Apotekteknikar
Arbeidsoppgaver
Ein apotekteknikar arbeider i apotek under fagleg leiing av farmasøytar.
Den viktigaste arbeidsopppgåva er å rettleie kundar i trygg og riktig bruk av reseptfrie legemiddel, medisinsk utstyr og andre apotekvarer. I tillegg jobbar apotekaren med utlevering av reseptbelagte legemiddel og helsetenester som vaksinasjon.
Vanlege arbeidsoppgåver for apotekteknikaren:
- rettleie kundar i trygg og riktig bruk av reseptfrie legemiddel, medisinsk utstyr og andre apotekvarer
- ekspedere reseptbelagte legemiddel
- varebestilling, varemottak og lagerarbeid
Apotekteknikaren utfører alle stega i ein reseptekspedisjon utanom den faglege farmasøytkontrollen. Apotekteknikaren har også ofte ansvar for kampanjar, bestillingar, lager og sendingar.
På sjukehusapotek er apotekteknikaren veldig viktig i tradisjonelt laboratoriearbeid med produksjon av legemiddel.
Apotekteknikarane jobbar i fagleg team med farmasøytar.
Yrket apotekteknikar krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Kor jobbar apotekteknikarar?
Dei fleste apotekteknikarane jobbar i vanlege apotek eller sjukehusapotek. Begge stader kan ein få utvida ansvar over tid, noko som gir ein meir variert arbeidskvardag. Det er også mogleg å få anna jobb i legemiddelbransjen.
Bli med ein apotekteknikar på jobb
Korleis er det å jobbe som apotekteknikar?
Apotektekniker
Henriette Lima
Apotektekniker
Gunn-Celin Knudsen
Viktige eigenskapar for ein apotekteknikar
Som apotekteknikar bør du ha interesse for legemiddel og helse. Du bør like å jobbe med menneske, og vere imøtekommande, serviceinnstilt og ha eit genuint ynskje om å hjelpe andre. Du må vere strukturert og nøyaktig, og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
Kva tener apotekteknikarar?
For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.
Korleis utdannar du deg til apotekteknikar?
Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!
Videreutdanning
Etter og vidareutdanning
Som tilsett i apotek får du tilgang til Apotekenes kompetanse- og utviklingssenter (Apokus) sine E-læringskurs for apotektilsette.
Bedrifter: Kor jobbar apotekteknikarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med apotekteknikarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5137101 - APOTEKTEKNIKER
- 5137103 - FØRSTEAPOTEKTEKNIKER
- 5137102 - LEDENDE APOTEKTEKNIKER
Relaterte lenker
Andre yrke
Farmasøyt
Legemiddelkonsulent
Ortopediteknikar
Tannhelsesekretær
Optikar
Forsikringsrådgivar
Idrettskonsulent
Ernæringskokk
Kjemikar
Massasjeterapeut
Portør