Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk 23. januar 2025

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.

Arbeidsoppgaver

Som anleggsgartnar er du med på å byggje utomhusanlegg, og drifte og vedlikehalde desse anlegga. Utomhusanlegg kan vere alt frå veganlegg, torg, parkar, skulegard og leikeplassar, til små og store grøntanlegg for privatkundar, eller rundt offentlege bygningar. Industriområde, idrettsanlegg og kyrkjegardar kan òg vere aktuelle anleggsplassar, samt tilrettelegging av rekreasjonsområde ute i naturen.

I tillegg til å byggje, kan anleggsgartnaren òg drive med skjøtsel av alle desse anlegga. Klippe plen, stelle blomar og bed om sommaren, og beskjere buskar og tre om vinteren. God plantekunnskap er ein del av basiskunnskapen. Mange anleggsgartnarar driv òg med snøbrøyting om vinteren.

Som anleggsgartnar kan du òg vere involvert i byggeprosjekt der regnvatn må handterast, til dømes grøne tak og veggar med plantar, eller regnbed på bakken, for å forsinke og infiltrere regnvatn.

Anleggsgartnaren brukar jord, plantar, treverk, betong, betongvarer, skifer, brostein og granitt som byggemateriale. Dei må kunne bruke eigna reiskap og maskiner til arbeidsoppgåvene.

Anleggsgartnaren jobbar saman med andre faggrupper innanfor bygg- og anleggssektoren på små og store byggeplassar, og ofte etter teikningar og skildringar frå ein landskapsarkitekt.

Vanlege arbeidsoppgåver for anleggsgartnaren:

  • bygge og halde ved like hageanlegg, parkar, torg, kyrkjegardar og idrettsanlegg
  • bygge og halde ved like mindre vegar og plassar, trapper, murar, gjerde o.l.
  • utføre natursteinsarbeid i brustein, skifer, granitt o.l. og halde dette ved like
  • utføre og halde ved like plante- og vegetasjonsarbeid

 

Kor jobbar anleggsgartnarar?

Som anleggsgartnar kan du jobbe i private anleggsgartnarbedrifter som byggjer og vedlikeheld utomhusanlegg, eller bedrifter som har store uteområde som må forvaltast, slik som burettslag, idrettsanlegg, store eigedomsførvaltarar. Ein del startar òg eigne bedrifter. Du kan òg jobbe i kommunar eller andre offentlege organisasjonar, med til dømes bydrift, skjøtsel av parkar og leikeplassar, og kyrkjegårdskjøtsel.

Bli med ein anleggsgartnar på jobb

Korleis er det å jobbe som anleggsgartnar?

Ung kvinne med langt lyst hår, portrettfoto

Anleggsgartner

Anja Marie Christensen

– Jeg valgte å bli anleggsgartner for å kunne arbeide variert, være mye ute, og bruke kreativiteten til å skape noe holdbart, forteller Anja Marie.
Anleggsgartner Jens Anker Winther Hansen. Portrett.

Anleggsgartner

Jens Anker Winther Hansen

– Ingen arbeidsplass er finere enn vår når sola skinner, sier Jens Hansen.

Viktige egenskaper for en anleggsgartnar

For å trivast i jobben som anleggsgartnar er det viktig at du er glad i å jobbe ute i all slags vêr. Du må like å jobbe fysisk med kroppen, like å jobbe i team, vere nøyaktig og etterretteleg. Ha interesse for plantar, og byggje hagar og parkanlegg, og kunne bruke små og store maskiner til ulike oppgåver.

Kva tener anleggsgartnarar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til anleggsgartnar?

Bedrifter: Kor jobbar anleggsgartnarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med anleggsgartnarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 9210114 - HJELPEARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129112 - PARKARBEIDER (GARTNER)
  • 7129111 - SPESIALARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129110 - FORMANN (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129108 - FAGARBEIDER (ANLEGGSGARTNER)
  • 7129107 - BROLEGGER
  • 7129106 - ANLEGGSGARTNER
  • 7129105 - TREPLEIER
  • 7129104 - ANLEGGSGARTNERMESTER
  • 7129103 - GREENKEEPER
  • 7129102 - AVDELINGSGARTNER
  • 5163106 - KIRKEGÅRDSARBEIDER

Andre yrke

Fiskeoppdretter som holder opp en fisk han har henta opp fra merden bak.

Fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)

Som fagoperatør i akvakultur (fiskeoppdrettar) har du ansvaret for den daglege drifta av et akvakulturanlegg.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Rørlegger

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.