISTENT (FISKE, HAVBRUK)
- 2211122 - MOLEKYLÆRBIOLOG
- 2211121 - FORSKER (BIOLOGI, BOTANIKK OG ZOOLOGI)
- 2211120 - SENIOR KONSULENT (BIOLOGI, BOTANIKK OG ZOOLOGI)
- 2211119 - SJEFSKONSULENT (BIOLOGI, BOTANIKK OG ZOOLOGI)
- 2211118 - STATSMYKOLOG
- 2211117 - STATSENTOMOLOG
- 2211115 - ORNITOLOG
- 2211114 - MYKOLOG
- 2211113 - MIKROBIOLOG
- 2211112 - LIMNOLOG
- 2211111 - MARINBIOLOG
- 2211110 - FISKERIKANDIDAT
- 2211109 - HAVFORSKER
- 2211108 - FORSKER (FISK)
- 2211107 - FISKERÅDGIVER
- 2211106 - FISKEFORSKER
- 2211105 - ENTOMOLOG
- 2211104 - CELLEBIOLOG
- 2211103 - BOTANIKER
- 2211101 - BAKTERIOLOG
- 3211121 - FORSKNINGSTEKNIKER (BIOLOGI)
Andre yrke

Agronom

Aktuar

Anleggsgartnar

Astronaut

Astronom

Bas/Nettmann

Bioingeniør

Biokjemikar

Bioteknolog

Blomsterdekoratør

Bonde

Brønnoperatør
Relaterte lenker
- Nasjonalt senter for realfagsrekruttering: vel riktig
- Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Norsk biologforeining
- Naturvitarane
- Artiklar om biologi på forskning.no
- Norsk Entomologisk Forening
- Noregs sopp- og nyttevekstforbund
- Veterinærinstituttet – mykologi
- Norsk Biologforening: Spør ein biolog
- Norsk Zoologisk Forening
- Økologi på forsking.no
- Norsk økologisk foreining