Gjennomgått i samarbeid med Norsk Sykepleierforbund 06. mars 2024

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar innan psykisk helse hjelper du menneske som har psykiske helseutfordringar.

Arbeidsoppgaver

Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse er sykepleiarar med spesialisering innan psykisk helsearbeid.

Som spesialsjukepleiar har du ei viktig rolle når det gjeld blant anna å hjelpe og rettleie menneske til å ha det bra og meistre utfordringar dei møter på.

Det pasienten eller brukaren slit med, kan vere alt frå lettare psykiske lidingar, som angst og depresjon, til meir alvorlege lidingar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein spesialsjukepleiar innan psykisk helse:

  • førebygge lidingar 
  • hjelpe til med å finne ut kva pasienten slit med
  • hjelpe pasienten til å meistre kvardagen sin, blant anna ved å ha samtalar med pasienten og familien
  • organisere aktivitetar og treningsopplegg, enten individuelt eller i grupper der pasienten møter andre i liknande situasjon
  • hjelpe pasienten med eventuelle andre sjukdommar
  • rettleie og undervise kollegaer, sjukepleiarstudentar, pasientar og familiane deira i psykisk helse
  • hjelpe til når det oppstår større krisesituasjonar i kommunen, som til dømes ved store ulukker der du hjelper til dei skadde og familiane deira

Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse samarbeider ofte med andre yrkesgrupper, slik som psykologar, psykiatere, vernepleiere og sosionomar. I nokre tilfelle også fysioterapeutar og ergoterapeutar.

Kor jobbar Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse?

Dei fleste psykiatriske sjukepleiarar arbeider på større sjukehus, distriktspsykiatriske sentre eller i kommunehelsetenesta.

Kommunehelsetenesta er til dømes heimebaserte tenester, helsestasjon, ulike tilbod innanfor rus og psykisk helsearbeid. Spesialsjukepleiarar kan også jobbe innan administrasjon og leiing, eller dei kan drive med fagutvikling og forsking. 

 

Korleis er det å jobbe som spesialsjukepleiar innan psykisk helse?

Mann i blå fleecejakke sitter på en svart kontorstol ved et skrivebord. Det står et tastatur, en printer og en pc der. Det er en større printer i bakgrunnen. Mannen holder opp et pillebrett mens han ser i kameraet.

Spesialsykepleier innen psykisk helse og rus

Kjell Vidar Valseth

– Gjennom samtaler får jeg bruke meg selv faglig og menneskelig, og det gir meg stor mening å hjelpe andre til å finne håp, ressurser og nye perspektiver, forteller psykiatrisk sykepleier Kjell Vidar.
Med et stort smil åpner Christina Livgard til Prindsen Mottaksenter i Oslo. Et lavterskeltilbud for den hardeste rusen i hovedstaden.

Spesialsykepleier innen psykisk helse og rus

Christina Livgard

Skadereduksjon og overdoseforebygging er selve kjernen i jobben til Christina Livgard. På mottakssenteret i Oslo sentrum er døra åpen for de som trenger det.

Viktige egenskaper for en spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar må du like å arbeide med menneske, og vere god til å samarbeide med andre. Du må vere ansvarsbevisst og vere i stand til å vise empati og omsorg.

Kva tener Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse?

Korleis utdannar du deg til spesialsjukepleiar innan psykisk helse?

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse byggjer på grunnutdanninga treårig bachelorgrad i sjukepleie. Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ofte organisert som eit deltidsstudium over to år, tilsvarande 60 studiepoeng. Utdanninga kombinerer teori og praksis. Det blir meir og meir vanleg å ta mastergrad i psykisk helsearbeid.

Kva jobbar sjukepleiarar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid med?

  • 669917 - Videreutdanning for helse- og sosialsektoren, psykisk helsearbeid
  • 661117 - Videreutdanning i sykepleie, psykiatrisk sykepleie
  • 661104 - Sykepleiehøgskole, treårig grunnutdanning.

Bedrifter: Kor jobbar Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med Spesialsjukepleiarar innan psykisk helse

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2230122 - PSYKIATRISK SYKEPLEIER

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Kvinnelig vernepleier hjelper mann i rullestol med en mobiltelefon.

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Illustrasjonsbilde av logoped som forklarer ordlyd til et barn

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
Miljøterapeut i svømmebasseng med bruker

Miljøterapeut

Miljøterapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.