Gjennomgått i samarbeid med Seksjon for byutvikling, Tromsø kommune. 30. august 2023

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.

Arbeidsoppgaver

Som landskapsarkitekt arbeider du med planlegging og formgivning av stader i byar og i større og mindre bygde ut område. Du kan til dømes planleggja bustadområde, byrom, møteplassar, parkar, veganlegg, idrettsanlegg, friluftsområde eller skuleområde. Du kan også påverka bruk og utvikling av større område til friluftsliv, turisme og/eller næringsutvikling.

Som landskapsarkitekt må du ha interesse for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling, og ønske å bevara og utvikla naturen. Landskapsarkitekten bruker kunnskapen sin til å peika på og utnytta dei moglegheitene som ligg i området, og ser samtidig etter kva konsekvensar ein plan kan ha. Endringar i dei fysiske omgivnadene kan påverka både menneska som ferdast der, og naturgrunnlaget.

Landskapsarkitekten har ei viktig rolle når det gjeld å handtera klimaendringane no og i framtida. Ein viktig del av jobben handlar til dømes om å planleggja korleis overvatn kan leiast bort frå busetnad på ein god måte, slik at det gjer minst mogleg skade.


Vanlege arbeidsoppgåver for ein landskapsarkitekt:

  • Formidle moglegheitene for natur- og kulturopplevingar som kan liggja i eit landskap
  • Utforme grøntområde, gater, vegar og plassar
  • Planlegge og utvikla nabolag, tettstader, byar og bygder
  • Forvalte natur- og kulturlandskap

 

Ein landskapsarkitekt har kompetanse innan samfunnsfag og økologi, og har spesialkunnskap innan formgiving og landskapsestetikk. Landskapsarkitekten har ogsåkunnskap om plantar, konstruksjonar og smart bruk, og gjenbruk av materiale.

Ein del landskapsarkitektar forskar og underviser i fagfeltet.

Landskapsarkitektar samarbeider ofte med andre yrkesgrupper som arkitektar, planleggarar, ingeniørar, entreprenørar, anleggsgartnararøkonomar og ekspertar innan kulturminnevern som kunsthistorikarar og arkeologar. 

Kor jobbar landskapsarkitektar?

Aktuelle arbeidsplassar i offentleg sektor kan vera i ulike sektorar i kommunar, fylke, Jernbaneverket eller Statens vegvesen.

I privat sektor kan du anten arbeida på eigne landskapsarkitektkontor eller i konsulentfirma med mange ulike fagfolk.

Intervjuer

Portrettbilde av Cecilie. Hun smiler og har brunt hår og briller på seg.

Landskapsarkitekt

Cecilie Espedokken Vik

Landskapsarkitektur er levende og i stadig endring, forteller Cecilie Espedokken Vik om jobben som landskapsarkitekt.

Viktige eigenskapar

Som landskapsarkitekt er du løysingsorientert og kreativ. Du må ha god forståing for form og ha evne til å argumentera fagleg om estetiske problemstillingar. Du har evne til å sjå for deg eit framtidig by-, natur- og kulturlandskap og ønskjer å ta del i utforminga av desse i tråd med sosial og økologisk berekraft. Du bør også ha evna til å samarbeida og kommunisera godt med andre.

Lønn

Utdanning

I Noreg kan du ta masterutdanning innan landskapsarkitektur ved tre universitet og høgskolar.

Etter- og vidareutdanning
Det er mogleg å ta ulike kurs ved Arkitekthøgskolen i Oslo, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) eller ved Senter for etter- og vidareutdanning ved NMBU (SEVU). Norske Landskapsarkitekters foreining (NLA) held òg kurs.

Dei vanlegaste jobbane blant landskapsarkitektutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 757207 - Master, landskapsarkitektur, toårig
  • 757206 - Master, landskapsarkitektur, femårig
  • 757102 - Cand.agric.-utdanning, landskapsarkitektur
  • 651419 - Bachelor, landskapsplanlegging, treårig
  • 651412 - Landskapsforvaltning og planlegging, treårig
  • 751422 - Master, landskapsplanlegging, toårig

Bedrifter som ansetter landskapsarkitektar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med landskapsarkitektar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2141117 - LANDSKAPSARKITEKT
  • 2141113 - AREALPLANLEGGER
  • 2141111 - OVERLANDSKAPSARKITEKT
  • 2141110 - SJEFSLANDSKAPSARKITEKT
  • 2141112 - AVDELINGSLANDSKAPSARKITEKT

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bonde bak gjerde med kyr i bakgrunnen.

Bonde

Som bonde er du sjølvstendig næringsdrivande og driv din eigen gard.