Statsviter på talerstolen.
Yrkesskildring

Statsvitar

favoritt ikon

Som statsvitar har du kunnskap om korleis samfunn vert organisert og styrt politisk og av den politiske åtferda til samfunnsborgarane.

Statsvitarar har høg kompetanse innan analyse, metode og statistikk og bruker dette i det daglege arbeidet. Statsvitarar er som regel ikkje tilsette som statsvitarar, men ofte som konsulentar, rådgivarar eller informasjonsarbeidarar.

Arbeidsoppgåvene for ein statsvitar vil variere mykje avhengig av kvar du er tilsett. Statsvitaren kan til dømes observere og analysere politiske prosessar og innhaldet i politikken myndigheitene fører, samt sjå på konsekvensane av dei politiske vedtaka. For ein del arbeidsgivarar er det viktig med kunnskap om korleis det norske politiske systemet er oppbygd, og statsvitarar vil ha god kjennskap til dette. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein statsvitar:

  • planleggingsarbeid og utgreiing i offentleg forvalting og det private næringslivet
  • arbeid i interesseorganisasjonar
  • arbeid i internasjonale organisasjonar
  • formidlingsoppgåver i massemedia og andre informasjonsorgan
  • undervisingsoppgåver i vidaregåande skolar, universitet og høgskolar
  • forsking

Det er vanleg at statsvitarar har spesialisering innan ei eller fleire av dei statsvitskaplege fagfelta. Dei vanlegaste er:

  • politisk teori
  • offentleg politikk og administrasjon
  • internasjonal politikk
  • komparativ politikk
  • organisasjonsteori

Kvar arbeider statsvitarar?

Statsvitaren har kompetanse som er etterspurd i både offentleg og privat sektor. Statsvitarar kan derfor arbeide mange ulike stader, deriblant i offentlege organ, private bedrifter og internasjonale organisasjonar. 

Personlege eigenskapar

Du bør kunne arbeide systematisk med teoretisk stoff, og det er viktig å kunne uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg. Ein statsvitar skal formidle kunnskap og informasjon på ein lettfatteleg måte.

Utdanning

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Kva jobbar statsvitarutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Rådgiver/forsker, samfunnsvitenskap
Heltid
Alle sektorer
777 personer
444 personer
333 personer
Ca 343 kr
Ca 329 kr
Ca 367 kr
55 570 kr
53 350 kr
59 510 kr
666 840 kr
640 200 kr
714 120 kr
Ca 343 kr
Ca 329 kr
Ca 367 kr
55 570 kr
53 350 kr
59 510 kr
666 840 kr
640 200 kr
714 120 kr
Ca 359 kr
Ca 344 kr
Ca 379 kr
58 140 kr
55 720 kr
61 360 kr
697 680 kr
668 640 kr
736 320 kr
Ca 359 kr
Ca 344 kr
Ca 379 kr
58 370 kr
55 930 kr
61 610 kr
700 440 kr
671 160 kr
739 320 kr
Rådgiver/forsker, samfunnsvitenskap
Deltid
Alle sektorer
176 personer
Ca 345 kr
Ca
Ca
55 830 kr
669 960 kr
Ca 345 kr
Ca
Ca
55 830 kr
669 960 kr
Ca 338 kr
Ca
Ca
54 810 kr
657 720 kr
Ca 338 kr
Ca
Ca
54 860 kr
658 320 kr
Rådgiver/forsker, samfunnsvitenskap
Heltid
Privat
686 personer
393 personer
293 personer
Ca 343 kr
Ca 329 kr
Ca 367 kr
55 580 kr
53 350 kr
59 510 kr
666 960 kr
640 200 kr
714 120 kr
Ca 343 kr
Ca 329 kr
Ca 367 kr
55 580 kr
53 350 kr
59 510 kr
666 960 kr
640 200 kr
714 120 kr
Ca 359 kr
Ca 346 kr
Ca 376 kr
58 140 kr
56 080 kr
60 910 kr
697 680 kr
672 960 kr
730 920 kr
Ca 359 kr
Ca 346 kr
Ca 376 kr
58 280 kr
56 200 kr
61 060 kr
699 360 kr
674 400 kr
732 720 kr
Rådgiver/forsker, samfunnsvitenskap
Deltid
Privat
142 personer
Ca 360 kr
Ca
Ca
58 260 kr
699 120 kr
Ca 360 kr
Ca
Ca
58 260 kr
699 120 kr
Ca 354 kr
Ca
Ca
57 370 kr
688 440 kr
Ca 354 kr
Ca
Ca
57 420 kr
689 040 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken