Gjennomgått i samarbeid med Norsk forening for allmennmedisin 21. november 2023

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.

Arbeidsoppgaver

Ein spesialist i allmennmedisin er ein lege som har spesialisert seg på det medisinske feltet allmennmedisin.

Allmennlegen jobbar både med førebyggande og behandlande medisin og må derfor ha breie og generelle kunnskapar om alle dei vanlegaste sjukdommane og helseplagene som befolkninga blir råka av.

Vanlege arbeidsoppgåver for allmennlegen:

  • undersøke symptom
  • stille diagnose
  • behandle sjukdommar
  • formidle tenester innan helsevesenet
  • gi råd og rettleiing til pasientar og pårørande
  • gjere administrativt arbeid
  • oppdatere seg på ny forsking

Allmennlegen er som oftast den første legen pasienten møter. Møtet med pasienten kan finne stad på legekontoret, legevakta og i sjukebesøk, og dessutan ved andre deler av den kommunale helsetenesta.

Dei fleste allmennlegane jobbar som fastlegar og har da ein forpliktande rolle når det gjeld pasientgruppa si og for å ta vare på pasienten over tid. Slik kan pasienten kjenne seg trygg på at det er ein lege som har oversikt over pasienten sine helseplager.

Allmennlegen samarbeider med andre deler av helsetenesta og viser til spesialisthelsetenesta når det er nødvendig.

Når du jobbar som lege, må du vere innstilt på å halde deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling. 

Kor jobbar allmennmedisinarar?

Dei fleste allmennlegar er fastlegar og arbeider på legekontor. Andre aktuelle arbeidsplassar er legevakter, sjukeheimar og helsestasjonar.

Bli med en allmennlege på jobb

Hvordan er det å jobbe som allmennlege?

Intervjuer

Dame med brunt hår i hestehale og blå t-skjorte. Hun smiler og ser i kamera.

Allmennlege

Marit Nymoen Aasbrenn

– Jeg liker aller best at jeg får bli kjent med pasientene og deres familier over tid, sier fastlege og spesialist i allmennmedisin Marit Nymoen Aasbrenn.
 Øystein Seth Fiskå på legekontoret sitt i Oslo.

Allmennlege

Øystein Seth Fiskå

– Jeg liker prosessen, eller selve detektivjobben ved å finne ut hva som feiler folk, sier Øystein Seth Fiskå

Passer jeg til å bli allmennlege?

Som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske og du må ha evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må vere sjølvstendig, ha god vurderingsevne og kunne takle eventuelle krisesituasjonar.

Hva tjener allmennmedisinarar?

Hvordan utdanner du deg til allmennlege?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

Dei neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Dei fleste spesialistar i allmennmedisin deltar i etterutdanning og fornyar sertifiseringa som spesialist kvart femte år. Ein krev eitt år allmennmedisinsk teneste i løpet av femårsperioden, forskjellege kurs og andre etterutdanningsaktivitetar. 

Hva jobber medisinutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 763201 - Allmennmedisin, spesialistutdanning for leger
  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter: Hvor jobber allmennmedisinarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med allmennmedisinarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221139 - FASTLEGE
  • 2221102 - ALLMENNPRAKTISERENDE LEGE

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.