
Sveisar
Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Arbeidsoppgaver
Som sveisar er jobben din å utføre sveisearbeid på ulike konstruksjonar av metalliske materialar. I dag går om lag halvparten av stålproduksjonen i verda til sveisa konstruksjonar og produkt. Dagens sveisemetodar gjer det mogleg å sveise dei aller fleste metall.
Ein sveisar jobbar med å sveise saman metallkonstruksjonar, alt frå små elektronikkdelar til store konstruksjonar. Du kan jobbe med sveising av båtar, bygg, maskinar og delar til industrien. Arbeidet varierer etter kvar du jobbar og med kva produkt. Arbeidstida kan og variere.
Det finst mange sveisemetodar, men det er to hovudgrupper:
- pressveising, der du må bruke press for å føre delane saman
- smeltesveising, der delane blir smelta saman ved hjelp av varme, men utan å bruke press
Vanlege arbeidsoppgåver for ein sveisar:
- jobbe etter arbeidsinstruksjonar, teikningar og sveiseprosedyrer (WPS)
- handtere materialar, hjelpestoff og verktøy for materialhandsaming
- utføre sveiseprosessar etter ein gitt metode
- vedlikehald og feilsøking på sveiseutstyr
Du kan kombinere sveisaryrket med klatring og dykking.
Kor jobbar sveisarar?
Som sveisar jobbar du innan mellom anna kjemisk og mekanisk industri, skipsbygging, treforedling og i oljeverksemd både på land og til havs.
Bli med ein sveisar på jobb
Korleis er det å jobbe som sveisar?

Sveisetekniker
Nathalie Hayes

Sveiser
Ann-Kristin Vågen
Viktige egenskaper for en sveisar
Som sveisar må du vere i stand til å arbeide sjølvstendig, men òg kunne samarbeide med andre. Du treng anlegg for praktisk arbeid og evne til å jobbe nøyaktig og planmessig. Det er viktig å vareta eigen og andre sin tryggleik når du arbeider.
Kva tener sveisarar?
Korleis utdannar du deg til sveisar?
Videreutdanning
Etter- og videreutdanning
Med godkjent utdannings- og erfaringsbakgrunn kan du vidareutdanne deg til sveiseinspektør i regi av Norsk Sveiseteknisk Forbund. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.
Kva jobbar sveisarutdanna med?
- 455239 - Sveisefaget, Vg3
- 555224 - Fagskoleutdanning, sveiseteknologi med internasjonal sertifisering, toårig
- 555214 - Fagskoleutdanning, sveiseteknikk
- 555206 - Teknisk fagskole, linje for sveiseteknologi
- 455234 - Plate-, sveise- og stålkonstruksjonsfag, videregående, avsluttende utdanning
- 555235 - Fagskoleutdanning, sveising for leverandørindustrien, 10 studiepoeng
Bedrifter: Kor jobbar sveisarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med sveisarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 7212108 - SVEISER
- 7212113 - SPESIALARBEIDER (SVEISING)
- 8281105 - MONTØR (TEKNISKE HJELPEMIDLER)
- 8281101 - MONTØR (PRODUKSJON AV TRANSPORTMIDLER)
- 7212119 - MPI-KONTROLLØR (SVEISING)
- 7212118 - SENIOR SVEISEINSPEKTØR
- 7212117 - SVEISEINSPEKTØR
- 7212112 - FORMANN (SVEISING)
- 7212110 - FAGARBEIDER (SVEISING)
- 7212107 - RØRSVEISER
- 7212103 - GASSVEISER
- 7212121 - SVEISEKOORDINATOR (FAGARBEIDER)
Andre yrke

Anleggsgartnar

Anleggsmaskinførar

Anleggsmaskinmekanikar

Arkitekt

Asfaltør

Betongfagarbeidar

Biokjemikar

Biolog

Bioteknolog

Blomsterdekoratør

Brannførebyggar
