Gjennomgått i samarbeid med Norske anleggsgartnere, miljø og landskapsentreprenører 10. januar 2022

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.

Arbeidsoppgaver

Som anleggsgartnar jobbar du med nyanlegg, drift og vedlikehald av alle typar uteanlegg. Ofte jobbar du også saman med ein landskapsarkitekt, landskapsingeniørar, anleggsgartnarteknikar og anleggsgartnarmeister. 

Du tar ofte i bruk naturmateriale som jord, planter, stein og tre. Som anleggsgartnar kan du også vere involvert i byggeprosjekt, der oppgåva er å dekkje tak og vegger med plantar.

Vanlege arbeidsoppgåver for anleggsgartnaren:

  • opparbeide og halde ved like hageanlegg, parkar, torg, kyrkjegardar og idrettsanlegg
  • bygge og halde ved like mindre vegar og plassar, trapper, murar, gjerde o.l.
  • utføre natursteinsarbeid i brustein, skifer, granitt o.l. og halde dette ved like
  • utføre og halde ved like plante- og vegetasjonsarbeid

 

Kor jobbar anleggsgartnarar?

Som anleggsgartnar kan du få jobb både innanfor offentleg sektor og i private føretak. Arbeidsplassen kan vere alt frå torg, parkar og leikeplassar til større grøntanlegg ved private eller offentlege bygningar. Også industriområde, bygg- og anleggsnæringa, idrettsanlegg og kyrkjegardar kan vere aktuelle arbeidsplassar, samt tilrettelagde rekreasjonsområde ute i naturen. 

Intervjuer

Anleggsgartner Jens Anker Winther Hansen. Portrett.

Anleggsgartner

Jens Anker Winther Hansen

– Ingen arbeidsplass er finere enn vår når sola skinner, sier Jens Hansen.

Viktige eigenskapar

For å trivast i jobben som anleggsgartnar er det viktig at du er glad i å jobbe ute. Du må ha evna til å sjå for deg korleis terrenget best kan utnyttast. Du må ha estetisk sans og vere kreativ. Du må ha interesse for natur, planter og maskinar, samt like å arbeide med naturlege materialar som stein og tre. 

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Utdanning

Vidareutdanning

Det finst fleire moglegheiter for å studere nærskylde fag på fagskole.

Dei som jobbar som anleggsgartnarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter anleggsgartnarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med anleggsgartnarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 9210114 - HJELPEARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129112 - PARKARBEIDER
  • 7129111 - SPESIALARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129110 - FORMANN (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129108 - FAGARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129107 - BROLEGGER
  • 7129106 - ANLEGGSGARTNER
  • 7129105 - TREPLEIER
  • 7129104 - ANLEGGSGARTNERMESTER
  • 7129103 - GREENKEEPER
  • 7129102 - AVDELINGSGARTNER
  • 5163106 - KIRKEGÅRDSARBEIDER

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bonde bak gjerde med kyr i bakgrunnen.

Bonde

Som bonde er du sjølvstendig næringsdrivande og driv din eigen gard.
En brannforebygger klargjør feierutstyret sitt ved bilen

Brannførebyggar

Ein brannførebyggar, eller feiar som det heitte tidlegare, reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.