Yrkesfaglærar
Arbeidsoppgaver
Yrkesfaglærarar har kunnskap om og underviser i ulike fag. Til dømes bygg- og anleggsteknikk eller helse- og oppvekstfag.
Yrkesfaglærarar deler eiga erfaring frå yrkeslivet sitt, og skal skapa trygge og gode læringsmiljø for framtidige fagarbeidarar. Som yrkesfaglærar skal du planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning for å gi elevane forståelege, yrkesidentitet og motivasjon for å læra meir.
Som yrkesfaglærar kan du bidra til å skapa gode stader for læring. Både i klasserom, på verkstad og i arbeidslivet. Det er eit viktig yrke for både enkeltmenneske og samfunnet.
Som lærer må du hugsa at alle elevar er ulike. Nokon kan trenga ekstra hjelp eller tilrettelegging i undervisninga. Då skal du bidra til å få laga eit pedagogisk opplegg som gjer det enklare for barna å læra. Det kan du gjera saman med ein spesialpedagog.
Du må også klara å møta ulike situasjonar, som til dømes mobbing.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein yrkesfaglærar:
- setja deg inn i læreplanar og læringsmål for faga
- planleggja undervisninga
- vurdera elevane og gi karakterar
- skapa godt eit godt lærings- og klassemiljø
Du samarbeider tett med andre lærarar, rektor, undervisningsinspektør, avdelingsleiar og andre tilsette ved skulen. Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med foreldre.
Kor jobbar yrkesfaglærarar?
Yrkesfaglærarar jobbar i grunnskulen og i yrkesfaglege programområde i vidaregåande opplæring.
Du kan også jobba ved opplæringskontor, folkehøgskular, i vaksenopplæringa eller andre arbeidsplassar som treng den pedagogiske eller faglege kompetansen din.
Bli med ein yrkesfaglærar på jobb
Korleis er det å jobbe som yrkesfaglærar?
Yrkesfaglærer
Henrik Thømt Hjort
Yrkesfaglærer
Helena Gaundal
Viktige egenskaper for en yrkesfaglærar
Som yrkesfaglærar må du like å jobba med menneske. Du må klara å sjå kva kvar enkelt elev er god til, kva dei interesserer seg for og kva dei treng. Du må også sjå elevane som ei gruppe. Dei skal fungera godt saman og styrkja kvarandre.
Du må takla ein arbeidskvardag som er litt uføreseieleg. I tillegg må du oppdatera deg på ny kunnskap og forsking på området.
Kva tener yrkesfaglærarar?
Korleis utdannar du deg til yrkesfaglærar?
Det finst treårig bachelor-yrkesfaglærarutdanning ved tre av universiteta i landet. Lærarutdanning i yrkesfag byggjer på fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og minimum to års relevant yrkespraksis etter fagutdanninga. Dersom det er eit krav for å praktisera i yrket må studenten ha autorisasjon.
Du kan også studera eit profesjonsretta fagfelt på universitet og høgskule (på minst bachelornivå og ha to års yrkesrøynsle), og deretter ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Som lærer har du ei rekkje moglegheiter dersom du ønskjer vidareutdanning. Du kan eksempelvis vidareutdanna deg innan pedagogikk eller du kan fordjupa deg vidare i enkeltfag. Slike vidareutdanningsmoglegheiter blir tilbodne ved dei fleste høgskular og universitet i Noreg.
Kva for ei utdanning er vanlegast for yrkesfaglærarar?
Bedrifter: Kor jobbar yrkesfaglærarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med yrkesfaglærarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3341102 - YRKESFAGLÆRER
- 3341101 - FAGLÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
- 3341103 - ADJUNKT (YRKESFAG)
- 2320109 - PRØVENEMDSMEDLEM
Andre yrke
Lærar
Lektor
Pedagog
Barnehagelærar
Musikkpedagog
Barne- og ungdomsarbeidar
Adjunkt
Grunnskolelærar
Matematiker
Spesialpedagog
Professor