Gjennomgått i samarbeid med Norsk Journalistlag 08. november 2022

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.

Arbeidsoppgaver

Som journalist samlar du inn opplysingar, som du analyserer og vurderer, før du formidlar desse gjennom ulike media som aviser, radio, fjernsyn, internett, magasin, tidsskrift med meir.

Ofte er du tilsett i ein redaksjon og arbeider med eit bestemt område, for eksempel nyheiter, sport, kultur, utanriks eller anna. I små redaksjonar arbeider journalisten ofte innanfor fleire ulike område. Nokon journalistar spesialiserer seg også innan ulike media, for eksempel som videojournalist.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein journalist:

  • samle inn informasjon gjennom observasjonar, intervju, videoar eller bilde
  • tilverke informasjonen, for eksempel gjennom å skrive ein artikkel
  • presentere informasjonen for lesarar, lyttarar og sjåarar i form av artiklar, reportasjar eller notisar
  • kjeldepleie og kjeldekontakt
  • førebu intervju eller debattar
  • gjere research

Journalisttittelen er ikkje ein verna tittel, og kven som helst kan kalle seg journalist. Journalistrolla utøvast innan etiske og juridiske reglar, som mellom anna er nedfelte i Ver varsam-plakaten. Språket og framstillinga av ei sak skal tilpassast i tråd med denne. Å framstille ei sak sett frå fleire sider, stille kritiske spørsmål og å verne kjeldene sine er nokre av dei viktigaste journalistikkfaglege prinsippa.

Journalisten har lojaliteten sin hos publikum, og skal basere sine saker på frie journalistiske vurderingar. Det betyr at ein journalist ikkje skal la seg pressa til å formidla informasjon i tråd med interessene til andre. Journalistar skal vere auga og kontrollen i samfunnet overfor regjering, Stortinget og domstolane, og derfor kallar me ofte journalistar for vaktbikkja i samfunnet.

Yrket må ikkje forvekslast med ein kommunikasjonsrådgivar, som arbeider med å formidle bestemte bodskap.

Kor jobbar journalistar?

Som journalist kan du arbeide i medieverksemder, som ulike avisredaksjonar, magasin, vekeblad, radiostasjonar, fjernsynsstasjonar og nettredaksjonar. Ein del personar med bakgrunn frå journalistikk byrjar å jobbe i offentlege og private informasjons- og kommunikasjonsavdelingar.

Journalisten kan mellom anna arbeide som researchar, reporter, programleiar eller produsent. Fleire journalistar arbeider som avis- eller nettredaktørar i fjernsyn, radio eller i trykt presse.

Bli med ein journalist på jobb

Korleis er det å jobbe som journalist?

En mann med mørkt, kort hår og grønn skjorte smiler til kamera. Bak ham er en hvit vegg og en murstein-vegg.

Journalist

Per-Atle Karlsen

– I min jobb er det ikke mange vanlige arbeidsdager, forteller Per-Atle.
Journalist Karina Rydningen Torberntsson står og smiler stort inn i kameraet mens hun holder en rød mikrofon der det står Avisa Oslo. Hun har håret stramt i en hestehale, og hvit genser med beige jakke utenpå.

Journalist

Karina Rydningen Torberntsson

Jeg får et innblikk i ulike liv, og i beste fall muligheten til å endre de til det bedre, forteller Karina om jobben som journalist.
Portrett av Dennis Siva Lie

Programleder

Dennis Siva Lie

Dennis studerte biologi da han bestemte seg for å satse på formidling av naturvitenskap. I dag har han drømmejobben som programleder i Newton på NRK.

Viktige egenskaper for en journalist

Ein journalist bør vere samfunnsengasjert, kreativ og nysgjerrig. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Journalisten må like å vere saman med andre menneske og kunne arbeide under tidspress.

Kva tener journalistar?

Korleis utdannar du deg til journalist?

Kva for ei utdanning er vanlegast for journalistar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar journalistikkutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 635299 - Journalistikk, uspesifisert, lavere nivå
  • 635205 - Bachelor, journalistikk, treårig
  • 635204 - Diplomstudiet, økonomi og næringslivsjournalistikk
  • 635202 - Høgskolekandidat, journalist, toårig
  • 6352 - Journalistikk
  • 616302 - Høgskolekandidat, fotojournalist, toårig
  • 535206 - Fagskoleutdanning, nettjournalistikk, halvårig
  • 535205 - Fagskoleutdanning, journalistikk, toårig
  • 535204 - Fagskoleutdanning, journalistikk
  • 535201 - Journalistikk og media, ettårig
  • 5352 - Journalistikk
  • 735201 - Cand.philol.-utdanning, journalistikk
  • 735103 - Cand.philol.-utdanning, media og massekommunikasjon
  • 735202 - Cand.polit.-utdanning, journalistikk
  • 735203 - Master, journalistikk, toårig

Bedrifter: Kor jobbar journalistar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med journalistar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3491103 - JOURNALIST
  • 3491133 - REDAKTØR (REDAKSJONSMEDLEM)
  • 3491114 - NYHETSREDAKTØR
  • 3491119 - REDIGERER (AVIS)
  • 3491112 - FREELANCEJOURNALIST
  • 3491115 - REDAKSJONELL MEDARBEIDER (JOURNALIST)
  • 3492111 - PROGRAMLEDER (RADIO OG FJERNSYN)
  • 3491146 - NYHETSLEDER (NETTAVIS)
  • 3491134 - KRITIKER (ANMELDER)
  • 3491125 - REDAKSJONSSEKRETÆR
  • 3491124 - DESKSJEF
  • 3491123 - DESKMEDARBEIDER
  • 3491122 - DESKARBEIDER
  • 3491119 - REDIGERER (AVIS)
  • 3491118 - REDAKSJONSASSISTENT (JOURNALIST)
  • 3491117 - FINANSJOURNALIST
  • 3491116 - UTENRIKSKORRESPONDENT
  • 3491110 - NETTJOURNALIST
  • 3491138 - PROSJEKTLEDER (AVIS)
  • 3492118 - PODKASTER
  • 3492103 - PROGRAMMEDARBEIDER (RADIO OG FJERNSYN)
  • 3492113 - RADIOREPORTER
  • 3492112 - FJERNSYNSREPORTER
  • 3491111 - NYHETSREPORTER
  • 2551116 - FILMKRITIKER

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.