Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for informasjonsteknologi og medieproduksjon 25. mars 2022

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.

Arbeidsoppgaver

Etter fagfornyelsen har lærefaget IKT-servicefag blitt erstatta med IT-driftsfaget og IT-utviklarfaget. Yrkestittelen IKT-servicemedarbeidar blir erstatta med IT-driftsteknikar og IT-utviklar.

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift, brukarstøtte, opplæring og rådgiving knytt til IKT-løysingar og IKT-infrastrukturar på arbeidsplassar.

Vanlege arbeidsoppgåver for IKT-servicemedarbeidaren:

  • hjelpe tilsette på arbeidsplassen med råd og opplæring om IKT
  • installere, drifte og halde ved like nettverk og programvare nytta av bedrifta
  • bidra i vurderinga av kva IKT-løysingar bedrifta skal satse på
  • bidra til å vidareutvikle og effektivisere verksemda ved hjelp av IKT
  • sørge for at bedrifta har eit godt digitalt arbeidsmiljø
  • ha ansvaret for at forskrifter, lovar og standardar blir følgt
  • verne om informasjon og personar

Det daglege arbeidet kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass, men som IKT-servicemedarbeidar må du ha god kjennskap til IKT-systema i den aktuelle bedrifta. 

Som IKT-servicemedarbeidar må du til ei kvar tid vere oppdatert på ny teknologi, nye IT-løysingar og nye arbeidsverktøy. Du må kunne meistre teknisk engelsk, sidan brukarrettleiingar ofte er på engelsk.

Mange med IKT-servicefag arbeider som IT-konsulentar. Yrket heitte tidlegare IKT-driftsoperatør.

Kor jobbar IKT-servicemedarbeidarar?

IKT-servicemedarbeidarar jobbar i små og store bedrifter. Du kan vere del av eit IKT-team på ein stor arbeidsplass, eller fungere som den einaste IKT-medarbeidaren i ei lita bedrift. Det er stort behov for IKT-kompetanse både i offentleg og privat sektor.

Intervjuer

IIKT medarbeider Jan-Helge Handberg Liverød liker å være til hjelp.

IKT-servicemedarbeider

Jan-Helge Handberg Liverød

Jan-Helge elsker å hjelpe folk og kan tålmodig google i timevis for å finne svar på en henvendelse.

Viktige eigenskapar

Som IKT-servicemedarbeidar har du mykje kontakt med medarbeidarar, kundar og leverandørar. Du må derfor vere flink til å kommunisere, formidle og samarbeide. Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, og vere i stand til å finne informasjon og løysingar på ulike problem. Ei evne til å takle omstilling og endring i eit fagfelt under stadig utvikling kjem godt med.

Lønn

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Med fagbrev i IKT-servicefag, er det mogleg å ta fagskolestudiar innan IT-drift, sikkerheit og nettverksadministrasjon eller ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Dei vanlegaste jobbane blant IKT-servicefagutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 454101 - IKT-servicefaget, Vg3

Bedrifter som ansetter IKT-servicemedarbeidarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med IKT-servicemedarbeidarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3120137 - SYSTEMTEKNIKER (IKT-DRIFT)
  • 3120136 - NETTVERKSTEKNIKER
  • 3120135 - KUNDESTØTTE (IKT)
  • 3120132 - DATAKONSULENT (SUPPORT)
  • 3120130 - BRUKERSTØTTE IKT
  • 3120126 - IT-MEDARBEIDER
  • 3120124 - IT-ASSISTENT
  • 3120123 - DRIFTSKONSULENT (IT SUPPORT)
  • 3120121 - LEDER IT BRUKERSTØTTE
  • 3120110 - DRIFTSTEKNIKER (IT)
  • 2130136 - KUNDEKONSULENT (DATA)
  • 2130112 - IT-BRUKERKONSULENT

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
IT-adminsitrator reparerer en PC

IT-administrator

Som IT-administrator installerer og oppdaterer du maskinvare, programvare og nettverk.
Ein mann reparerer en datamaskin.

IT-konsulent

Ein IT-konsulent har svært gode kunnskapar om datateknologi.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
En statsmeteorolog foran et værkart

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.