Gjennomgått i samarbeid med Norges taxiforbund 07. oktober 2026

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.

Arbeidsoppgaver

Ein taxisjåførar fraktar passasjerar og får vanlegvis informasjon og oppdrag via ein taxisentral.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein taxisjåfør:

  • køyrer passasjerar mot betaling
  • følgje med på beskjedar frå taxisentralen om kva kundar som skal hentast kvar
  • hjelpa passasjerar med å lasta inn og ut bagasje
  • yta god service gi assistanse til kundar som har behov for det, til dømes sjuke, gamle eller personar med funksjonshemmingar

Du må ha god kunnskap om trafikken og tenka trygging og komfort i alle fasar av arbeidet. Dersom du eig eigen taxi, må du òg ha kunnskap om økonomi, dataverktøy og bil. For å verte taxisjåfør må du ha drosjesjåførkompetanse. Den består av ein teoriprøve. Du kan lese meir om teoriprøven for drosjesjåførkompetanse på Statens vegvesen sine heimesider.

Kor jobbar taxisjåførar?

Taxisjåførar er tilsett hos ein drosjeeigar, og tilslutta ein drosjesentral. Du kan også eige eigen taxi og starte ei eiga bedrift. Du må bestå løyveeksamen for drosje hos Statens vegvesen for å få drosjeløyve.

Korleis er det å jobbe som taxisjåfør?

Dame med svart hår, holder solbriller i hendene. Hun har på rød skjorte. Sitter i en bil.

Taxisjåfør

Tatjana Swensson

– Det jeg liker best med jobben min, er at jeg kan hjelpe dem som ikke kan gjøre så mye selv og at jeg kan være en del av folk sine liv, sier Tatjana.

Viktige eigenskapar for ein taxisjåfør

Som taxisjåfør må du fyrst og fremst like å køyre bil. I tillegg må du takle stressande situasjonar og ha ei positiv innstilling til menneske. Du bør kunne handtere menneskelege og trafikale utfordringar på ein god måte.

Kva tener taxisjåførar?

Korleis utdannar du deg til taxisjåfør?

Du treng inga formell utdanning for å bli taxisjåfør, men for å ha lov til å køyra taxi må du få utskrive køyresetelen til politiet i tillegg til førarkort. Viss det er første gangen du skal ha køyresetel må du først gjennomføra vegvesenets drosjesjåføreksamen.

Når du har fått køyresetel kan du søka jobb hos ein drosjeeigar eller ein taxisentral. Ulike taxisentral kan i tillegg ha ulike krav til kurs.

Dersom du sjølv ønsker å starta ei eiga bedrift og eiga eigen taxi, må du bestå løyveeksamen for drosje hos Statens vegvesen for å få drosjeløyve.

Bedrifter: Kor jobbar taxisjåførar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med taxisjåførar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8321109 - TAXISJÅFØR
  • 8321107 - RESERVESJÅFØR (DROSJE)
  • 8321103 - SJÅFØR (DROSJE)
  • 8321102 - DROSJESJÅFØR
  • 8321101 - BUDSJÅFØR
  • 8321101 - BUDSJÅFØR
  • 8321105 - PIZZASJÅFØR
  • 8321106 - SJÅFØR (BUDBIL)

Andre yrke

Logistikkoperatører henter varer på et lager

Logistikkoperatør

Ein logistikkoperatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.
Postbud leverer post

Postbod

Eit postbod jobbar med å sortere og distribuere post, både til privatpersonar og bedrifter.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Kulde- og varmepumpemontør i arbeid

Kulde- og varmepumpeteknikar

Ei kulde- og varmepumpeteknikar er ein elektrofagarbeider som monterer, held ved like og rettar feil på kuldeanlegg og varmepumper.
Bilde av en kvinne som sitter foran en PC og snakker i et headset

Supportkonsulent

Ein supportkonsulent hjelper brukarar med tekniske problem. Både brukarar internt i bedrifta, og eksternt hos kundar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
En kvinne står bak en lang skranke. Hun har brun hestehale og har på seg en mørkeblå dressjakke. Hun står foran en PC som viser en slags tabell. Foran henne kan man se et hvitt rekkverk. Ved siden av henne er flere andre skjermer og en hylle med diverse permer og annet utstyr.

Resepsjonist

Resepsjonisten er ansiktet til hotellet utover, og sørger for at gjestene får eit flott opphald ved å gi dei god service, og god informasjon.