Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 21. januar 2025

Statsvitar

Som statsvitar har du kunnskap om korleis samfunn vert organisert og styrt politisk og av den politiske åtferda til samfunnsborgarane.

Arbeidsoppgaver

Statsvitarar har god kompetanse i analyse, metode og statistikk. Dette bruker dei kvar dag i arbeidet sitt. Dei fleste er vanlegvis ikkje tilsette som statsvitarar, men som konsulentar, rådgivarar eller informasjonsmedarbeidarar.

Ein statsvitar utfører ulike oppgåver ut frå kvar dei jobbar. Dei studerer politiske saker og ser korleis avgjerder frå styresmaktene påverkar samfunnet. Mange arbeidsplassar treng kunnskapen deira om det norske politiske systemet.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein statsvitar:

  • planlegging og utgreiing i offentleg og privat sektor
  • kommunikasjon, PR og mediehandtering
  • konsulentverksemd innan strategi, organisasjonsutvikling og politisk analyse
  • prosjektarbeid og prosjektstyring/-leiing
  • forstå, handtere og påverke politiske aktørar og prosessar
  • formidle informasjon i media og presse
  • undervising ved vidaregåande skular og høgare utdanning
  • forskingsarbeid

Det er vanleg at statsvitarar har spesialisering innanfor eitt eller fleire av statsvitskapens fagfelt. Dei vanlegaste fagfelta er:

  • politisk teori
  • offentleg politikk og administrasjon
  • internasjonal politikk
  • samanliknande politikk (komparativ politikk)
  • organisasjonsteori

Ofte blir ikkje statsvitarar tilsette med stillingstittelen "statsvitar", men med tittelen "rådgivar", "konsulent" eller "saksbehandlar".

Kor jobbar statsvitarar?

Statsvitarar har kunnskap som mange arbeidsplassar treng. Dei kan jobbe både i det offentlege og private, i interesseorganisasjonar og internasjonale organisasjonar.

Korleis er det å jobbe som statsvitar?

Dame med brunt hår og blå genser ser inn i kamera og smiler.

Statsviter

Kjersti Skarstad

– Statsvitere er attraktive i arbeidsmarkedet, og statsvitenskapelig kunnskap trengs på så mange områder, mener Kjersti.
Portrett Svein Erik Tuastad, utendørs

Statsviter

Svein Erik Tuastad

– Som statsviter må du være interessert i politikk, stat og samfunn, sier Svein Erik Tuastad.

Viktige egenskaper for en statsvitar

Du bør kunne arbeide systematisk med teoretisk stoff, og det er viktig å kunne uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg. Ein statsvitar skal formidle kunnskap og informasjon på ein lettfatteleg måte.

Kva tener statsvitarar?

Korleis utdannar du deg til statsvitar?

Kva jobbar statsvitarutdanna med?

  • 731112 - Master, statsvitenskap, toårig
  • 731114 - Master, sammenliknende politikk, toårig
  • 731101 - Cand.polit.-utdanning, administrasjons- og organisasjonsvitenskap.
  • 731102 - Cand.polit.-utdanning, offentlig politikk og administrasjon.
  • 731103 - Cand.polit.-utdanning, sammenliknende politikk.
  • 731104 - Cand.polit.-utdanning, statsvitenskap.
  • 731105 - Mag.art.-utdanning, administrasjons- og organisasjonsvitenskap.
  • 731106 - Mag.art.-utdanning, sammenliknende politikk.
  • 731107 - Mag.art.-utdanning, statsvitenskapelige fag.
  • 731111 - Master, administrasjon og organisasjonsvitenskap, toårig
  • 731120 - Master, demokratibygging, 1½-årig
  • 731109 - Master, samfunnsplanlegging, toårig
  • 731118 - Master, Europa-studier, toårig
  • 731119 - Master, internasjonal sikkerhet, etterretning og etikk (ISEE), 1½-årig
  • 731121 - Master, internasjonale studier, toårig
  • 731115 - Master, konflikt, sikkerhet og flerkulturell forståelse, 1½-årig
  • 731116 - Master, offentlig administrasjon, 1½-årig
  • 731108 - Master, offentlig administrasjon, toårig
  • 731117 - Master, politikk og samfunnsendring, toårig
  • 731123 - Master, politisk kommunikasjon, toårig
  • 731122 - Master, samfunnsanalyse, toårig
  • 731110 - Samfunnsplanlegging, toårig videreutdanning
  • 831101 - Dr.philos.-utdanning, statsvitenskapelige fag
  • 831102 - Dr.polit.-utdanning, statsvitenskapelige fag.
  • 831104 - Ph.d.-program, statsvitenskapelige fag

Bedrifter: Kor jobbar statsvitarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med statsvitarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2542109 - FORSKNINGSASSISTENT (SOSIOLOGI, SOSIALANTROPOLOGI, SAMFUNNSGEOGRAFI OG STATSVITENSKAP)
  • 2542108 - RÅDGIVER (INTERNASJONAL POLITIKK)
  • 2542106 - FORSKER (SOSIOLOGI, SOSIALANTROPOLOGI, SAMFUNNSGEOGRAFI OG STATSVITENSKAP)
  • 2542105 - STATSVITER

Andre yrke

En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.