IKT-servicemedarbeidar
Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.
Arbeidsoppgaver
Etter fagfornyelsen har lærefaget IKT-servicefag blitt erstatta med IT-driftsfaget og IT-utviklarfaget. Yrkestittelen IKT-servicemedarbeidar blir erstatta med IT-driftsteknikar og IT-utviklar.
Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift, brukarstøtte, opplæring og rådgiving knytt til IKT-løysingar og IKT-infrastrukturar på arbeidsplassar.
Vanlege arbeidsoppgåver for IKT-servicemedarbeidaren:
- hjelpe tilsette på arbeidsplassen med råd og opplæring om IKT
- installere, drifte og halde ved like nettverk og programvare nytta av bedrifta
- bidra i vurderinga av kva IKT-løysingar bedrifta skal satse på
- bidra til å vidareutvikle og effektivisere verksemda ved hjelp av IKT
- sørge for at bedrifta har eit godt digitalt arbeidsmiljø
- ha ansvaret for at forskrifter, lovar og standardar blir følgt
- verne om informasjon og personar
Det daglege arbeidet kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass, men som IKT-servicemedarbeidar må du ha god kjennskap til IKT-systema i den aktuelle bedrifta.
Som IKT-servicemedarbeidar må du til ei kvar tid vere oppdatert på ny teknologi, nye IT-løysingar og nye arbeidsverktøy. Du må kunne meistre teknisk engelsk, sidan brukarrettleiingar ofte er på engelsk.
Mange med IKT-servicefag arbeider som IT-konsulentar. Yrket heitte tidlegare IKT-driftsoperatør.
Kor jobbar IKT-servicemedarbeidarar?
IKT-servicemedarbeidarar jobbar i små og store bedrifter. Du kan vere del av eit IKT-team på ein stor arbeidsplass, eller fungere som den einaste IKT-medarbeidaren i ei lita bedrift. Det er stort behov for IKT-kompetanse både i offentleg og privat sektor.
Korleis er det å jobbe som ikt-servicemedarbeidar?
IT-driftstekniker
Petter Joys
IKT-servicemedarbeider
Jan-Helge Handberg Liverød
Viktige egenskaper for en ikt-servicemedarbeidar
Som IKT-servicemedarbeidar har du mykje kontakt med medarbeidarar, kundar og leverandørar. Du må derfor vere flink til å kommunisere, formidle og samarbeide. Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, og vere i stand til å finne informasjon og løysingar på ulike problem. Ei evne til å takle omstilling og endring i eit fagfelt under stadig utvikling kjem godt med.
Kva tener IKT-servicemedarbeidarar?
Korleis utdannar du deg til ikt-servicemedarbeidar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Med fagbrev i IKT-servicefag, er det mogleg å ta fagskolestudiar innan IT-drift, sikkerheit og nettverksadministrasjon eller ta ingeniørutdanning via y-vegen.
Kva jobbar IKT-servicefagutdanna med?
- 454101 - IKT-servicefaget, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar IKT-servicemedarbeidarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med IKT-servicemedarbeidarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3120137 - SYSTEMTEKNIKER (IKT-DRIFT)
- 3120136 - NETTVERKSTEKNIKER
- 3120135 - KUNDESTØTTE (IKT)
- 3120132 - DATAKONSULENT (SUPPORT)
- 3120130 - BRUKERSTØTTE IKT
- 3120126 - IT-MEDARBEIDER
- 3120124 - IT-ASSISTENT
- 3120123 - DRIFTSKONSULENT (IT SUPPORT)
- 3120121 - LEDER IT BRUKERSTØTTE
- 3120110 - DRIFTSTEKNIKER (IT)
- 2130136 - KUNDEKONSULENT (DATA)
- 2130112 - IT-BRUKERKONSULENT